Ellen Øseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Øseth

Fødd29. april 1979
NasjonalitetNoreg

Ellen Øseth (fødd 29. april 1979) er ein norsk master i fiskerifag og SV-politikar. Ho har vore tilsett ved Norsk Polarinstitutt i ei årrekkje, frå 2022 som assisterande direktør. Øseth har også vore fylkespolitikar i Troms fylke, og statssekretær i Miljøverndepartementet.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Øseth studerte frå 2001 til 2008 fiskerifagstudiet ved Noregs fiskerihøgskole ved Universitetet i Tromsø, og oppnådde mastergrad i faget. Ho skreiv hovudoppgåve om forvalting av kongekrabbe.[1]

Frå 2009 til 2017 var ho klimarådgivar og seniorrådgivar i Norsk Polarinstitutt.[2] Frå 2017 til 2022 var ho seksjonsleiar i Miljørådgivningseksjonen same stad. Frå 1. januar 2022 var ho tilsett som assisterande direktør ved polarinstituttet.[3]

Frå 2003 til 2019 var Øseth fylkespolitikar i Troms for SV.[3] I 2013 vart ho utnemnd til statsekretær for miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «(+) – Gleder meg veldig til å ta en større del i den strategiske ledelsen av Norsk Polarinstitutt.», www.svalbardposten.no (på norsk bokmål), 7. januar 2022, henta 6. august 2023 
  2. «Statssekretær Ellen Øseth (SV)», regjeringen.no.
  3. 3,0 3,1 Polarinstitutt, Elin Vinje Jenssen / Norsk (6. januar 2022), «Ellen Øseth er ny assisterende direktør ved polarinstituttet», www.npolar.no (på norsk bokmål), henta 6. august 2023 
  4. «Ellen Øseth er ny statssekretær i Miljøverndepartementet»». regjeringen.no. 1. mars 2013.