Ellen Aslaksdatter Skum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ellen Aslaksdatter Skum
Fødd 26. mai 1827
Død

10. februar 1895

Ellen Aslaksdatter Skum (26. mai 182710. februar 1895) var ein norsk reindriftssame frå Kautokeino. Ho deltok i Kautokeino-opprøret i 1852.

Ellen Skum var gift med Mathis Jacobsen Hætta. Dei hadde begge slutta seg til ei ytterleggåande religiøs gruppering, inspirert av Lars Levi Læstadius. I februar 1852 vart ho dømd til 1 ½ års straffarbeid etter at ho i lag med 21 andre samar vart dømd for å ha forhindra gudstenesta i Skjervøy kyrkje 6. og 7. juni 1851. Mannen hennar vart dømd til 8 månaders straffarbeid. I tillegg vart dei dømde til å betale sakskostnadene, som var så store at mange av dei stod i fare for å miste alle reinsdyra sine.

Medan Mathis vart sett i fengsel, slutta Ellen seg til ein storsiida i lag med familiene til mange av dei andre som vart dømde. Siidaen var dominert av ei ytterleggåande religiøs gruppering. Læstadius hadde eit møte med denne grupperinga i mars 1852, men dei ville ikkje lenger ta imot rettleiing frå han. Utpå sommaren ville styresmaktene hente Ellen Skum til soning, men ho nekta å bli med. Ho fekk då vite at ho ville bli henta med makt om ho ikkje reiste frivillig, men folket i siidaen lovte å passe på Ellen og sa at ingen fekk hente henne frå dei. Sidan kom lensmann Bucht til siidaen for å ta henne i arrest — utan å finne henne.

Ellen Skum deltok aktivt då folket frå siidaen 8. november 1852 gjekk til angrep på huset til brennevinshandlaren i Kautokeino og drap både denne og lensmannen. Ho var med å piske huslyden til handelsmannen og soknepresten for å tvinge dei til å omvende seg.

14. februar 1854 vart Ellen i høgsterett, likt fire andre opprørarar, dømd til døden for si deltaking i opprøret. Ho fekk seinare omgjort straffa til livsvarig straffarbeid, og sona på tukthuset i Trondheim[1] Ho fekk nåde og slapp ut etter 13 år, i 1867. Etter soninga flytta ho heim til mannen i Kautokeino. I 1875 budde dei på ein statleg rydningsplass i Soattefielbma i Kautokeino. Ho døydde som enkje 10. februar 1895.

Figuren Elen Skum, spelt av finske Anni-Kristiina Juusos, hadde hovudrolla i filmen Kautokeino-opprøret av Nils Gaup (2008).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. digitalarkivet
  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).
  • Klokkarbok for Kautokeino 1877-1896