Ellen DeGeneres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ellen DeGeneres
Dato: 23. februar 2009

Ellen Lee DeGeneres (fødd 26. januar 1958 i Louisiana) er ein amerikansk standupkomikar, skodespelar og talkshowvert.

Ellen har sidan 2003 hatt sitt eige talkshow, som heiter The Ellen DeGeneres Show. Showet vert mellom anna sendt i NoregTV 2 og på TV 2 Bliss.

Frå 1994 til 1998 spelte Ellen i sitcomserien Ellen, som opphavleg hadde namnet These Friends of mine. Ellen hadde hovudrolla som Ellen Morgan. I sesong fire stod rollefiguren Ellen Morgan fram som lesbisk, i episoden som fekk namnet The Puppy Episode. Det same gjorde Ellen DeGeneres, ved å stadfeste på framsida av Time Magazine, at "Yep, I'm Gay!" Serien blei avslutta etter sesong fem, grunna låge sjåartal. I 2001 spelte Ellen DeGeneres i ein ny sitcom, The Ellen Show. Denne serien vart avslutta etter berre éin sesong. Betty White har mellom anna hatt ei gjesterolle i serien.

Ellen har leidd ei rekkje prisutdelingar, mellom anna The Emmy Awards og The Academy Awards og vore meddomar i programma So You Think You Can Dance og American Idol.

Ellen bur i Beverly Hills saman med kona, Portia de Rossi (Portia Lee James DeGeneres), tre hundar og fire kattar. Både Ellen og Portia er veganarar.