Ellen Inga O. Hætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Inga O. Hætta

Fødd17. juni 1953
Kautokeino kommune
Død22. februar 2023 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, embetsperson, skuleleiar
Alle verv

Ellen Inga Brita Olavsdatter Hætta (1953–2023)[1][2][3] var ein norsk samisk rektor, reindriftssjef og Høgre-politikar frå Kautokeino.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Hætta var utdanna ålmennlærar og arbeidde mange år i skuleverket i Kautokeino. Ho var ordførar i Kautokeino frå 1988 til 1991 og sat fleire periodar i kommunestyret, som representant for Høgre.[4]

Hætta var direktør i Samisk utdanningsråd frå 1994 til 1999, avdelingsdirektør i Sametingets administrasjon frå 1999 til 2001, sjef for Statens reindriftsforvaltning frå 2001 til 2010 og rektor ved Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino frå 2011.[4]

Hætta var statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet med ansvar for samiske spørsmål frå 2004 til 2005, då Erna Solberg var kommunalminister i Bondevik-regjeringa.[4]

I 2014 oppnemnde kulturminister Thorhild Widvey Hætta som medlem av styret i NRK. Ho var den første samiske personen i dette styret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ellen Inga O. Hætta er død». NRK/Troms og Finnmark. 22. februar 2023. 
  2. Tom Skoglund (22. februar 2023). «Ellen Inga O. Hætta er død: – Et stort tap for hele det samiske samfunnet». Altaposten (på norsk). Henta 22. februar 2023. «Ektefelle, tre barn og ni barnebarn har mistet en av sine nærmeste. Det samiske samfunnet har mistet en bauta.» 
  3. «Ellen Inga O. Hætta er død». Høyre. 22. februar 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Ellen Inga Hætta statssekretær i KRD». Kommunal- og regionaldepartementet. 15. oktober 2004.