Ellen Johnson Sirleaf
Utsjånad
| Ellen Johnson Sirleaf | |||
| | |||
| Fødd | 29. oktober 1938 (87 år) Monrovia | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Liberia | ||
| Religion | metodisme | ||
| Yrke | politikar, samfunnsøkonom, gründer, skribent | ||
| Institusjonar | Verdsbanken Citibank HSBC FNs utviklingsprogram Open Society Initiative for West Africa | ||
| Utdanna ved | University of Colorado Boulder Harvard University Harvard Kennedy School College of West Africa Madison Business College University of Wisconsin–Madison University of Colorado | ||
| Medlem | Alpha Kappa Alpha The Links, Incorporated The Elders | ||
| Alle verv | |||
Ellen Johnson Sirleaf (fødd 29. oktober 1938) er ein liberisk politikar som i november 2005 blei vald til president i Liberia. Ho er den første demokratisk valde statsleiaren i Afrika som er kvinne. Ho fekk Nobels fredspris i 2011.
Sirleaf leier Unity Party, Einingspartiet, i Liberia. Ho har tidlegare vore finansminister i regjeringa til William Tolbert frå 1970. Ho stilte som kandidat til senatet i 1985 og uttalte seg då imot militærregimet i landet, noko som gav henne ein dom på ti års fengsel. Etter kort tid i fangenskap blei ho sloppen fri og drog i eksil. I 1997 kom Sirleaf tilbake til Liberia som økonom for Verdsbanken og Citibank i Afrika.