Ellen van Langen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ellen van Langen
Fødd 9. februar 1966
Oldenzaal
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

Ellen Gezima Maria van Langen (fødd 9. februar 1966) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oldenzaal som vart olympisk meister på 800 meter under Sommar-OL 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha drive med fotball og friidrett til 1986, satsa Langen på springing frå neste sesong. Ho fekk sitt nasjonale gjennombrot på 800 meter i 1989 då ho som relativt ukjend vart nederlandsk meister på distansen. Under europameisterskapen 1990 vart ho nummer fire på tida 1.57,57, to sekundar under den gamle nederlandske rekorden på 800 m. Året etter gjorde ho fleire gode løp på spesialdistansen, men lukkast ikkje å ta seg til finalen ved VM 1991 i Tokyo.

I slutten av juni 1992 forbetra Langen sin eigen nasjonale 800-meterrekord til 1.56,66 i eit stemne i Hengelo. Vel fem veker seinare, i finalen under Sommar-OL 1992 i Barcelona, gjorde ho unna sitt livs løp på 800 meter. Spurtsterk som ho var, slo ho storfavoritten frå Russland, verdsmeister Lilija Nurutdinova med eit lite halvsekund og bronsevinnar Ana Fidelia Quirot frå Cuba med godt over sekundet. Vinnartida 1.55,54 er 25 år seinare framleis nederlandsk rekord. Langens olympiske gullmedalje var den fyrste til ein nederlandsk utøvar i løpsøvingane på 44 år.

Frå 1993 til ho la opp i 1998, var Langen ofte plaga med skadar. Ho deltok korkje i VM 1993 eller EM 1994. I sitt siste store meisterskap, VM 1995 i Göteborg, kom ho i mål til ein sjetteplass på 800 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]