Ellesmere Port
| Ellesmere Port | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cheshire | ||
| Distrikt | Cheshire West and Chester | ||
| Folketal | 61 090 (2011)[1] | ||
| Postnummer | CH65, CH66 | ||
| Retningsnummer | 0151 | ||
![]() Ellesmere Port 53°16′44″N 2°53′49″W / 53.279°N 2.897°W | |||
| Wikimedia Commons: Ellesmere Port | |||
Ellesmere Port er ein stor industriby og lastehamn i distriktet Ellesmere Port and Neston i Cheshire i England. Byen ligg nord for Chester, og har opp under 60 000 innbyggjarar. Byen ligg ikkje langt frå grensa til Wales, og fleire av innbyggjarane i byen er walisarar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Byen er hovudsakleg industriell, og er dominert av oljeraffineriet til Shell på Stanlow og ein tidlegare ICI kjemisk verkstad. Byen er òg heimstad for ein Vauxhall Motors-fabrikk, der Opel Astra blir for produsert Storbritannia. Det er nokre turistattraksjonar, som båtmuseèt og «Blue Planet Aquarium».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Ellesmere Port vart stifta som ein utpost mot havet etter at Ellesmerekanalen vart bygd. Kanalen vart designa av William Jessop og Thomas Telford, for å binde saman elvane Severn, Mersey og Dee. Berre Mersey og Dee vart bundne saman, i 1795, sambandet til Severn vart aldri fullført. Kanalen vart forbunde til Mersey i ein landsby med namnet Netherpool, og området var kjent som Whitby Locks.
Landsbyen Netherpool endra gradvis til «Port of Ellesmere», og frå 1800-talet til Ellesmere Port. Det hadde vore busetjing i området sidan Domesday Book vart skriven. Mange av landsby- og stadnamna i området stammar frå gammalnorrønt, i likskap med store delar av Wirral-halvøya, som har vore busett av vikingar.
Etter opninga av Manchesterkanalen i 1894 og oljeraffineriet på Stanlow på 1920-talet voks byen slik at han fekk Great & Little Sutton, Hooton, Whitby, Overpool og Rivacre som forstader. I 1962 auka behovet for bustader enormt etter at Vauxhall Motors opna fabrikk i Ellesmere Port.
Dei siste 20 åra har fleire fabrikkar stengt, og arbeidsplassar gått tapt, men folkesetnaden har auka og det har kome mange nye butikkar. Likevel er næringslivet i Ellesmere Port fortsett basert på industri.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]- John Prescott, britisk politikar og minister, gjekk på skule i Ellesmere Port.
- Beverley Hughes, britisk politikar og minister
- Rob Jones, fotballspelar
- Johannah Leedham, basketballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Ellesmere Port» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.
