Ellie Greenwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellie Greenwich

Fødd23. oktober 1940(1940-10-23)
FødestadBrooklyn i New York i USA
Død26. august 2009 (68 år)
DødsstadManhattan i New York i USA
FødenamnEleanor Louise Greenwich
OpphavUSA
Aktiv1958 - 2009
SjangerRock and roll
Instrumentlåtskrivar, vokal
Tilknytte artistarThe Ronettes, The Crystals, Neil Diamond, Manfred Mann, The Shangri-Las, The Raindrops, Tommy James & the Shondells, Bob B. Soxx & the Blue Jeans, Lesley Gore
PlateselskapBell Records
Verka somLåtskrivar, korsongarinne, plateprodusent
Gift medJeff Barry
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Eleanor Louise «Ellie» Greenwich (23. oktober 194026. august 2009)[1] var ein amerikansk popsongar, låtskrivar, og plateprodusent. Ho skreiv eller var medlåtskrivar på «Be My Baby», «Christmas (Baby Please Come Home)», «Da Doo Ron Ron», «Leader of the Pack», «Do Wah Diddy Diddy» og «River Deep, Mountain High», blant mange andre. Slik var ho med å forme og gjere jentegruppestilen populær tidleg i 1960-åra med grupper som The Ronettes, The Shangri-Las og The Crystals.[2] I prosessen vart ho ein av dei mest respekterte poplåtskrivarane i denne perioden.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I ungdomen brukte Greenwich fritida si i lokale platesjapper i heimstaden Hicksville i New York. Eigaren av butikkej introduserte Greenwich for somme talentspeidarar og etter kort tid var ho i studio og spelte inn ein singel for MCA under namnet Ellie Gaye. Singelen gjorde det dårleg, men ho traff tilfeldigvis låtskrivaren Jeff Barry i 1962 på ein fest, og etter kort tid byrja dei to å skrive songar i lag, og vart etter kvart eit ektepar. Etter å ha skrive songar i løpet av nokre få månader, fekk duoen ein avtale med den kjende Brill Building, der andre låtskrivarlag som Leiber og Stoller, King og Goffin, og Mann og Weil var i ferd med å få suksess. Greenwich og Barry vart teken under vengjene til Leiber og Stoller, og byrja å skrive og produsere for det kortvarige selskapet til Phil Spector, Philles. Det var i denne perioden at Greenwich skreiv nokre av dei mest kjende songane sine, som «Da Do Ron Ron» og «Be My Baby». Greenwich og Barry spelte òg inn eit album under namnet The Raindrops, og fekk ein hit med «The Kind of Boy You Won't Forget».

I 1964 slo Greenwich og ektemannen hennar seg saman med Leiber og Stoller for å skrive musikk for selskapet deira Red Bird. Det var med Red Bird at jentegruppestilen deira verkeleg vart forma av Greenwich, Barry, Leiber, Stoller og produsenten George «Shadow» Morton. Med songar for The Dixie CupsChapel of Love») og the Shangri-Las («Leader of the Pack»), produserte Red Bird-tilsette plater med tekstar om kjærleik som samsvarte med den kompliserte og sofistikerte musikken.[2] Greenwich heldt fram å skrive hitplater med Jeff Barry, som den kjende «River Deep, Mountain High» og The Beach Boys sin «I Can Hear Music», frå 1969, men som låtskrivarlaget Cynthia Weil og Barry Mann, enda låtskrivarpartnareskapen deira då ekteskapet tok slutt. Greenwich heldt fram i musikkindustrien og spelte inn eit visealbum for Verve Records i 1973 og song korvokal for mange av dei største rockestjernene i 1970-åra. I 1984 var ho medverkande i ein musikal basert på livet hennar kalla Leader of the Pack.

Ellie Greenwich døydde av hjarteinfarkt i august 2009 etter å ha lege på sjukehus for lungebetennelse i New York City. Ho var då 68 år gammal.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vart Greenwich og Barry innlemma i Songwriters Hall of Fame. I 2004 laga Rolling Stone ei liste over dei 500 beste songane i rockehistoria, og lista inneheldt seks songar av Greenwich-Barry, meir enn noko anna låtskrivarteam.[3] I 1964 aleine skreiv duoen songar for 17 singlar som nådde Billboard Hot 100-lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Profile[daud lenkje], theatermania.com; accessed 15. januar 2014.
  2. 2,0 2,1 2,2 Ellie GreenwichAllmusic.
  3. «Ellie Greenwich, who has died aged 68, co-wrote some of the most enduring pop songs of the 1960s». The Daily Telegraph (London). 27. august 2009. Henta 15. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]