Hopp til innhald

Elling A. Seljeset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elling A. Seljeset
Fødd2. september 1861
Død

1951 (89 år)

Yrkemusikar

Elling Andreas Andersson Seljeset (2. september 18619. mai 1951) var ein gardbrukar og folkesongar frå Seljeset i Hornindal i Sogn og Fjordane. I tillegg dreiv han som ljåsmed og navresmed.

Seljeset samla og formidla kveding frå Hornindal. Han hadde songtradisjon frå foreldra, Anders Ellingssen Seljeset (1836-1857)?? og Synneve Andersdatter Vinsrygg Seljeset (1830-1886). Ein viktig læremeister for Elling A. Seljeset var Anders R. Nygard (1830–1906), som også var syskenbarnet til far hans. Farmor til Elling A. Seljeset var spelekvinna Samuline Seljeset.

Elling A. Seljeset song i mange ulike samankomstar, mellom anna gravferder og bryllaup. NRK gjorde lydopptak av Seljeset i 1939, og desse opptaka blei mellom anna sende i radioprogrammet Folkemusikkhalvtimen ved Rolf Myklebust i 1961.

Elling A. Seljeset og kona Ivrine Pedersdotter fekk 12 born, mellom andre Anders Ellingsen Seljeset og Marta Seljeset Frøland. Elling A. Seljeset var farfar til folkemusikaren Elling Seljeset den yngre.