Elling Bolt Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elling Bolt Holst

Fødd19. juli 1849
Drammen kommune
Død2. september 1915
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, universitetslærar, biograf, barnebokforfattar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarSophus Lie
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Elling Bolt Holst (fødd 19. juli 1849 i Drammen, død 2. september 1915) var ein norsk matematikar og forfattar.

Holst var elev av Sophus Lie, og han studerte geometri under Felix Klein. Etter studium i Paris og England tok han doktorgraden (dr. philos) i 1882 med avhandlinga: Et par syntetiske methoder, især til brug ved studiet af metriske egenskaber. Holst vart i 1891 overlærer ved Kristiania tekniske skole og frå 1894 dosent i matematikk ved Universitetet i Kristiania. Han var tilsett ved universitetet fram til avskjeden sin i 1912.

Han fekk i 1878 kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Om Poncelets betydning for geometrien. Han skreiv òg biografiar om dei norske matematikarane Sophus Lie, Cato Maximilian Guldberg, Carl Anton Bjerknes og Niels Henrik Abel. Holst var kjend som ein dugeleg lærar og ein god miljøskapar. Han er òg kjend for barnebøkene sine (blant anna Norsk billedbok for barn).

Holst var formann i styret for Nasjonalgalleriet 1897–1905 og medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1881. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]