Elling Nikolai Alsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elling Nikolai Alsvik (fødd 1941) er norsk magister i etnologi, med historie og nordisk arkeologi, frå Universitetet i Oslo. Han var vitskapleg assistent ved Glomdalsmuseet, Elverum 1967–1970, museumsstyrar/førstekonservator ved Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum 1971–1989, og deretter leiar og førstekonservator NMF for avdelinga Kulturarvsforvaltning ved dette museet fram til 2008. Han har skrive ei rekke artiklar om fleire kulturhistoriske emne og dessutan emne med tilknyting til samlingane og arbeidet til museet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Mellemsether, E. Reiersen, P. I. Søholt, red. (2009). "En Smuk Fremtid". Trøndelag Folkemuseum Sverresborg 100 år. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. s. 261.