Ellingsøy Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ellingsøy IL)

Ellingsøy Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Ellingsøya i Ålesund kommune. Idrettslaget vart skipa i 1945 og er aktivt med i badminton, fotball, handball og cheerleading. Laga til Ellingsøy IL spelar i gule trøyer og elles blå fargar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget til Ellingsøy IL markerte seg i dei fyrste 1970-åra. Etter opprykk frå 5. divisjon hausten 1971 gjekk laget heilt til topps i 4. divisjon Sunnmøre i 1973-sesongen. I 1974-sesongen deltok Ellingsøy i 3. divisjon Møre, ei serieavdeling der Sunndal IL stod att som vinnar ved sesongslutt. Av dei ti laga i avdelinga vart Ellingsøy nummer ni og rykte ned saman med Herd. Allereie hausten året etter rykte laget ned ytterlegare ein divisjon. Så frå 1976 deltok Ellingsøy IL i 5. divisjon. Sidan den tid har laget veksla mellom å spele på nivå 4 til 7.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Den seinare landslagsmålvakta Sten Grytebust var Ellingsøy-spelar frå 2005 til 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]