Ellinikós Telikós 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ellinikós Telikós 2012 var ein gresk musikktevling som fann stad 12. mars 2012 på kjøpesenteret River West i Aten i Hellas, der vinnaren fekk representere Hellas i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Ellinikí Radiofonía Tileórasi kunngjorde 30. januar 2012 at dei ville kutte i kostnadene på grunn av den økonomiske krisa i Hellas.[1] Kringkastaren ville ikkje bruke penger på innspeling og produsjon av songbidraga, og Universal Music Greece var det einaste plateselskapet som aksepterte desse vilkåra.[2]

28. februar 2012 vart Cassiopeia, Dora, Elefthería Eleftheríou og Velvet Fire presentert som dei fire artistane via Ellinikí Radiofonía Tileórasi sin offisielle Eurovision-nettstad, Facebook og Twitter.[3] Vinnarbidraget vart «AphrodisiacAphrodisiac» av Elefthería Eleftheríou, som vart valt med ein kombinasjon av juryrøyster og sjåarrøyster.[4] Etter tevlinga promoterte Eleftheríou bidraget gjennom ein kampanje på Internett.[2]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

# Artist Song Låtskrivar
1 Dora «Baby I'm Yours» Hush Hush (Franc, Ilias Pantazopoulos), Nektarios Tyrakis
2 Cassiopeia «Killer Bee» Christos Dantis, Leonidas Chantzaras
3 Velvet Fire «No Parking» George Samuelson, Leonidas Chantzaras
4 Elefthería Eleftheríou «Aphrodisiac» Dimitris Stassos, Mikaela Stenström, Dajana Lööf

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kontogiannis (22. august 2012). «Greek cuts to be deeper than trailed» (engelsk). Financial Times. Henta 7. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Toronidis (17. november 2011). «ERT begins preparations» (engelsk). ESCDaily. Henta 7. desember 2014. 
  3. Pozzi (23. februar 2012). «Four entries to be previewed February 28th» (engelsk). ESCDaily. Henta 7. desember 2014. 
  4. Staff (10. mai 2012). «Representing Greece is Eleftheria Eleftheriou with the song 'Aphrodisiac'» (engelsk). British Broadcasting Corporation. Henta 7. desember 2014.