Ellisif Wessel
| Ellisif Wessel | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 14. juli 1866 Gausdal kommune |
| Død |
28. november 1949 (83 år) |
| Yrke | skribent, fotograf, redaktør, fagforeiningsleiar, barnebokforfattar, omsetjar, lyrikar, journalist, Sosialist |
| Politisk parti | Arbeidarpartiet |
| Ektefelle | Andreas Wessel |
| Ellisif Wessel på Commons | |
Ellisif Rannveig Wessel (fødd Müller, 14. juli 1866–28. november 1949) var ein av pionerane i den norske arbeidarrørsla, skjønnlitterær og faglitterær forfattar, redaktør og amatørfotograf. Ho var fødd i Austre Gausdal og døydde i Kirkenes.
Ellisif var gift med syskenbarnet sitt, Andreas Wessel, og frå 1886 busett saman med han i Kirkenes, der han var distriktslege. Ho gjorde eit viktig arbeid for den faglege og politiske arbeidarrørsla i Finnmark, mellom anna ved å skipe fagforeininga Nordens Klippe i Kirkenes i 1906.
Forfattarverksemda hennar femnar om både skjønnlitteratur og faglitteratur. Ho var lyrikar og utgav fleire diktsamlingar og skreiv dikt i arbeidaraviser, ho stod for politisk oppseding av born i form av barneboka Den lille socialist frå 1914, ho gav ut eit tidsskrift og ho skreiv fleire artiklar i arbeidaraviser. Hennar virke som amatørfotograf gav som resultat ei verdifull kulturhistorisk fotosamling frå Sør-Varanger.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Døme på kulturhistoriske fotografi som Ellisif Wessel har teke
- Wikan, Steinar. 2008. Ellisif Wessel : en biografi. Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-3141-5
Denne samfunnsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |