Ellsworth Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Antarktis

Ellsworth Land er den delen av Antarktis som i vest grensar til Marie Byrd Land, i nord til Bellingshausenhavet, i nordaust til foten av Den antarktiske halvøya, og ia ust til dei vestlege områda av Ronne isbrem.[1] Landområdet strekkjer seg mellom 103°24'V og 79°45'V. Området vest for 90°V har ingen nasjonar gjort krav på, medan området mellom 84°V og 90°V berre er gjort krav på av Chile, medan resten er gjort krav på av Chile og Storbritannia som ein del av Britisk Antarktis. Eights Coast strekkjer seg mellom 103°24'V og 89°35'V, og Bryan Coast mellom 89°35'V og 79°45'V.

Landområdet er eit høgtliggande isplatå, men omfattar dei majestetiske Ellsworth Mountains og fleire spreidde fjellgrupper som Hudson, Jones, Behrendt, Hauberg, Merrick, Sweeney og Scaife Mountains.[1]

Landområdet ligg næer midten av området som vart undersøkt av den amerikanske polfararen Lincoln Ellsworth, som flydde over området i november-desember 1935. Det vart kalla opp etter han av US-ACAN (1962) til minne om den historiske transkontinentale flyturen frå Dundee Island til Ross isbrem.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ellsworth Land». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 14. oktober 2012. 

Koordinatar: 75°30′S 80°00′W