Elongasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elongasjon er ein vinkelavstand, særleg vinkelavstanden til ein planet frå sola eller mellom ein planet og månen til planeten, sett frå jorda. Elongasjon kan for planetane innafor jordbanen berre nå ein viss, høgaste grenseverdi, for Merkur ca. 28° og for Venus ca. 46°. Elongasjonen til ein planet vert stundom òg definert som lengdeskilnaden til planeten frå sola. Fordi breiddene til planetnane alltid er små, er skilnaden på dei to definsjonane som regel ikkje viktig.

Elongasjonsperiode[endre | endre wikiteksten]

Største elongasjonen til ein planet oppstår periodisk, med ein største austleg elongasjon etterfølgd av ein største vestleg elongasjon, og omvendt. Perioden er avhengig av den relative vinkelsnøggleiken til jorda og planeten, som sett frå sola. Tida det tar å fullføre ein periode er den synodiske perioden til planeten.

La T vere perioden (til dømes tida mellom to største austlege elongasjonar), ω vere relativt vinkelsnøggleik, ωe jorda sin vinkelsnøggleik og ωp planeten sin vinkelsnøggleik. Så

der Te og Tp er jordåret og planetåret (altså tida det tar å gjere eit omlaup rundt jorda, kalla sideral periode).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]