Elpiditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elpiditt er eit mineral. Det er fargelaust, gult eller raudleg og krystalliserer rombisk. Kjemisk er det eit natriumzirkonium-silikat, Na2ZrSi6O15·3H2O.

I Noreg har ein funne mineralet i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo, saman med ei rekkje andre sjeldne mineral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Elpiditt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/elpiditt.