Elsa Laula Renberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elsa Laula Renberg (ca. 1916)
Foto: Saemien Sijtes fotoarkiv

Elsa Laula Renberg (29. november 187722. juli 1931) var ein svensk-norsk same-aktivist og politikar.

Elsa Laula var ifølgje familietradisjonen fødd i Hattfjelldalen,[1] men ho vart døypt i Åsele i Sverige og truleg også fødd der.[2] Mora var Kristina Josefina Larsdotter, medan faren var Lars Thomasson Laula, reindriftssame frå Susendalen. Elsa Laula voks opp i Såafoe ved Dikanäs. Ho tok også jordmorskulen i Stockholm.

I 1904 gav Laula ut kampskriftet «Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena». I skriftet tok ho opp viktige samiske spørsmål. Mellom anna hevda ho at samane burde ha eigedomsrett til skattelanda sine, og ha rett til fast jordbruk. Ho peikte også på at skulegangen for samane var kort og mangelfull. Laula var med på å stifta den første samiske riksorganisasjonen Lapparnas Centralförbund. Ho var aktiv i svensk samerørsle fram til 1907, då ho flytta over på norsk side og vart aktiv i samerørsla der. Der møtte ho også den norske samen Tomas Pedersen Toven og gifta seg med han. Saman tok dei namnet Renberg. Etter nokre få år flytta dei til Brurskanken reinbeitedistrikt i Vefsn.

I 1910 tok ho initiativet til å danna «Brurskanken Samiske Kvindeforening». Saman med kvinneforeininga, Ellen Lie og Anna Löfwander-Järwson arrangerte Renberg det første Samiske Landsmøtet som blei halde den 6.-9. februar 1917 i Trondheim, der ho sjølv heldt åpningstalen. Møtet samla over 100 deltakarar, og er sidan 1993 blitt minna med den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Renberg døydde i Brønnøy av tuberkulose. Ho har vore ei kjelde til inspirasjon for seinare samepolitikarar, og er mellom anna nemnd som førebilete av Aili Keskitalo.

Elsa Laulas veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne. Ved Universitetet i Nordland er ein forelesningssal oppkalla etter henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rønnaug Tuven: «Elsa Laula Renberg» i Spor etter mødrene 1996 ISBN 82-993918-0-6
  2. Siri Broch Johansen (2015): Elsa Laula Renberg : Historien om samefolkets store Minerva. ISBN 978-82-8263-171-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]