Elsa Lystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elsa Lystad

Fødd9. juli 1930
FødestadOslo
Død26. desember 2023 (93 år)
DødsstadOslo
FødenamnElsa Rigmor Lystad
Verka somkomikar, skodespelar
EktefelleArpad Szemes
PrisarKongens fortenestmedalje, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Oslo bys kulturpris, Solprisen, Amandakomiteens ærespris, Gullruten for beste skodespelar

Elsa Lystad (9. juli 193026. desember 2023) var ein norsk skodespelar, kjend for sentrale roller i norsk teater, fjernsyn, film og radio. Ho fekk gjennombrotet sitt på midten av 1960-talet og var aktiv fram til 2016. Lystad er kjend for mimikken sin og evna til å leggja inn komiske trekk på meir seriøse roller.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lystad vart fødd på Rodeløkka i Oslo. Mor hennar var vaskedama Thora Aamot (1900–1972) frå Stryn i Nordfjord, og faren var verkmeisteren Erling Magnus Lystad (1905–1988). Thora Aamot skilde frå seg mannen og flytta heim til Stryn i 1935. Der gjekk Elsa dei to første åra på skule og la til seg nordfjordsdialekt. Dei flytta attende til Oslo i 1937.

Lystad gjekk toårig framhaldsskule for jenter i Oslo etter at ho hadde vore kontordame, blant anna i annonseavdelinga til Dagbladet.

Ho vart gift i 1961 med den ungarske inspisienten Arpad Szemes (1930–1998).

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Frå Lysthuset Revyteater. Lystad (til høgre) saman med frå venstre Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Trulta Heide Steen og Svein Byhring.
Foto: Sølve Harm/Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 1965

Lystad debuterte i 1957 på Falkbergets Teater og fekk der rolla som Laura Isaksen i Bør Børson jr. Ho turnerte med teateret i over eit år. Ho var tilsett ved Det norske Teatret i perioden 1958–1964. Gjennombrotet fekk ho i Lysthuset, der ho vart hyra av Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr. i 1965.

Lystad var knytt til Chat Noir og Fjernsynsteateret før ho vart tilsett ved Oslo Nye Teater i 1973, der ho var fram til ho byrja ved Den Nationale Scene i 1976. Ho slutta ved Den Nationale Scene i 1980 og jobba deretter frilans. Ho arbeidde sidan saman med Wesenlund både på teater og i TV, og radiorolla som Fru Sløying var det første møtet med Lystad for mange nordmenn utanfor Oslo.

I 1990 fekk ho rolla som Oddveig i komiserien Fredrikssons fabrikk og filmen med same namn frå 1994. Så seint som i 2007 var ho enno aktiv og turnerte med stykket Ingen grunn til panikk!, der ho delte hovudrolla med Marianne Krogness. Førestillinga var avslutta på Chat Noir sommaren same år. Lystad har i ei årrekkje vore å høyra i radioprogrammet Nitimen på NRK P1. Saman med skodespelarkollegaen Morten Røhrt laga ho det vekentlege humorinnslaget Tips-telefonen. I 2011 hadde ho rolla som Gamlemor i den norske 3D-filmen Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn. I februar 2012 spelte ho Mor Åse i ei oppsetting av Peer Gynt (My name is Peer Gynt) i Kanonhallen på Løren i Oslo. Ho var aktiv fram til 2016, då ho reiste på turné saman med Petter Anton Næss og førestillinga Mitt liv som Elsa. Ho måtte avslutta karrieren på grunn av demens.[1]

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2014 – Amandaprisen 2014 - Æresprisen til juryen.
  • 2014 – Gullruta 2014 i klassa beste kvinnelege skodespelar for Etter karnevalet
  • 2011 – Oslo bys kulturpris. Overrekt 5. mai 2011
  • 2011 – Solprisen under Solfesten på Rjukan. Overrekt 9. april 2011
  • 2010 – Parelius prisen, Kunstnerforeningen
  • 2008 – Heidersprisen under Komiprisen 2008
  • 2007 – Kongens fortenstemedalje i gull for 50 år på scena
  • 1983 – Leonardstatuetten

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknader
2011 Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn Gamlemor Spelefilm
2011 Småbyliv Fru Løfsgård Tv-serie
2010 Den unge Fleksnes Sangpedagog TV-serie
2009 God natt, elskede Fru Raglo Miniserie
2005 Slangebæreren Bergljot Behrens Miniserie
2004 Hos Martin - episoden «Hushjelp til besvær» Gudrun Holt TV-serie
2003 SMS - Sju magiske sirkler Ophelia TV-serie
2003 Fox Grønland - episode 11 (sesong 2) Eldre dame TV-serie
1997–98 Tre på toppen Birgitte Berg TV-serie
1996 Bare når jeg ler Dr. Torp TV-serie
1996 Maja Steinansikt Bestemor Spelefilm
1996 Mens vi venter på far Nabofruen TV-serie
1995 Rett i lomma Kaupang Fjernsynsteater
1994 Seier'n er vår Synnøve Skuggedal TV-serie
1994 Fredrikssons fabrikk - The movie Oddveig Spelefilm
1994 Hjemme hos Paus Programleder TV-serie
1991 Frida - med hjertet i hånden Ellinor Svendsen Spelefilm
1991 Fedrelandet Fru Horn Miniserie
1990 En håndfull tid Spelefilm
1990-93 Fredrikssons fabrikk Oddveig TV-serie
1989 Viva Villaveien! Alice Lindeblad Spelefilm
1988 Sweetwater Marta Spelefilm
1986 Plastposen Kioskdame Spelefilm
1986 Randi og Ronnis restaurant Enkefru Beate Hoop TV-serie
1985 Deilig er fjorden! Rigmor Spelefilm
1985–88 Vill, Villere, Villaveien Alice Lindeblad TV-serie
1982 Fleksnes - episoden «Rotbløyte» Marta TV-serie
1981 Den grønne heisen Topsy Lorck Mathiesen Spelefilm
1980 Belønningen Ann Spelefilm
1980 Fabel Sangerinne Spelefilm
1975 Glade vrinsk Spelefilm
1974 Fleksnes - episoden «Biovita Helsesenter» Oversøster Vålund TV-serie
1974 Bør Børson Jr Frk. Finckel Spelefilm
1973 Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok Ragna, Bennys forlovede Spelefilm
1973 Kjære lille Norge Spelefilm
1972 Fleksnes - episoden «Evig din for alltid» Kari TV-serie
1972 Lukket avdeling Spelefilm
1970 Selma Brøter Selma Fjernsynsteater
1969 22 november - den store leiegården Syerske Fjernsynsteater
1968 De ukjentes marked Spelefilm
1968 Smuglere Jenny Spelefilm
1968 Mannen som ikke kunne le Spelefilm
1967 Elsk... din næste Frk. Andresen Spelefilm
1967 Liv Damen i vinduet Spelefilm
1966 Hurra for Andersens Fru Salvesen Spelefilm
1966 Nederlaget Suzanne Fjernsynsteater
1966 Kontorsjef Tangen Fjernsynsteater
1964 Pappa tar gull Sykegymnasten Spelefilm
1963 Freske fraspark Ollvars kone Spelefilm
1960 Ungen Sersjant-Petra Fjernsynsteater
1958 Lån meg din kone Selskapsgjest Spelefilm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SKAUG, THERESE DOKSHEIM (8. juli 2020). «Hylles av familien». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]