Elsantindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°14′53″N 6°34′11″E

Elsanntindane
fjell
Elsandtind.JPG
Elsantindane. Delar av bygda Trandal ved fjorden.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 398 moh.
Førstestiging H. Rowse Armstrong og Johannes Vigdal (1899)

Elsantindane eller Elsandtindane[1] er ei ca 2,5 km lang taggete egg der toppunktet er 1398 moh i ØrstaSunnmøre. Fjellet ligg aust for Hjørundfjorden, sør for bygda Trandal og nord for bygda Urke. Andre namn på fjellet er Memorgonshornet og Greidekammen. Også det siste namnet viser til den sylskarpe, taggete egga som går frå toppunktet og vestover mot fjorden. Briten H. Rowse Armstrong og sogningen Johannes Vigdal tok turen til topps den 17. juli 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elsantindane, Ørsta (Møre og Romsdal)». Yr/Kartverket. Henta 14. mai 2017. 
  • Sunnmørsalpane 1999, Statens kartverk
  • Standal, Helge J, Jon Hagen og Gunnar Wangen: Fotturar på Sunnmøre, side 167-168, Iriss Forlag, 1999, ISBN 82-992081-2-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]