Else Bugge Fougner
Utsjånad
| Else Bugge Fougner | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 9. november 1944 (81 år) Moss kommune |
| Yrke | politikar, advokat |
| Språk | norsk |
| Politisk parti | Høgre |
Else Bugge Fougner (fødd 9. november 1944) i Moss er ein norsk advokat og politikar for Høgre. Ho var justisminister frå 1989 til 1990 i regjeringa Syse.
Ho er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1971. Med unntak av perioden som justisminister har ho for det alt vesentlege arbeidd i Advokatfirmaet Hjort, der ho er partner. Ho vart høgsterettsadvokat i 1975. Ho har brei erfaring frå sivilrett, strafferett og som rådgjevar for næringslivet, og har hatt ei lang rekkje offentlege verv og styreverv.