Else Marthe Sørlie Lybekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Else Marthe Sørlie)
Else Marthe Sørlie Lybekk

Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt
Foto: Jan Daniels
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1978 (45 år)
Gjøvik kommune
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000

Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.

Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Merittar klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Cupmeister med Nordstrand IF
  • 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig
  • 2007: Cupmeister med HC Leipzig
  • 2008: Cupmeister med HC Leipzig

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]