Hopp til innhald

Else Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Else Michelet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. februar 1942
Trondheim
Død

3. mai 2021 (79 år)
Bærum kommune

Yrke journalist, radioprogramleiar, komikar, programskaper, forfattar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Ektefelle Ingjald Ørbeck Sørheim

Else Michelet (16. februar 19423. mai 2021) var ein norsk programleiar, forfattar, satirikar og kvinnesaksforkjempar.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Else Michelet studerte litteraturvitskap, fransk og engelsk ved Universitetet i Oslo. I 1967 byrja ho i NRK radio, fyrst med eigne viser og anna, frå 1973 som fast programsekretær i underhaldingsavdelinga. Med sitt satiriske radioprogram Hallo i uken sette Else Michelet sitt preg på fleire generasjonars radiolyttarar.[2] I 1970- og 1980-åra var ho sentral i Norsk Kvinnesaksforening, der ho var landsstyremedlem 1974–1988.[3][4] Ho var redaktør for tidsskriftet Kvinnesaksnytt frå 1980 og i minst ti år framover.

Michelet blei blant anna kjend for dei feministiske bøkene Sin egen herre: eventyr og annet ugress fra 1979, bestseljaren En annen historie frå 1981 som også blei dramatisert for TV i 1983, romanen Ariadnes tråd: et reiseliv frå 1988 og Og det som verre var : eventyr på avveie frå 2000. Ho blei også ein kjend radiostemme i underhaldningsprogram som Nitimen, Reiseradioen, Nat-ta-ta, Nattergal, Med rot i virkeligheten, Bare barnemat og satiremagasinet Hallo i uken.

På 1970-talet sette Michelet opp sin eigen cabaret med tittelen Skapningens herre. Det var ei musikalsk og humoristisk framsyning der ho stod åleine på scena. Temaet for framsyninga var kjønnsroller. I 1978 spelte ho denne framsyninga på Oslo Nye.[5] Seinare framførte ho leilegheitsvis showet rundt i Noreg, frå 1970-talet, opp gjennom 1980-talet og eit stykke ut på 1990-talet.[6][7][8]

Else Michelet arbeidde også som oversetjar, blant anna av teikneserien Asterix[7] og av fleire skodespel.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Michelet fekk årets fagpris under Komiprisen 2007. I 2009 blei ho tildelt Fritt Ords honnør.[9]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. Mona Levin: Uskikkelighetens omsorgsfulle mor - Minneord i Aftenposten 6. mai 2021
  2. Cathinka Ronden og Thor Gjermund Eriksen: Else Michelet (1942-2021) - Minneord i Aftenposten 15. mai 2021
  3. Hvem er hun?. Cappelen. 1989. ISBN 8202116759. 
  4. Asker og Bærums budstikke. 17. august 1984. s. 15. 
  5. «Skapningens herre og andre eventyr : en èn-kvinns-cabaret tilberedt og servert av Else Michelet». www.nb.no. Oslo Nye Teater. 1978. Henta 5. mai 2021. 
  6. «Nattradioens Else Michelet til Levanger». Levanger-Avisa. 5. mars 1977. 
  7. 7,0 7,1 «Show Michelet». Tidens Krav. 7. mars 1992. 
  8. «Else tier ikke i forsamlingen!». Aura Avis. 10. mars 1994. 
  9. «Fritt Ords Honnør til Else Michelet» Arkivert 7. november 2011 på Wayback Machine.; pressemelding fra Fritt Ord 18. juni 2009; besøkt 4. august 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]