Else Mundal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Else Mundal
Fødd8. november 1944
NasjonalitetNoreg
Yrkeuniversitetslærar, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Else Olaug Mundal (fødd 8. november 1944) er ein norsk historikar som var professor i norrønt ved Universitetet i Bergen. Ho hadde tidlegare vore professor ved Universitetet i Oslo.[1]

Etter å ha gått ut frå Voss landsgymnas i 1964 vart Mundal i 1971 cand. philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo. Deretter var ho stipendiat frå 1972 til 1976 og vart i 1977 dosent i norrøn filologi, framleis ved Universitetet i Oslo.[1] Mundal vart professor i 1985. I 1994 fekk ho professorat i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. I 2003 vart ho knytt til Senter for middelalderstudier.[1] Mundal er innvald som medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.[2] Ho vart i 2017 utnemnt til riddar av Den islandske falkeordenen i samband med statsbesøket til Islands president i Noreg.[3]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Odd Einar Haugen, Bernt Øyvind Thorvaldsen og Jonas Wellendorf (red.): "Fjǫld veit hon frœða: Utvalde arbeid av Else Mundal", Oslo: Novus, 2012. ISBN 978-82-7099-706-0
  • Else Mundal og Håkan Rydving (red.): Samer som «de andra», samer om "de andra". Identitet och etnicitet i nordiska kulturmöten, Umeå: Samiska studier, Umeå universitet, 2010. ISBN 978-91-7459-051-7
  • Slavica Ranković, Leidulf Melve og Else Mundal: Along the oral-written continuum. Types of texts, relations and their implications, Turnhout: Brepols, 2010. ISBN 978-2-503-53407-7
  • Jon Gunnar Jørgensen, Karsten Friis-Jensen og Else Mundal (red.): Saxo og Snorre, København: Museum Tusculanums Forlag, 2010. ISBN 978-87-635-3124-5
  • Else Mundal og Jonas Wellendorf: Oral art forms and their passage into writing, København: Museum Tusculanum Press, 2008. ISBN 978-87-635-0504-8
  • Else Mundal og Simonetta Battista (red.): Reykholt som makt- og lærdomssenter. I den islandske og nordiske kontekst, Reykholt: Snorrastofa, 2006. ISBN 9979-9649-2-8
  • Else Mundal og Anne Ågotnes (red.): Ting og tekst, Bergen: Bryggens museum, 2002. ISBN 82-90289-80-4
  • Else Mundal og Ingvild Øye (red.): Norm og praksis i middelaldersamfunnet, Bergen: Senter for europeiske kulturstudier, 1999. ISBN 82-91320-18-7
  • Ann Christensson, Else Mundal og Ingvild Øye (red.): Middelalderens symboler, Bergen: Senter for europeiske kulturstudier, 1997. ISBN 82-91320-16-0
  • Else Mundal: Legender frå mellomalderen. Soger om heilage kvinner og menn, Oslo: Samlaget, 1995. ISBN 82-521-4511-6
  • Else Mundal: Sagadebatt, Oslo: Universitetsforlaget, 1977. ISBN 82-00-01376-6
  • Eskil Hanssen, Else Mundal og Kåre Skadberg: Norrøn grammatikk. Lydlære, formlære og syntaks i historisk, Oslo: Universitetsforlaget, 1975. ISBN 82-00-01336-7
  • Else Mundal: Fylgjemotiva i norrøn litteratur, Oslo: Universitetsforlaget, 1974. ISBN 82-00-08989-4

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bergens Tidende, 6. november 2004, s. 35.
  2. «Gruppe 5: Filologi og språkvitenskap. Den historisk-filosofiske klasse», Det Norske Videnskaps-Akademi.
  3. Orðuhafaskrá Arkivert 2017-04-16 ved Wayback Machine., oversikt over tildelingar frå presidenten på Island. Henta 15. april 2017.