Else Poulsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tekstilkunstnaren Else Poulsson (1909–2002) er særleg kjend for biletteppet i bystyresalen i Oslo rådhus.
Foto: Kjetil Bjørnsrud, 2008

Else Poulsson (24. mars 190910. februar 2002) var ein norsk teiknar, designar og tekstilkunstnar. Ho er særleg kjend for biletteppet bak ordførarpodiet i bystyresalen i Oslo rådhus. Hovudmotivet er Sankt Hallvard.[1] Teppet er vove av Else Halling (1899–1987). Ho står òg bak tapetet i salen til Tryggingsrådet i SN i SN-bygningen i New York, med anker, kveite og hjarte som skal symbolisera tru, håp og kjærleik.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Else Poulsson». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Norway’s permanent place in the Security Council», Norgesportalen (på engelsk), henta 2. august 2020