Elton Dean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elton Dean
EltonDean01.jpg
Fødd 28. oktober 1945
Nottingham i England
Nottingham
Død

8. februar 2006 (60 år)
London

Instrument

Saksofon, saxello, klaverinstrument

Sjanger Jazz
Aktive år 1966–2006
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Keith Tippett, Soft Machine, The Wrong Object

Elton Dean (28. oktober 19458. februar 2006) var ein engelsk jazzmusikar som spelte altsaksofon, saxello (ein variant av sopransaksofon) og stundom klaverinstrument.

Dean vart fødd i Nottingham i England og frå 1966–1967 var han medlem av bandet Bluesology, leia av Long John Baldry. Pianisten i bandet, Reginald Dwight, kombinerte sidan namna til Dean og Baldry for sitt eige scenenamn, Elton John.[1]

Dean fekk seg eit rykte som medlem av Keith Tippett Sextet frå 1968 til 1970, og i bandet Soft Machine frå 1969 til 1972.[1] Kort tid før han forlet Soft Machine starta han si eiga gruppe, Just Us.[2]

Frå 1975 til 1978 leia han eit ni mann stort band kalla Ninesense,[2] og spelte på Bracknell Jazz Festival og liknande stader. Gruppene hans sidan den gong, vanlegvis kvartettar eller kvintettar, har stort sett arbeidd innan frijazz. Samstundes spelte han med andre grupper, som gitaristen Phil Miller sitt In Cahoots, trommeslagaren Pip Pyle sitt Equipe Out,[2] og forskjellige prosjekt med tidlegare Soft Machine-bassist Hugh Hopper.

I 2002 turnerte Dean og tre andre tidlegare Soft Machine-medlemmar (Hugh Hopper, trommeslagar John Marshall og gitarist Allan Holdsworth) og spelte inn musikk under namnet Soft Works.. Med eit anna tidlegare Soft Machine-medlem, gitarist John Etheridge for Holdsworth, turnerte dei så som Soft Machine Legacy.[1]

Dean spelte siste gong med Soft Bounds (ein kvartett med Dean, Hugh Hopper, Sophia Domancich og Simon Goubert), Alex Maguire-prosjektet Psychic Warrior, og det belgiske rock-jazz-bandet The Wrong Object.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «"The Independent" Obituaries - Elton Dean». February 13, 2006. Henta 8. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «"The Guardian" Obituary: Elton Dean». February 10, 2006. Henta 8. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]