Elva Aura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aura er ei elv i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho startar frå Aursjøen og renn først mot vest, deretter mot nordvest gjennom bygda Eikesdalen, og munnar ut lengst sør i Eikesdalsvatnet. Ved Finnset dannar Aura fossen Aurstaupet, som no er tørrlagt mesteparten av året. Elva er 25,3 km lang, og har eit nedbørfelt842,43 km².[1]

I naturleg tilstand har elva ei middelvassføring ved munningen på 27,34 m³/s.[1], men dette er i dag sterkt redusert grunna kraftutbygging. Både hovudelva og dei fleste sideelvane vart på 1950-talet overført til Aura kraftverk i Sunndal. På 1970-talet vart òg den største attverande sideelva, Bruåa, ført bort frå Aura i samband med utbygginga av naboelva Mardøla til Grytten kraftverk i Rauma.

Referansar[endre | endre wikiteksten]