Elva Derry
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elva Derry | |||
elv | |||
Derry renn under Clonegal Bridge
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Hacketstown i County Wicklow | ||
Munning | Irskesjøen ved Wexford via Slaney | ||
Derry (irsk An Dioríoch) er ei elv i Republikken Irland. Ho har utspring like sør for Hacketstown i County Wicklow og renn søraustover til Tinahely. Sør for Tinahely snur ho brått sørvestover gjennom Shillelagh, og dannar eit kort stykke grensa mellom County Wicklow og County Wexford, før ho vert grensa mellom Wexford og County Carlow.
Ho renn under Clonegal Bridge på ein stad der ho skil Clonegal i County Carlow i vest frå Watch House Village i County Wexford i aust. Eit par kilometer lenger nede munnar ho ut i elva Slaney.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen River Derry frå Engelsk Wikipedia .