Elva Doon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Doon
elv
River Doon from the old railway bridge, Alloway, Scotland.jpg
Doon ved Alloway
Land Flag of Scotland.svg Skottland

Elva Doon
55°26′22″ N 4°39′0″ W
Wikimedia Commons: River Doon

Doon (Abhainn Dhùin, avɪɲˈɣuːɲ) er ei elv i Ayrshire i Skottland. Ho renn hovudsakleg i ei nordvestleg retning, nær byen Dalmellington, og gjennom landsbyane Patna, Dalrymple og Alloway, fødestaden til diktaren Robert Burns. Kjelda til elva er Loch Enoch, høgt oppe i Galloway Hills, via Loch Doon.

Luftfoto av Doon og landsbyane Dalmellington og Bellbanks.
Brig o' Doon

Doon er nemnd i Burns sitt klassiske dikt «Tam o' Shanter». Det er også Brig o' Doon eller brua over Doon, som er 72 fot (22 m) og ligg like utanfor Alloway. Elva er også omtalt i eit mindre kjent dikt av Burns, «The Banks O' Doon».

På 1930-talet blei Loch Doon demma opp for å lagra vatn til Galloway Hydro Electric Scheme. Dette blir i dag drive av Scottish Power.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]