Elva Driva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Driva har fleire tydingar, sjå Driva (fleirtyding)

Driva
elv
N591207099 336700 838.jpg
Driva ved Gikling i Sunndalen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag, Møre og Romsdal
Nedslagsfelt 2 493 km²
Sideelvar Vinstra, Åmotselva,
Ålma, Dørreselva, Festa,
Dindøla, Vindøla, Grøvu,
Grøa
Lengd 137,8 km
Middelvassføring 67 /s
Kjelde SvåniDovrefjell
 - høgd 887 moh.
Munning Sunndalsfjorden ved Sunndalsøra
 - høgd moh.
Wikimedia Commons: Driva

Driva er ei elv som renn gjennom Trøndelag og Møre og Romsdal. Driva renn frå Dovrefjell i sør gjennom Drivdalen ned til Oppdal, og frå der vestover ned til Sunndalsøra.

Løpet ned Drivdalen til Oppdal er stridt og trongt. Ved gjelet Mågålaupet er løpet så smalt at det skal vere mogeleg å hoppe over.

Elva er om 137,8 km lang.

Driva har vore ei god sjøaure- og lakseelv, men er i seinare år vorte hardt råka av lakseparasitt.

Mange av sideelvene vest for Oppdal er tørrlagt og fleire av fjellvatna i området er demd opp, før det vatnet vert ført i røyr gjennom fjellet til Driva kraftverk i Sunndal. Det største vatnet i vassdraget er Gjevillvatnet med ei lengd på 20 km og ei breidd på om lag 1 km.

Elva vert rekna som nasjonalt laksevassdrag og er verna med omsyn til Verneplan III for vassdrag.

Før siste istid rann Driva nordover frå Oppdal og ut i elva Orkla.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Driva var tidlegare ei god lakseelv, spesielt i den delen som blir kalla Sunndalselva der mange engelske lakselordar kom att sommar etter sommar. På grunn av lakseparasitten Gyrodactylus salaris har laksestamma blitt redusert.

Elva er òg ei av dei beste sjøaure her i landet, ofte nummer 1 eller 2 når det gjeld fangst.

Både laks og aure går opp forbi Oppdal til Driva som ligg om lag 80 km frå sjøen.