Elva Lippe
Utsjånad
| Lippe | |||
| elv | |||
Lippe i Lünen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 4 882 km² | ||
| Lengd | 255 km | ||
| Kjelde | Aust i Westfalen | ||
| • høgd | ±140 moh. | ||
| Munning | Rhinen | ||
![]() Elva Lippe 51°46′53″N 8°49′21″E / 51.781388888889°N 8.8225°E | |||
| Wikimedia Commons: Lippe River | |||
Lippe er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 255 km. Ho har sitt utspring ved kanten av Teutoburger Wald i Bad Lippspringe nær byen Paderborn. Ho renn vestover gjennom Paderborn, Lippstadt og så nordover langs kanten av Ruhrområdet, gjennom byane Hamm, Lünen, Haltern og Dorsten. Elva munnar ut i Rhinen ved Wesel.
På grunn av avløpsvatn frå industrien og oppretting av elveløpet var Lippe i ein økologisk fryktleg tilstand. For tida vert det gjort tiltak for å gjenopprette dyrelivet i elva.
Området Lippe er kalla opp etter elva. Det var ein delstat i Det tysk-romerske riket og er i dag eit landkreis i Nordrhein-Westfalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lippe River» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lippe - ein romersk busetnad (på engelsk) Arkivert 2009-03-07 ved Wayback Machine.
