elva Mat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mat
elv
Liqeni i Shkopetit.jpg
Liqeni i Shkopetit-reservoaret i elva Mat.
Land Flag of Albania.svg Albania
Nedslagsfelt 2 441 km²
Renn gjennom Burrel
Sideelvar Fan
Lengd 115 km
Middelvassføring 103 /s
Kjelde Mat-distriktet i Albania
Munning Adriahavet
Wikimedia Commons: Mat River

Mat er ei elv i nordlege område av Albania. Ho har sitt utspring i Mat-distriktet, som har gjeve namn til elva. Om lag 10 km etter ho har passert byen Burrel renn ho ut i eit stort reservoar (Liqeni i Ulzës - «Ulzësjøen»), og seinare gjennom eit mindre reservoar (Liqeni i Shkopetit - «Shkopetsjøen»). Den største av desse vart bygd i 1957 av sovjetiske spesialistar, og var det første større vassverket i Albania. Etter elva har passert desse reservoara dannar ho eit smalt gjel gjennom fjellrekkja som ligg mellom Mat-distriktet og kystslettene, og på andre sida møte ho si viktigaste sideelv, Fan. Etter ei total lengd på 115 km renn Mat ut i Adriahavet mellom byane Lezhë og Laç.

Elva fører 103 m³/s, noko som gjer elva til den tredje største elva i Albania når det kjem til vassføring, og ho veks seg særleg stor etter periodar med nedbør. Dette har mange gonger ført til flaum på dei låge slettene. Etter at reservoara vart bygd har ein derimot i større grad kunne avgrense desse flaumane.

I 1927 vart den 480 meter lange Zogubrua bygd over elva. Ho vart bygd av tyske og sveitsiske ingeniørar, og var eit av dei største byggverka i Albania. Derfor vart ho kalla opp etter kongen Ahmet Zogu, som regjerte landet på den tida. Det tok 50 år før neste bru vart bygd, og derfor vart Zogubrua stort sett berre kalla Matbrua. Nyleg har ein rusta opp motorvegen som kryssar Albania på langs, og ei tredje bru på 650 m er bygd over elva.