Elva Pegnitz
Utsjånad
| Pegnitz | |||
| elv | |||
Pegnitz ved Nürnberg | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 115 km | ||
| Kjelde | Franken | ||
| • høgd | 425 moh. | ||
| Munning | Regnitz | ||
![]() Pegnitz 49°45′30″N 11°32′16″E / 49.7582°N 11.5377°E | |||
| Wikimedia Commons: Pegnitz (Regnitz) | |||
Pegnitz er ei elv i Franken i Bayern i Tyskland med ei lengd på 115 km. Ho har utspring ved byen Pegnitz i ei høgd på 425 meter over havet, og møter Rednitz like nordvest for Fürth. Frå dette punktet vert elva kalla Regnitz.
Byar langs Pegnitz
[endre | endre wikiteksten]Frå kjelda til munningen:
- Pegnitz
- Neuhaus an der Pegnitz
- Hersbruck
- Lauf an der Pegnitz
- Röthenbach an der Pegnitz
- Nürnberg: Innanfor bygrensa (om lag 14 km) dannar elva fleire greiner. Fleire bruer og gangbruer kryssar elva, slik som hengebrua Kettensteg frå 1824. Vest for Maxbrücke er det ei demning. Vest i byen har elva vorte ført tilbake til sitt naturlege elveleiet.
- Fürth:
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter ein stor flaum i februar 1909 førte oppretting av elveleiet til at elva vart fire kilometer kortare i Nürnberg. Sidan 1996 har ein derimot arbeida med å få elva tilbake til sitt naturlege elveleie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pegnitz River» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2007.
