Elva Santiago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Santiago
elv
Land  Ecuador,  Peru
Kart
Elva Santiago
4°26′06″S 77°38′25″W / 4.435034°S 77.640206°W / -4.435034; -77.640206
Wikimedia Commons: Río Santiago (Marañón)

Santiago er ei av dei store sideelvene til Marañón. Ho startar med ein bit i Morona-Santiago-provinsen i Ecuador og renn heilt aust i Amazonas-regionen i Peru parallelt med grensa til Loreto-regionen. Santiago oppstår der Zamora og Namangoza flyt saman i Morona-Santiago og endar i Marañón mellom Teniente Pinglo og Pongo de Manserriche. Saman med Morona, drenerer Santiago store delar av Morona-Santiago-provinsen. Zamora drenerer dessutan delar av austlege Zamora-Chinchipe-provinsen. Landskapet ved Santiago ligg mellom 200 og 500 moh.

Santiago er grovt rekna 220–230 kilometer lang, av det ca. 50 km i Ecuador. Men går ein til dei fjernaste kjeldene i Azuayprovinsen er ho vesentleg lengre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]