Elva Strumitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strumitsa
elv
RekaStrumeshnicaiKojuh.jpg
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of North Macedonia.svg Nord-Makedonia
Lengd 114 km
Kjelde Plačkovica i Nord-Makedonia
Munning Struma i Bulgaria
Wikimedia Commons: Strumeshnitsa

Strumitsa (makedonsk og bulgarsk Струмица) er ei elv i Nord-Makedonia og Bulgaria. Han renn gjennom byen Strumitsa og er ei sideelv til Struma.

Ho har kjelda si i fjellet Plačkovica i Radoviš kommune i Nord-Makedonia og renn sørover gjennom ein djup dal og vert så kalla Stara Reka. Ho renn så inn i Radovišdalen og gjennom byen Radoviš. Etter kvart snur ho søraustover og gjennom Strumitsadalen (Vasilevo, Strumitsa og Novo Selo kommune), og renn så gjennom byen Strumitsa før ho snur austover og inn i Bulgaria sør for Zlatarevo. Ho munnar ut i Struma frå høgre nordaust for Mitino, ikkje langt frå Rupite.

Elvar har ei total lengd på 114 km, der 81 km er i Nord-Makedonia og 33 km i Bulgaria. Ho er den lengste sideelva til Struma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]