Elvebakken videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvebakken vidaregåande skule
Org.nummer974590999
KommuneOslo kommune
Nettstadhttps://elvebakken.vgs.no
Kart
Elvebakken videregående skole
59°55′09″N 10°45′11″E / 59.91923197°N 10.753154°E / 59.91923197; 10.753154

Elvebakken vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Vestre Elvebakke 3 i bydel Grünerløkka. Skulen er ein av Oslo sine største skular med omtrent 1350 elevar. Han vart etablert i 1921 og fekk namnet Kristiania Fag- og Forskole for Handverk og industri i 1925 og heitte frå 1948 Oslo Yrkesskole. Skulen fekk det noverande namnet sitt i 1976.

Skulen ligg nær både buss- og trikkeholdeplassar ved Hausmanns gate, like ved Akerselva, Hausmania Kulturhus og Vega Scene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Autoskuleelevar i arbeid på gardsplassen til skulen, 1931
Foto: Eyjolfsson / Oslo byarkiv

Mot slutten av 1800-talet hende det ei rask industriell og teknologisk utvikling i Kristiania. Industriføretaka og handverkarane la om drifta, og meistrane fekk stadig meir å gjera med forretningar. Behovet for ein eigen fagleg opplæringsinstans var stort. Frisørmeistrane var dei første til å gjera noko med dette problemet. Dei oppretta eigne skular for lærlingane sine. Sidan vart skuletilbodet utvida til òg å gjelda andre fagområde. Det vart etablert teknisk rette sundagsskular og aftanskular. Skulane var spreidde på elleve ulike stadar rundt i byen og undervisinga var i for det meste teoretisk.

Behovet for ein felles skule med teoretisk og praktisk undervising for alle til handverks- og industrilinjer melde seg raskt. Handverks- og industrisamskipnaden påtok seg oppgåva å finna ein skule som kunne romma all undervising. I 1921 vart ein ærverdig, gammal bygård med bua vindauge og datidens snirkla arkitektur liggjande i Austre Elvebakke kjøpt og ombygd til skule. Han vart utvida med fleire nybygg på dei tilstøytande tomtene. Skulen heitte frå 1925 Kristiania Fag- og Forskole for Handverk og industri.  Bygget vart bygt om i 1938 og kunne då ta imot rundt 400 elevar og lærlingar.

Rektor Klaus Torgård tok over skulen i 1947 og året etter vart namnet til skulen forandra til Oslo Yrkesskole.[treng kjelde] Då Sogn vidaregåande skule vart bygd ferdig i 1961, vart større delar av tilboda ved Oslo Yrkesskole flytta til Sogn. Rektor Torgård vart med dit, og leidde begge skulane derfrå fram til 1968. 

I 1969 var det behov for å utvida Oslo Yrkesskole. Naboskulen i Osterhaus' gate, Framhaldsskolen for jenter (1932–1969) vart lagd ned og bygget vart overteke av yrkesskolen.[treng kjelde] Skulebygget var frå 1873 då Christiania Borgarskule heldt til der. Bygget vart seinare teke over av Oslo Voksenopplæring Rosenhof som har etablert ei avdeling der.

I 1976 kom «Lov om vidaregåande opplæring», og skulen sitt namn vart endra frå Oslo yrkesskole til Elvebakken vidaregåande skule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]