Dike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elvebarde)
Afsluitdijk er eit langt dike som skil havet frå lågtliggjande land- og sjøareal i Nederland. Fotografiet er teke i nordleg lei, Nordsjøen ligg til venstre for diket, og den lågare IJsselmeer og det lågtliggande landområdet til høgre. Vatn på landsida av diket vert pumpa over diket og ut i havet ved hjelp av store pumper.

Dike er eit ord med fleire tydingar på norsk:

  • Eit dike er ein voll eller eit langstrekt byggverk av jord, morenemasser og stein som skal halde vassmassar vekk frå landareal og hindre flaum. Då ordet flaumverk er vanleg å nytte om flaumsikre vollar i Noreg, til dømes nytta av Noregs vassdrags- og energidirektorat, er ordet dike vanlegvis nytta om flaumverk og kystsikring som ligg i utlandet, særleg dei store flaumverka og kystsikringane i Nederland. Her ligg store areal særs lågt, jamvel fleire meter lågare enn havoverflata, og må såleis sikrast permanent mot havet og langsmed dei store elvane med dike i kombinasjon med store pumpeverk. Mange lange og høge dike av sand og grus, plastra med steinfyllingar, hindrar vatn frå havet eller frå elvar å flaume inn over byar og jordbruksareal.

Til å lage mellombels dike, eller til å reparere skadar på dika i flaumsituasjonar, vert det ofte nytta sekkar fylte med sand og langt i rad og rekkje, eventuelt fleire i høgda. Mellombels dike kan òg lagast av anna høveleg materiale som kan leggjast snøgt på plass i tilstrekkeleg lengd, til dømes lange strengar med grus pakka inn i plast.

  • Dike er dessutan eit ofte nytta ord for gjørme eller gjørmehol, eit blautdike.
  • Dike er òg eit vanleg ord for ei oppgraven grøft, som til dømes ei dreneringsgrøft langsmed eit jorde eller ei veggrøft langsmed ein veg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]