Elvedelfinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elvedelfin)
Ferskvassdelfinfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Underorden: Whippomorpha
Infraorden: Kvalar Cetacea
Parvorden: Tannkvalar Odontoceti
Overfamilie: Ferskvassdelfinfamilien Inioidea
Muizon, 1988

Elvedelfinar eller ferskvassdelfinar (Platanistoidea) er ei gruppe tannkvalar som heilt eller hovudsakleg lever i ferskvatn i elvar. Gruppa omfattar fire nolevande familiar: Platanistidae (indus- og gangesdelfin), Iniidae (amazonasdelfinar) og Pontoporiidae (laplatadelfin). Tre av dei lever i elvar med ferskvatn, og den siste lever i estuar (elvegap) og i havet.

Ferskvassdelfinane er primitive kvalar, og dei har ganske liten hjerne. Dei har lange kjevar og spisst nebb. Delfinane kan bøye halsen, og dei har åtte par ribbein. Dei brukar ekkolodd for å lokalisere føda. Synet til dei asiatiske artane er nedsett. Desse artane er av dei mest truga kvalartane i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]