Elvenes


Elvenes er ei bygd i Sør-Varanger kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Bygda ligg ved botnen av Bøkfjorden, 10 km sør for Kirkenes, like attmed grensa til Russland. Her munnar Pasvikelva ut, den nest lengste elva med munning i Noreg.
Bygda har fleire næringsforetak, ei velforeining og fleire barnehagar (Lisadellhaugen barnehage og Bjørnehiet familiebarnehage). Elvenes grensestasjon ved Garnisonen i Sør-Varanger ligg like ved Elvenes.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Frå 1912 låg bedrifta Elvenes Sagbruk og Høvleri her.
Under den andre verdskrigen vart 600 norske lærarar frå heile landet deportert hit, i 1942. Elvenes husa ein stor fangeleir som vart brukt for russiske krigsfangar. Bygningene i bygda vart brende av okkupasjonsmyndigheitene hausten 1944.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Elvenes» i Store norske leksikon, snl.no.