Elverum Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elverum Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Elverum i Innlandet, stifta i 1892. Laget er aktivt med i fotball, handball, skihopping, symjing og turn. Tidlegare har det òg vore avdelingar med boksing, friidrett og ishockey på programmet. Laga til Elverum IL spelar i kvite trøyer og svarte bukser.

Fotballaga har si bane i Sentralidrettsplassen i Elverum, medan Terningen Arena er hallen der handballaga seplar sine heimekampar.

Elverum IL har sidan 1960-åra særleg markert seg i handball for menn. Både på 1960-talet og i tiåra etter 1990 laget år om anna har heilt i noregstoppen i handballidretten. Friidrettsutøvaren Bjørn Gundersen vart norsk meister i høgdehopp tre gongar åra 1947-54 og skihopparen Ivar Mobekk tok NM-gullet i normalbakken i 1981.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Handball for menn[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 2009
  • Seriemeister: 2013