Elverum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elverum sentrum)
Elverum
tettstad
Hovudgata i Elverum
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Elverum
Areal 11,12 km²
Folketal 15 632  (2023)
Folketettleik 1 406 / km²
Postnummer 2406 Elverum
Innbyggjarnamn elverumsing,
elverumsokning,
leirsing
Preposisjon Elverum
Kart
Elverum
60°53′00″N 11°34′00″E / 60.88333333°N 11.56666667°E / 60.88333333; 11.56666667
Wikimedia Commons: Elverum (town)

Elverum er ein tettstad og administrasjonssenteret i Elverum kommune i Innlandet. Tettstaden ligg ved Glåma, med Leiret på austsida og Vestad på vestsida av elva, og har 15 632 innbyggjarar per 1. januar 2023. Dei fleste sentrumsfunksjonane og størsteparten av busetnaden ligg på Leiret. Her ligg rådhuset og den kommunale administrasjoenn, og ein del offentlege kontor som har heile Østerdalen eller Sør-Østerdal som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Norsk skogmuseum og Glomdalsmuseet ligg i Elverum.

Tettstaden Elverum voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrkt posisjonen som handels- og skulesentrum.

Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996. Namnet «Leiret» kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]