Elveseter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°42′0.9″N 9°28′53.7″E / 59.700250°N 9.481583°E / 59.700250; 9.481583 Elveseter er ein gamal storgard i Lom kommune i Innlandet. Garden ligg 670 moh. ved fylkesveg 55 gjennom Leirdalen, nord for Galdhøpiggen, og er ombygd til turisthotell i stadeigen stil med 230 senger. Elveseter er eit vanleg utgangspunkt for turar i dei sentrale delane av Jotunheimen.

På garden står det ei 33 m høg steinsøyle, Sagasøyla, utført av bilethoggaren Wilhelm Rasmussen. Søyla var opphavleg tenkt som eit monument over Riksforsamlingen på Eidsvoll og skulle stå framføre Stortinget. Då dette ikkje vart noko av, vart Sagasøyla kjøpt og reist på Elveseter av Åmund Elveseter. Søyla er dekt av relieff med motiv frå norsk historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Elveseter» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]