Elvis: A Legendary Performer Volume 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvis: A Legendary Performer Volume 2
Samlealbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 8. januar 1976
Sjanger Rock
Lengd 26:38
Selskap RCA Records
Elvis Presley-kronologi 
Today
(1975)
Elvis: A Legendary Performer Volume 2 The Sun Sessions
(1976)


Elvis: A Legendary Performer Volume 2 er eit samlealbum av Elvis Presley. Som med den første plata i serien, som kom i 1974, var samlinga ei blanding av tidlegare utgjevingar og songar som ikkje tidlegare var gjevne ut.

På denne plata gav RCA Records ut «Harbor Lights» for første gong, ein ballade Presley spelte inn under den første innspelinga si for Sun Records i juli 1954. Dette markerte første gongen sidan 1965 og albumet Elvis for Everyone med Sun-innspelinga «Tomorrow Night» at RCA gav ut «nye» songar frå arkiva til Sun Records. Andre songar som ikkje var gjevne ut før var eit alternativt opptak frå 1956 av «I Want You, I Need You, I Love You», fleire opptak frå TV-sendinga på NBC 1968, songen «A Cane and a High Starched Collar» frå filmen Flaming Star i 1960 og eit alternativt opptak av «Such a Night» frå 1960. Her var òg nokre tidlegare intervju som ikkje var gjevne ut før. Albumet selde til gullplate 25. oktober 1977 og platina og dobbelt platina 15. juli 1999 av RIAA.

Legendary Performer-serien fortsette med Elvis: A Legendary Performer Volume 3, som kom ut i 1979, to år etter Presley døydde.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars link

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Harbor Lights» (tidlegare ikkje utgjeven Sun-master)Jimmy Kennedy, Hugh Williams1. juli 19542:35
2.«Intervju med Elvis: Jay Thompson» 11. april 19563:34
3.«I Want You, I Need You, I Love You» (tidlegare ikkje utgjeven alternativt opptak)Lou Kosloff, George Mysels12. august 19562:40
4.«Blue Suede Shoes» (tidlegare ikkje utgjeven konsertversjon)Carl Perkins27. juni 19681:37
5.«Blue Christmas»Billy Hayes and Jay Johnson5. september 19572:30
6.«Jailhouse Rock»Jerry Leiber og Mike Stoller14. juni 19572:25
7.«It's Now or Never»Eduardo DeCapua, Wally Gold, Aaron Schroeder3. april 19603:12
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«A Cane and a High Starched Collar» (tidlegare ikkje utgjeven)Sid Tepper, Roy C. Bennett12. august 19602:40
2.«Presentation of Awards to Elvis» 25. mars 19611:24
3.«Blue Hawaii» (tidlegare ikkje utgjeven konsertversjon)Ralph Rainger, Leo Robin14. januar 19732:29
4.«Such a Night»Lincoln Chase, Dr. John4. april 19603:36
5.«Baby, What You Want Me to Do» (tidlegare ikkje utgjeven konsertversjon)Jimmy Reed27. juni 19681:44
6.«How Great Thou Art»Stuart K. HineMay 25, 19662:58
7.«If I Can Dream»Walter Earl Brown30. juni 19683:14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]