Elvis Is Back!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvis Is Back!
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 8. april 1960
Innspelt Mars-april 1960
Studio RCA Studio B, Nashville i Tennessee
Sjanger Rhythm and blues,[1] pop, rock, blues
Lengd 31:54
Selskap RCA Victor
Produsent Steve Sholes, Chet Atkins
Elvis Presley-kronologi
Elvis' Gold Records Volume 2
(1959)
Elvis Is Back! G.I. Blues
(1960)


Elvis Is Back! er det tiande studioalbumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor Records i mono og stereo i april 1960 og vart spelt inn i to omgangar i mars og april det året. Det var den første innspelinga til Presley etter han kom attende frå militærtenesta si i Tyskland.

I 1957 var Presley særs populær då han fekk innkalling til militæret, men fekk utsetjing så han kunne gjere ferdig den nyare filmen sin, King Creole. Under den to år lange tenesta i Tyskland, gav RCA Victor og Paramount Pictures ut musikk Presley hadde spelt inn før han drog. Dei siste månadane medan han var i hæren, eksperimenterte Presley med nye stilar og prøvde å forbetre framføringa si. Han førebudde òg songar som han skulle spele inn for den første innspelinga si i Nashville, som skulle finne stad så snart han var attende. Presley kom attende til USA 2. mars 1960. Songaren henta saman det gamle bandet sitt, The Blue Moon Boys, utanom bassisten Bill Black. Den første innspelinga fann stad 20. og 21. mars, og den andre 3. og 4. april.

Elvis Is Back! toppa UK Albums Chart i Storbritannia og nådde andreplassen på Billboard's Top LP's i USA. I starten fekk utgjevinga middels meldingar, men i løpet av åra har kritikken blitt stadig betre. Albumet selde til gullplate hos Recording Industry Association of America i 1999.

Bakgrunn og militæråra[endre | endre wikiteksten]

Etter den tredje og siste framsyninga på Ed Sullivan Show, fekk Presley melding om at han kom til å bli innkalla til hæren den 8. januar 1957. Første halvdelen av 1957 hadde Presley tre førsteplassar med «Too Much», «All Shook Up» og «(Let Me Be Your) Teddy Bear».[2] Den andre filmen hans, Loving You, hadde premiere 30. juli til stor suksess.[3] Julemusikkalbumet hans kom 15. oktober og den tredje filmen , Jailhouse Rock, hadde premiere 17. oktober.[4]

Den 20. desember fekk Presley innkallinga. Han fekk utsetjing for å gjere ferdig den komande filmen King Creole, som Paramount Pictures og produsenten Hal Wallis alt hadde investert 350 000 dollar i. I starten av 1958 toppa singelen «Don't» listene.[5]

Presley gjekk inn i hæren den 24. mars 1958.[6] Kort tid etter byrja han på rekruttskulen i Fort Hood i Texas, der han vart vitja av Eddie Fadal, ein forretningsmann han hadde møtt på turné i januar 1956. I følgje Fadal, meinte Presley at karrieren var over.[7] Etter rekruttskulen var over, gjekk han inn i den 3. panserdivisjonen i Friedberg i Tyskland den 1. oktober.[8]

Produsentane i RCA, Steve Sholes og Freddy Bienstock frå Hill and Range hadde nøye planlagt det to år lange fråværet til Presley. Dei førebudde songar som ikkje var gjevne ut tidlegare, og gav ut ei rekkje suksessrike plate med Presley.[9] Medan han var i militærtenesta, hadde Presley ti singlar på topp 40, som «Wear My Ring Around Your Neck», «Hard Headed Woman» og «One Night»[10] i 1958, og «(Now and Then There's) A Fool Such as I» og «A Big Hunk o' Love» i 1959.[11] RCA gav òg ut fire album med tidlegare musikk, mellom andre Elvis' Golden Records (1958) (som nådde tredjeplassen på albumlista) og 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong.[12]

Attende til musikken[endre | endre wikiteksten]

Dei siste månadane i hæren byrja Presley å eksperimentere med nye songar og tenkte framover mot nye innspelingar. For den første innspelinga tenkte Presley å spele inn The Four Fellow sin «Soldier Boy», Golden Gate Quartet sin «I Will Be Home Again», The Drifters sin «Such a Night» og Jesse Stone sin «Like a Baby».[13] Venen hans Charlie Hodge lærte Presley teknikkar til å betre pusteteknikken og utvide toneregisteret sitt. Som inspirasjon nytta Presley Roy Hamilton sin «I Believe» og versjonen hans av «Unchained Melody», den tradisjonelle irske folkevisa «Danny Boy» og Tony Martin sin «There's No Tomorrow» (ein engelsk versjon av «’O sole mio»).[14] Presley studerte òg fraseringa og tonane på songar av The Inkspots og Mills Brothers.[15] Mot slutten av tida si i Tyskland hadde Presley auka registeret sitt med ein heil oktav.[16]

Presley drog attende til USA den 2. mars 1960 og mønstra av 5. mars som sersjant.[17] Medan Presley var i Tyskland hadde manageren Colonel Tom Parker forhandla nye vilkår med RCA Victor for Presley for å fulle kontrakten sin med filmmusikk. Parker fekk òg forhandla ei høgare løn for Presley og ein part av inntekta til produsenten Wallis, og han forhandla fram ei framsyning på The Frank Sinatra Show.[18] Samstundes, for å sikre forlagshonorar, bestilte Bienstock ny tekst til «O Sole Mio», sidan melodien alt var i offentleg eige.[15]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Den 20. mars vart Presley og følgjet hans henta i Memphis i Tennessee og frakta til Nashville. Musikarane på innspelinga bestod av gitaristen Scotty Moore, trommeslagaren D.J. Fontana, pianisten Floyd Cramer, gitaristen Hank Garland, bassisten Bobby Moore, perkusjoniste Buddy Harman og korvokalgruppa The Jordanaires. Den opphavlege bassisten til Presley, Bill Black, avslo å bli med på innspelinga sidan han hadde suksess med sitt eige band, The Bill Black Combo. For å unngå at fansen fekk nyss i innspelinga og kom for å forstyrre dei, vart musikarane først fortalt at dei skulle bidra på ei innspeling med Jim Reeves. RCA-sjefane Sholes og Bill Bullock hadde med seg Parker, Tom Diskin, Chet Atkins, Bill Porter og Bienstock i kontrollrommet.[19]

Presley (venstre) i mai 1960, kort tid etter at albumet kom ut.

RCA Studio B hadde nyleg vorte utstyrt med eit nytt tresporsopptakar.[20] For å vidare betre innspelinga av vokalen til Presley, hadde Porter utstyrt studioet med Telefunken U-47-mikrofonar.[21] U-47 var den første kondensatormikrofonen som kunne byte mellom rundstrålande og cardioidemønster. Mikrofonen skulle nyttast til vokalen, instrumenta og heile studiorommet.[22] Den første songen som vart spelt inn var Otis Blackwell sin «Make Me Know It», som vart mastra etter nitten forsøk. «Soldier Boy» vart seinare spelt inn på 15 forsøk, etterfølgd av songane «Stuck on You» og «Fame and Fortune», som ikkje kom med på plata. Den siste songen som vart spelt inn i mars var «A Mess of Blues», som heller ikkje kom med på plata.[23] Ei ny innspeling vart arrangert i april. Presley drog så til Miami, der han deltok på The Frank Sinatra Timex Show: Welcome Home Elvis.[24]

Dei same musikarane drog i studio att kvelden 3. april og fekk med seg saksofonisten Boots Randolph. Presley byrja innspelinga med «Fever», akkompagnert av berre bass og trommer.[25] Han følgde opp med ein omsett versjon av «O Sole Mio», no kalla «It's Now or Never». Etter Presley ikkje klarte å syngje den siste tonen i songen, tilbaud Porter om å kutte opp lydbandet slik at han berre trong å syngje slutten. Presley nekta å prøvde om att til han fekk det til på slutten.[26] «Girl Next Door Went A-Walking» vart spelt inn på ti forsøk, etterfølgd av «Thrill of Your Love».[20] «Are You Lonesome Tonight?», som ikkje kom med på albumet, vart etterfølgd av «I Will Be Home Again» - ein duett med Hodge. For den siste songen på innspelinga, Lowell Fulson sin «Reconsider Baby», spelte Presley sologitar med sin Gibson Super 400.[27]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Elvis is Back! representerte ei ny retning for Presly, langt nærmare pop, ei retning han følgde det meste av tiåret.[28] Albumet inneheld ei blanding av sjangrar, som rock, rhythm and blues og popballadar.[1] Kritikarane er samde om at Presley hadde fått ei «djupare og hardare stemme»,[29] og sa at tolkinga hans var «stadig meir sofistikerte». Albumet inneheld varierte songar framførte av Presley og studiomusikarar, som er blitt kjende som «The Nashville A-Team», og vart spelte inn med det mest moderne opptaksutstyret som fanst på den tida. Elvis is Back! var det første Presley-albumet som kom ut i stereo.[30] På plateframsida står Presley føre eit blått sceneteppe og har på seg ein militær frakk

Mottaking og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen frå Elvis Is Back!, «Stuck on You», kom ut to dagar etter innspelinga med «Fame and Fortune» på B-sida. Singelen hadde eit førehandssal på 1,4 millionar tingingar.[18] Det var den første Presley-singelen som kom ut i stereo.[31]

Elvis Is Back! kom ut 8. april 1960, i stereo og mono. Albumet nådde andreplassen på Billboard Top LP's og toppen av UK Albums Chart.[32] Trass i dette var salet skuffande, og det selde færre enn 300 000 eksemplar i USA.[33]

Då albumet kom ut skreiv magasinet Billboard sa «Elvis er attende og syng betre enn nokon gong i rock and roll-stilen han gjorde kjend».[34] The New York Times kalla plata «trist og keisamt».[16]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[35]
Daily Express4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[36]
Encyclopedia of Popular Music
MusicHound4/5[38]
Music Story
PopMatters7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[39]
Record Collector4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[40]
Rolling Stone
The Rolling Stone Album Guide
Rough Guides5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[33]

I meldinga si for AllMusic skreiv Bruce Eder at albumet «syner ein eldre Elvis Presley med ei rik, djup røyst som kom til å utfordre forventningane kritikarane hadde. Albumet kjem ut betre enn dei tidlegare albuma han hadde laga for RCA».[35]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Elvis is Back! selde til gullplate 15. juli 1999 hos Recording Industry Association of America.[42] Kritikaren Robert Dimery hadde med albumet i boka si 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[43] RCA gav ut albumet på CD i 1990 og igjen i 1999 med bonusspor. I 2005 vart Elvis is Back! gjeve ut på ny på Follow That Dream som ei dobbelplate. Denne utgåva inneheld fleire alternative opptak frå innspelinga av albumet.[44][45] Legacy Recordings gav ut ein nymastra versjon av albumet i lag med Something for Everybody i 2011.[35]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Make Me Know It»  Otis Blackwell20. mars 1960 1:58
2. «Fever»  John Davenport og Eddie Cooley3. april 1960 3:31
3. «The Girl of My Best Friend»  Beverly Ross og Sam Bobrick4. april 1960 2:21
4. «I Will Be Home Again»  Bennie Benjamin, Raymond Leveen, Lou Singer4. april 1960 2:33
5. «Dirty, Dirty Feeling»  Jerry Leiber og Mike Stoller4. april 1960 1:35
6. «Thrill of Your Love»  Stan Kesler4. april 1960 2:59
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Soldier Boy»  David Jones and Theodore Williams Jr.20. mars 1960 3:04
2. «Such a Night»  Lincoln Chase4. april 1960 2:58
3. «It Feels So Right»  Fred Wise og Ben Weisman21. mars 1960 2:09
4. «Girl Next Door Went A-Walking»  Bill Rice og Thomas Wayne4. april 1960 2:12
5. «Like a Baby»  Jesse Stone3. april 1960 2:38
6. «Reconsider Baby»  Lowell Fulson4. april 1960 3:39

Bonusspor på 1999-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Spor 3-14 er frå originalalbumet
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Stuck on You» (opphavleg gjeven ut som 47-7740, 23. mars 1960, #1)Aaron Schroeder og S. Leslie McFarland21. mars 1960 2:18
2. «Fame and Fortune» (opphavleg gjeven ut som 47-7740b, 23. mars 1960, #17)Fred Wise og Ben Weisman21. mars 1960 2:29
15. «Are You Lonesome Tonight?» (opphavleg gjeven ut som 47-7810, 1. november 1960, #1)Lou Handman og Roy Turk4. april 1960 3:05
16. «I Gotta Know» (opphavleg gjeven ut som 47-7810b, 1. november 1960, #20)Paul Evans og Matt Williams4. april 1960 2:15
17. «A Mess of Blues» (opphavleg gjeven ut som 47-7777b, 5. juli 1960, #32)Doc Pomus og Mort Shuman21. mars 1960 2:39
18. «It's Now or Never» (opphavleg gjeven ut som 47-7777, 5. juli 1960, #1)Eduardo di Capua, Aaron Schroeder, Wally Gold3. april 1960 3:14

Follow That Dream-utgåva frå 2005[endre | endre wikiteksten]

Plate 1 Plate 2
Frå originalalbumet:
# Tittel Lengd
1. «Make Me Know It»    
2. «Fever»    
3. «The Girl Of My Best Friend»    
4. «I Will Be Home Again»    
5. «Dirty, Dirty Feeling»    
6. «The Thrill Of You Love»    
7. «Soldier Boy»    
8. «Such A Night»    
9. «It Feels So Right»    
10. «Girl Next Door Went A'Walking»    
11. «Like A Baby»    
12. «Reconsider Baby»    
Dei originale singlane frå plateinnspelinga:
# Tittel Lengd
13. «Stuck On You»    
14. «Fame And Fortune»    
15. «It's Now Or Never»    
16. «A Mess Of Blues»    
17. «Are You Lonesome Tonight?»    
18. «I Gotta Know» (inkludert opptak 1*)  
Alternative opptak:
# Tittel Lengd
19. «Make Me Know It» (opptak 1)  
20. «Fever» (opptak 1)  
21. «The Girl Of My Best Friend» (opptak 3)  
22. «Soldier Boy» (opptak 1)  
23. «Such a Night» (opptak 1)  
24. «It Feels So Right» (opptak 1)  
25. «Stuck on You» (opptak 1)  
26. «Fame And Fortune» (opptak 2)  
27. «It's Now Or Never» (opptak 1)  
28. «Are You Lonesome Tonight» (opptak 1,2)  
Mars-innspelinga:
# Tittel Lengd
1. «Make Me Know It» (opptak 3)  
2. «Make Me Know It» (opptak 9*,10*,11)  
3. «Make Me Know It» (opptak 17,18)  
4. «Soldier Boy» (opptak 2*,3*,7)  
5. «Soldier Boy» (opptak 9*,10)  
6. «Stuck On You» (opptak 1-FS, 2)  
7. «Fame And Fortune» (opptak 4*,5)  
8. «A Mess Of Blues» (opptak 1)  
9. «A Mess Of Blues» (opptak 2*,3*)  
10. «It Feels So Right» (opptak 2)  
11. «It Feels So Right» (opptak 4*,3)  
April-innspelinga:
# Tittel Lengd
12. «Fever» (opptak 2*,3*-'f---' at end taken out)  
13. «Like A Baby» (opptak 1-FS/BD*)  
14. «Like A Baby» (opptak 2)  
15. «Like A Baby» (opptak 3,4*)  
16. «It's Now Or Never» (opptak 2)  
17. «It's Now or Never» (opptak 3,4*)  
18. «Girl Of My Best Friend» (opptak 2*,4*,5*,6)  
19. «Girl Of My Best Friend» (opptak 9)  
20. «Dirty, Dirty Feeling» (opptak 1)  
21. «Dirty, Dirty Feeling» (opptak 2*,3*-sp last chord from 4/m)  
22. «Thrill Of Your Love» (opptak 1,2*,1-PB)  
23. «Such A Night» (opptak 2,3,4*/5-sp)  
24. «Girl Next Door Went A'Walking» (opptak 1,2,3)  
25. «Are You Lonesome Tonight» (opptak 4*-FS,3*, wp 1/2-sp*)  

*tidlegare ikkje utgjeven take

[45]

Legacy-utgåva frå 2011[endre | endre wikiteksten]

Disk ein - Elvis is Back!
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Make Me Know It»  Otis Blackwell 1:58
2. «Fever»  John Davenport og Eddie Cooley 3:31
3. «The Girl of My Best Friend»  Beverly Ross og Sam Bobrick 2:21
4. «I Will Be Home Again»  Bennie Benjamin, Raymond Leveen, Lou Singer 2:33
5. «Dirty Dirty Feeling»  Jerry Leiber og Mike Stoller 1:35
6. «Thrill of Your Love»  Stan Kesler 2:59
7. «Soldier Boy»  David Jones og Theodore Williams Jr. 3:04
8. «Such A Night»  Lincoln Chase 2:58
9. «It Feels So Right»  Fred Wise og Ben Weisman 2:09
10. «Girl Next Door Went a-Walking»  Bill Rice og Thomas Wayne 2:12
11. «Like A Baby»  Jesse Stone 2:38
12. «Reconsider Baby»  Lowell Fulson 3:39
13. «Stuck on You»  Aaron Schroeder og S. Leslie McFarland 2:18
14. «Fame and Fortune»  Fred Wise og Ben Weisman 2:29
15. «It's Now or Never»  Eduardo di Capua, Aaron Schroeder, Wally Gold 3:14
16. «A Mess of Blues»  Doc Pomus og Mort Shuman 2:49
17. «Are You Lonesome Tonight?»  Lou Handman og Roy Turk 3:05
18. «I Gotta Know»  Paul Evans og Matt Williams 2:15
19. «Surrender»  Doc Pomus og Mort Shuman 1:51
Disk to - Something for Everybody
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «There's Always Me»  Don Robertson 2:16
2. «Give Me the Right»  Fred Wise and Norman Blagman 2:32
3. «It's A Sin»  Fred Rose og Zeb Turner 2:39
4. «Sentimental Me»  James T. Morehead og James Cassin 2:31
5. «Starting Today»  Don Robertson 2:03
6. «Gently»  Murray Wisell og Edward Lisbona 2:15
7. «I'm Comin' Home»  Charlie Rich 2:20
8. «In Your Arms»  Aaron Schroeder og Wally Gold 1:50
9. «Put the Blame on Me»  Fred Wise, Kay Twomey, Norman Blagman 1:57
10. «Judy»  Teddy Redell 2:10
11. «I Want You with Me»  Woody Harris 2:13
12. «I Slipped, I Stumbled, I Fell»  Fred Wise og Ben Weisman 1:35
13. «I Feel So Bad»  Chuck Willis 2:53
14. «(Marie's the Name of) His Latest Flame»  Doc Pomus og Mort Shuman 2:07
15. «Little Sister»  Doc Pomus og Mort Shuman 2:30
16. «Good Luck Charm»  Aaron Schroeder og Wally Gold 2:23
17. «Anything That's Part of You»  Don Robertson 2:04

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Lister (1960) Plassering[32]
UK Albums Chart 1
US Billboard Top Selling LP's 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kirchberg 1999, s. 42.
  2. Salisbury 1957, s. 4.
  3. Templeton 2002, s. 10.
  4. Templeton 2002, s. 16.
  5. Guralnick 1994, s. 448–49.
  6. Guralnick 1994, s. 461–74.
  7. Guralnick 1994, s. 466–67.
  8. Ponce de Leon 2007, s. 115.
  9. Jorgensen 1998, s. 107.
  10. Gilliland 1969, show 8, track 2.
  11. Whitburn 1993, s. 501.
  12. Marcus 1982, s. 278.
  13. Guralnick 1998, s. 44-45.
  14. Guralnick 1998, s. 45.
  15. 15,0 15,1 Guralnick 1998, s. 46.
  16. 16,0 16,1 Jeansonne, Glen; Luhrssen, David; Sokolovic, Dan 2011, s. 162.
  17. Slaughter 2004, s. 54.
  18. 18,0 18,1 Jeansonne, Glen; Luhrssen, David; Sokolovic, Dan 2011, s. 161.
  19. Guralnick 1998, s. 59.
  20. 20,0 20,1 Colman 2011, s. 8.
  21. Colman 2011, s. 4.
  22. Granata 2003, s. 22-23.
  23. Guralnick 1998, s. 60.
  24. Guralnick 1998, s. 61.
  25. Guralnick 1998, s. 64.
  26. Guralnick 1998, s. 65.
  27. Guralnick 1998, s. 66.
  28. Jorgensen 1998, s. 129.
  29. Hatch 1987, s. 95.
  30. Bernardo 2011, s. 32.
  31. Neibaur 2014, s. 55.
  32. 32,0 32,1 Mojo staff 2007, s. 30.
  33. 33,0 33,1 Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 120–21. ISBN 1-84353-417-7. 
  34. Billboard staff 1960, s. 35.
  35. 35,0 35,1 35,2 Eder 2008.
  36. Gage 2011.
  37. 37,0 37,1 37,2 «Elvis Presley Elvis Is Back!». Acclaimed Music. Henta 27. september 2016. 
  38. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  39. Horowitz 2011.
  40. von Tersch, Gary (March 2011). «Elvis Presley – Elvis Is Back: Legacy Edition». Record Collector. Henta 27. september 2016. 
  41. Hermes 2011.
  42. RIAA 2014.
  43. Dimery 2011, s. 238.
  44. «Follow That Dream». Elvispresleyshop. For Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Henta 16. januar 2015. 
  45. 45,0 45,1 «Elvis is Back». Elvispresleyshop. For Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Henta 16. januar 2015.