Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvis Presley

Elvis i 1970
Fødd8. januar 1935
FødestadTupelo i Mississippi i USA
Død16. august 1977 (42 år)
DødsstadMemphis i Tennessee i USA
FødenamnElvis Aaron Presley
AliasElvis, The King, The King of Rock 'n' Roll, Elvis the Pelvis, The Hillbilly Cat[1]
OpphavUSA
Aktiv19531977
SjangerRock and roll, Rockabilly, Rhythm and blues, Countryrock
InstrumentVokal, gitar, piano
Stemmetypebaryton
PlateselskapSun, RCA Victor
Verka somSongar, skodespelar
MorGladys Presley
FarVernon Elvis Presley
Gift medPriscilla Presley
Sambuar medGinger Alden, Anita Wood
BornLisa Marie Presley
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Gospel Music Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame, æresborger av Budapest, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Presidentens fridomsmedalje, Grammy Award

Elvis Aaron Presley (8. januar 193516. august 1977) var ein amerikansk rockemusikar og skodespelar. Han vert rekna som eit av dei viktigaste kulturikona på 1900-talet og er ofte blitt kalla «the King of Rock and Roll», eller berre «the King».

Presley vart fødd i Tupelo i Mississippi med ein tvillingbror som var dødfødd. Då han var 13 år gammal flytta han og familien til Memphis i Tennessee. Han hadde fått ein gitar til 11-årsdagen sin, ein gitar som skulle få stor betydning for musikkhistoria. Som ung mann fekk han jobb hos Crown Electrics, og køyre lastebil (ein truck) for firmaet. På sine turar såg han eit platestudio, som annonserte med at folk flest kunne spela inn ei plate for berre 4 dollar (+ skatt). I ein matpause gjorde han akkurat det, der My Happiness utgjorde framsida, mens That's When Your Heartaches Begin var på baksida. Legenda vil at dette skulle vera ei gåve til mora sin bursdag, men siden vi nå snakkar 18. juli 1953 og mora hadde fødselsdag i april er dette lite truleg. Mest ville han nok høyre seg sjølv på plate. Sidan familien var fattig, og ikkje hadde platespelar, tok Elvis med seg plata til ein kamerat, Ed Leek, si bestemor som hadde platespelar og der vart plata spela lenge og vel same dag. Deretter gjekk Elvis heim, utan plata. Den kom for ein dag midt på 80-talet, etter at bestemora var død og familien skulle rydde i huset. Han var òg tilbake i studio 4. januar 1954 og spela inn to nye songar: I'll Never Stand In Your Way og It Wouldn't Be The Same Without You. Marion Keisker hadde notert seg namnet, og tipsa Sam Phillips om ham, og i slutten av juni 1954 vart Elvis ringd opp av Phillips som lurte på om han kunne tenke seg gjera nokre forsøk i studio. Han vart introdusert til Scotty Moore (gitar) og Bill Black (ståbass) og dei spela litt saman. 5. juli gjekk dei i studio, og dei prøvde ut nokre rolege songar, men det vart aldri det heilt store. På band finnes framleis I Love You Because og Harbor Lights. I ein pause tok Elvis gitaren og starta å synge på ei "gammal" blueslåt. Bill hengde seg på med bassen og etter kvart kom også Scotty med gitaren med. Sam Phillips kom løpande og lurte på kva som skjedde. "Vi veit ikkje" ropa Scotty tilbake. "Vel, fortsett", var den klare meldinga frå Phillips som løp ut i kontrollrommet og sette i gang bandspelaren. Snart etter var That's All Right innspela og eit musikkhistorisk augneblink var eit faktum.

Musikkarrieren hans byrja der i 1954, då han spelte inn ein song med produsenten Sam Phillips i Sun Records. I lag med gitaristen Scotty Moore og bassisten Bill Black var Presley ein av dei første til å popularisere rockabilly, ei kjapp, etterslagbasert blanding av country og rhythm and blues. RCA Victor fekk kontrakt med han i ein avtale arrangert av Colonel Tom Parker, som var manager for songaren i meir enn to tiår. Den første singelen til Presley for RCA, «Heartbreak Hotel», kom ut i januar 1956 og gjekk til topps i USA. Han vart rekna som ein leiande person i rock and roll etter ei rekkje suksessrike framsyningar på fjernsyn og ei rekkje hitsinglar. Dei energiske songtolkingane hans og den seksuelt utfordrande måten han tedde seg på scenen, i tillegg til ei særs mektig blanding av påverknader på tvers av raseskilja, som skjedde samstundes med at borgarrettsrørsla oppstod, gjorde han enormt populær - og kontroversiell.

I november 1956 debuterte han som skodespelar i filmen Love Me Tender. I 1958 vart han innkalla til militærteneste. Han tok opp att musikkarrieren sin to år seinare, og produserte somme av dei minst kommersielt suksessrike platene sine før han gjennom det meste av 1960-åra spelte i Hollywoodfilmar, som han òg spelte inn musikk for. Dei fleste av desse vart slakta av kritikarane. Etter ein sju år lang konsertpause, kom han i 1968 attende på scenen med ei lovprisa fjernsynssending, Elvis, som førte til at han byrja å halde faste konsertar i Las Vegas og la ut på ei rekkje innbringande turnear. I 1973 heldt Presley den første konserten som vart sendt globalt via satellitt, Aloha from Hawaii. Fleire år med misbruk av reseptpliktig medisin skadde helsa hans, og han døydde i 1977, berre 42 år gammal.

Presley er ein av dei mest lovpriste og innverknadsrike musikarane på 1900-talet. Han hadde stor suksess i mange sjangrar, som pop, blues og gospel, og er den mestseljande soloartisten i historia,[2][3][4][5] med eit estimert sal på kring 600 millionar plater og singlar verda over.[6] Han vann tre Grammyprisar, òg fekk Grammy Lifetime Achievement Award 36 år gammal. Han har sidan blitt innlemma i fleire musikalske æresgalleri.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

1935–53: Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Barndommen i Tupelo[endre | endre wikiteksten]

Fødestaden til Presley i Tupelo i Mississippi.

Presley vart fødd 8. januar 1935 i Tupelo i Mississippi, som son av Gladys Love (fødd Smith; 1912–1958) og Vernon Elvis Presley (1916–1979),[7] i ei to rom stort haglebu bygd av faren til Vernon medan Gladys var gravid. Jesse Garon Presley, tvillingbroren til Elvis, var dødfødd og kom 35 minutt før Elvis sjølv.[8] Som einebarn fekk han eit nært forhold til foreldra og hadde særleg eit tett band til mora. Familien tilhøyrte pinsemeinigheita Assembly of God, og det var her han fann den første musikalske inspirasjonen sin. Sjølv om han var i konflikt med pinsekyrkja, forlet han aldri offisielt kyrkja.[9][10][11]

Opphavet til Presley var hovudsakleg vesteuropeisk, med irske, skotske,[12] tyske,[13] og normanniske aner. Familien var ofte avhengig av naboar og staten for å få nok mat på bordet. I 1936 overlevde familien ein tornado av styrke F5, den kraftigaste varianten. I 1938 mista dei heimen sin då Vernon vart funnen skuldig i sjekkrytteri. Sjekken vart skriven av landeigaren, Orville S. Bean, ein mjølkebonde som Vernon då arbeidde for. Han sat i fengsel i åtte månader, og Gladys og Elvis flytta inn hos slektningar.[14]

I september 1941 byrja Presley i første klasse på East Tupelo Consolidated, der han vart rekna som «gjennomsnittleg».[15] Han vart oppfordra til å bli med på ein songkonkurranse etter at han imponerte læraren sin med Red Foley-songen «Old Shep» under ei morgonbøn. Konkurransen, the Mississippi-Alabama Fair and Dairy Show den 3. oktober 1945, var den første offentlege framsyninga hans. Utkledd som cowboy stod den då ti år gamle Presley på ein stol for å nå opp til mikrofonen og song «Old Shep». Han enda på femteplassen i konkurransen.[16] Eit par månader seinare fekk Presley den første gitaren sin i bursdagsgåve, men vart skuffa fordi han heller hadde ønskt seg ein sykkel eller eit gevær.[17][18] Det neste året lærte to av onklane og den nye pastoren i kyrkja hans han å spele gitar. Presley sa sjølv «Eg tok gitaren, og eg såg på folk, og eg lærte å spele litt. Men eg song aldri for folk. Eg var særs sjenert når det kom til det».[19]

Då han byrja på ny skule, Milam, i sjette klasse i september 1946, vart Presley rekna som ein einstøing. Det neste året brukte han ta med seg gitaren kvar dag. Han spelte og song i lunsjpausen, og vart ofte erta for å vere «thrasy» (ein frå den kvite underklassen) som spelte hillbillymusikk. Familien budde då i eit stort sett afroamerikansk nabolag.[20] Presley var stor fan av radioshowet til Mississippi Slim på radiostasjonen WELO. Presley gjekk i klassen til den yngre broren til Slim, som ofte tok han med på stasjonen. Slim lærte Presley fleire ting på gitaren.[21] Då Presley var 12 år gammal fekk Slim han til å spele på lufta to gonger. Presley takla ikkje scenefrykta den første gongen, men klarte å spele veka etter.[22]

Tenåra i Memphis[endre | endre wikiteksten]

I november 1948 flytta familien til Memphis i Tennessee. Etter å ha budd nesten eitt år i losjihus fekk dei ein leilegheit med to soverom i eit offentleg bustadbygg kalla Lauderdale Courts.[23] Han byrja å gå på L. C. Humes High School og fekk berre C i musikk i åttande klasse. Då musikklæraren hans sa til han at han ikkje var flink nok til å syngje, tok han med seg gitaren dagen etter og song «Keep Them Cold Icy Fingers Off Me» i eit forsøk på motbevise ho. Ein klassekamerat sa seinare at læraren «var samd med Elvis då han sa at ho ikkje likte måten han song på».[24] Han var vanlegvis for sjenert til å syngje for folk, og vart stundom mobba av klassekameratane som såg på han som ein «mammadalt».[25] I 1950 gjekk han i fast lære på gitar hos Jesse Lee Denson, ein nabo som var to år eldre han. Dei og tre andre gutar - mellom andre dei to framtidige rockabilly-pionerane, brørne Dorsey og Johnny Burnette - spelte stundom i lag.[26] I september det året byrja Elvis å vere dørvakt ved Loew's State Theater.[27] Seinare hadde han andre jobbar, som Precision Tool, Loew igjen og MARL Metal Products.[28]

Etter kvart byrja Presley å skilje seg meir ut frå klassekameratane. Han fekk kraftig skinnskjegg og byrja å ha roseolje og vaselin i håret. På fritida si brukte han gå på Beale Street, i hjartet av det blømande bluesmiljøet i Memphis, og brukte å stå å sjå på dei prangande kleda i vindauga hos Lansky Brothers. Siste året på skulen gjekk han i desse kleda.[29] Han kom seg over sceneskrekken og konkurrerte på Humes's Annual «Minstrel»-showet i april 1953. Han song og spelte gitar og opna med «Till I Waltz Again with You», som nyleg hadde vore ein hit for Teresa Brewer. Presley hugsa at framsyninga hjelpte stort for ryktet hans: «Eg var ikkje populær på skulen...då eg kom på scenen høyrte eg mumling og kviskring i publikum, fordi ingen visste at eg kunne syngje. Det er utruleg kor populær eg vart etter det.»[30]

Presley, som aldri gjekk i formell lære eller lærte seg å lese notar, studerte og spelte etter øyret. Han gjekk ofte på platebutikkar med jukeboksar og lyttekioskar. Han kunne alle songane til Hank Snow,[31] og likte særs godt plater av andre countrysongarar som Roy Acuff, Ernest Tubb, Ted Daffan, Jimmie Rodgers, Jimmie Davis og Bob Wills.[32] Southern gospel-songaren Jake Hess, ein av favorittartistane til Presley, hadde stor innverknad på korleis han song balladar.[33][34] Han var ofte å sjå i publikum på dei månadlege All-Night Singings i sentrum, der mange kvite gospelgrupper song songar inspirerte av afroamerikansk negro spirituals.[35] Han beundra musikken til den svarte gospelsongaren Sister Rosetta Tharpe.[32] Som sine likemenn kan han ha gått på blueskonsertar på kveldar då det berre var kvitt publikum, slik det var på den tida i det segregerte Sør-USA.[36] Han lytta i alle fall til regionale radiostasjonar, som WDIA-AM, som spelte «raseplater»: spiritual, blues, og moderne etterslagstung rhythm and blues.[37] Mange av dei framtidige innspelingane hans var inspirerte av lokale afroamerikanske musikarar som Arthur Crudup og Rufus Thomas.[38][39] B.B. King hugsa at han kjende Presley før han vart populær, då dei begge brukte å gå på Beale Street.[40] Då Presley var ferdig på vidaregåande i juni 1953 hadde han alt bestemt seg for å bli musikar.[41][42]

1953–55: Dei første innspelingane[endre | endre wikiteksten]

Sam Phillips og Sun Records[endre | endre wikiteksten]

Presley på eit bilete for Sun Records i 1954.

I juli 1953 (18. juli) gjekk Presley inn på kontoret til Sun Records. Han ønskte å betale for eit par minuttar med studiotid for å spele inn ei acetatplate på to sider med «My Happiness»[43] og «That's When Your Heartaches Begin». Han hevda seinare at plata skulle vere ei gåve til mora, eller at han berre var interessert i å høyre korleis han høyrdest ut, sjølv om det var langt billigare amatørinnspelingstenester i ein butikk i nærleiken. Biografen Peter Guralnick hevdar han valde Sun i håp om å bli oppdaga. Resepsjonisten Marion Keisker spurte han om kva slags songar han var og Presley svarte: «Eg syng all slags musikk». Då ho spurte han igjen sa han «Eg høyrest ikkje ut som nokon». Etter innspelinga bad sjefen i Sun, Sam Phillips Keisker om å notere seg namnet på den unge mannen og ho skreiv: «God balladesongar. Vent.»[44]

I januar 1954 spelte Presley ei ny acetatplate på Sun Records — «I'll Never Stand In Your Way» og «It Wouldn't Be the Same Without You» — men det skjedde ingenting.[45] Ikkje lenge etter mislukkast han då han prøvesong for ein lokal vokalkvartett, the Songfellows. Han forklarte dette til faren, «Dei sa til meg at eg ikkje kunne syngje.»[46] Songaren Jim Hamill hevda seinare at han vart avvist fordi han på den tida ikkje hadde eit øyre for harmoni.[47] I april byrja Presley å arbeide for Crown Electric som lastebilsjåfør.[48] Venen hans Ronnie Smith føreslo etter han hadde spelt eit par lokale konsertar at Presley kontakta Eddie Bond, som leia det profesjonelle bandet til Smith, der det var ein opning som vokalist. Bond takka nei til Elvis etter at han hadde prøvesunge, og rådde Presley til å halde seg til sjåførjobben «for du vil aldri klare det som songar».[49]

Phillips var samstundes på utkikk etter nokon som kunne bringe musikken til svarte musikarar, som Sun fokuserte på, ut til eit større publikum. Som Keisker skreiv «Om og om igjen hugsa eg Sam sa, 'Om me kan finne ein kvit mann som har negerstilen og negerkjensla, så kan eg tene ein milliard dollar'».[50] I juni fekk han ei demoinnspeling av balladen «Without You», som han meinte passa tenåringssongaren. Presley kom til studio, men klare ikkje å syngje ein bra versjon. Trass i dette bad Phillips Presley om å syngje så mange songar han kunne. Han likte godt nok det han høyrde til å invitere to lokale musikarar, gitaristen Winfield «Scotty» Moore og kontrabassisten Bill Black, til å arbeide med Presley på ei innspeling.[51] Innspelinga skjedde kvelden 5. juli 1954 og førte ikkje fram til noko før seint på kvelden. Då dei var i ferd med å gje opp og gå heim, tok Presley gitaren og spelte ein bluessong frå 1946, Arthur Crudup sin «That's All Right». Moore fortalte «Brått byrja Elvis å syngje denne songen, hoppa rundt og oppførte seg som ein tulling, og så byrja Bill å spele bass og han oppførte seg som ein tulling han òg, og eg heiv meg med dei. Sam, trur eg, hadde døra open til kontrollrommet... han stakk hovudet ut døra og sa 'Kva held de på med?' Og me sa 'Me anar ikkje.' 'Vel, gå attende' sa han, 'prøv å finne ein stad å byrje, og gjer det ein gong til.'» Phillips sette i gang opptaket; dette var stilen han hadde vore på utkikk etter.[52] Tre dagar seinare spelte den populære programleiaren i Memphis, Dewey Phillips, «That's All Right» på programmet sitt Red, Hot, and Blue.[53] Lyttarane byrja å ringe inn og ønskte å finne ut kven songaren var. Interessa var så stor at Phillips spelte plata om att og om att i to timar i løpet av showet sitt. Phillips intervjua Presley på lufta og spurte han om kva skule han hadde gått å, for å syne for lyttarene at han var kvit, sidan mange av innringarane tenkte seg at han var svart.[54][55] Dei neste par dagane spelte trioen inn ein bluegrassong, Bill Monroe sin «Blue Moon of Kentucky», igjen i ein særeigen stil med ein ekkoeffekt som Sam Phillips kalla «slapback». Det vart trykt ein singel med «That's All Right» på A-sida og «Blue Moon of Kentucky» på andre sida.[56]

Tidlege konsertar og kontrakt med RCA[endre | endre wikiteksten]

Trioen spelte offentleg første gongen den 17. juli på klubben Bon Air. Presley hadde då framleis den første gitaren sin, som var i barnestorleik.[57] I slutten av månaden spelte dei på Overton Park Shell, med Slim Whitman øvst på plakaten. I ein kombinasjon av den kraftige reaksjonen hans på rytmen og at han var nervøs for å spele føre så mange folk, byrja Presley å riste på beina medan han spelte. Dei vide buksene hans rista kraftig av denne rørsla og dei unge kvinnene i publikum byrja å hyle.[58] Moore hugsa «Under instrumentalpartia tok han eit steg bort frå mikrofonen og spelte og dansa, og publikum tok heilt av».[59] Black, som var ein naturleg underhaldar, hoia og reid på bassen sin, og slo doble slag som Presley seinare omtalte som «ein verkeleg vill lyd, som ei jungeltromme eller noko slikt».[59] Kort tid etter slutta Moore og Black i det gamle bandet sitt for å spele fast med Presley, og radioprogramleiaren Bob Neal vart manageren deira. Frå august til oktober spelte dei ofte på klubben Eagle's Nest og gjekk i Sun Studio att for å spele inn meir musikk,[60]samstundes som Presley vart meir sjølvsikker på scenen. Moore sa «Rørsla hans var heilt naturleg, men han var òg særs medviten på kva som fekk folk til å reagere. Han gjorde eitt eller anna ein gong, og så utvikla han dette raskt vidare».[61] Presley spelte det som vart den einaste framsyninga hans på Grand Ole Opry i Nashville den 2. oktober. Etter høfleg respons frå publikum sa sjefen for programmet, Jim Denny til Phillips at songaren var «slett ikkje verst», men passa ikkje inn i programmet.[62][63] To veker seinare spelte Presley på Louisiana Hayride, den viktigaste og meir dristige konkurrenten til Opry. Showet som gjekk i Shreveport vart kringkasta til 198 radiostasjonar i 28 statar. Presley vart særs nervøs under det første settet, og fekk berre middels reaksjon frå publikum. For det andre settet tok han seg saman og spelte med meir energi, og fekk entusiastisk respons.[64] Den faste trommeslagaren på showet, D.J. Fontana førte inn eit nytt element med rytmar som utfylte og følgde danserørslene til Presley, noko han hadde lært seg då han spelte på strippeklubbar.[65] Kort tid etter showet tinga Hayride Presley for faste framsyningar kvar laurdagskveld det neste året. Han byta ut den gamle gitaren sin for 8 dollar (og såg at denne vart kasta i søpla) og kjøpte ein Martin-gitar for 175 dollar. Trioen byrja å spele på nye stader, som i Houston i Texas og Texarkana i Arkansas.[66]

Dei mange framsyningane på Hayride og dei mange konsertane andre stader gjorde at Presley selde bra med plater og tidleg i 1955 hadde han blitt ei stjerne i regionen frå Tennessee til Vest-Texas. I januar signerte Neal ein formell managerkontrakt med Presley og tok songaren med seg til Colonel Tom Parker, som han rekna som den beste promotoren i musikkindustrien. Parker hadde med suksess vore manager for countrystjerna Eddy Arnold, og arbeidde no med ei ny countrystjerne, Hank Snow. Parker tok Presley med seg på februarturneen til Snow.[67][68] Då turneen kom fram til Odessa i Texas, såg den då 19 år gamle Roy Orbison Presley for første gongen: «Energien hans var utruleg, instinktet hans fantastisk. Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Det var ikkje noko referansepunkt i kulturen det kunne samanliknast med».[31] Presley debuterte på fjernsyn den 3. mars på KSLA-TV-sendinga Louisiana Hayride. Kort tid etter mislukkast han i ei prøvespeling for Arthur Godfrey's Talent ScoutsCBS. I august hadde Sun gjeve ut fem singlar tilskrive «Elvis Presley, Scotty and Bill». På den siste innspelinga fekk trioen med seg ein trommeslagar. Somme av songane, som «That's All Right», vart spelt i det ein av Memphis-journalistane kalla «R&B-uttrykket i negerjazz», medan andre, som «Blue Moon of Kentucky», var «meir i countryretninga», «men det var ei rar blanding av dei to musikkstilane i begge».[69] Denne blandinga av musikkstilane gjorde det vanskeleg for Presley å få musikken spelt på radio. I følgje Neal ville ikkje mange av countryprogramma spele musikken fordi han høyrtes for mykje ut som ein svart artist, og ingen av rhythm-and-blues-stasjonane ville spele han «fordi han høyrdest for mykje ut som ein hillbilly».[70] Denne blandinga vart sidan kalla rockabilly. På den tida vart Presley stundom kalla «The King of Western Bop», «The Hillbilly Cat» og «The Memphis Flash».[71]

Presley skreiv ny kontrakt med Neal i august 1955 og utpeikte samstundes Parker som spesialrådgjevar.[72] Gruppa fortsette å turnere mykje det andre halvåret.[73] Neal sa «Reaksjonen Elvis fekk frå tenåringsgutane var nesten skremmande. Så mange av dei praktisk talt hata han på grunn av sjalusi eller noko slikt. Somme plassar i Texas måtte me ha politiet til å passe på oss fordi det alltid var nokon som prøvde å ta han. Dei samla seg i gjengar og låg på lur og venta på han.»[74] Trioen vart ein kvartett då Hayride-trommeslagaren Fontana kom med som fulltidsmedlem. I midten av oktober spelte dei nokre konsertar som oppvarming for Bill Haley, som hadde hatt ein stor hit med «Rock Around the Clock» året før. Haley såg at Presley hadde ei naturleg rytmekjensle og rådde han til å syngje færre balladar.[75]

Ved Country Disc Jockey Convention tidleg i november, vart Presley kåra til årets mest lovande mannlege artist.[76] Fleire plateselskap synte no interesse i han. Etter at tre store selskap tilbaud opp til 25 000 dollar, gjekk Parker og Phillips inn ein avtale med RCA Victor den 21. november, der RCA fekk Sun-kontrakten til Presley den 21. november for uhøyrte 40 000 dollar.[77][a] Presley, som var 20 år, vart framleis rekna som mindreårig, så faren signerte kontrakten for han.[78] Parker fekk eigarane av Hill and Range Publishing, Jean og Julian Aberbach, til å skape to selskap, Elvis Presley Music og Gladys Music, for å ta seg av alle dei nye songane som Presley spelte inn. Låtskrivarane måtte gje avkall på ein tredjedel av dei vanlege honorara sine i byte mot at han spelte songane deira.[79][b] I desember byrja RCA å marknadsføre den nye songaren deira kraftig, og før månaden var over hadde dei gjeve ut mange av Sun-innspelingane hans på ny.[82]

1956–58: Det store gjennombrotet[endre | endre wikiteksten]

Debuten på nasjonal TV og debutalbumet[endre | endre wikiteksten]

Foto for CBS-programmet Stage Show, 16. januar 1956.

Den 10. januar 1956 spelte Presley for første gongen for RCA i Nashville.[83] I tillegg til dei faste musikarane hans, Moore, Black og Fontana, henta RCA inn pianisten Floyd Cramer, gitaristen Chet Atkins og tre korsongarar, mellom anna førstetenoren Gordon Stoker frå den populære kvartetten Jordanaires Dette gjorde dei for å få ein meir fyldig lyd.[84] Innspelinga produserte den tunglynte, uvanlege «Heartbreak Hotel», som vart gjeven ut på singel den 27. januar.[83] Parker fekk til slutt Presley spelt på nasjonal fjernsyn, på CBS-programmet Stage Show for seks framsyningar over to månader. Programmet, som vart produsert i New York, vart leia anna kvar veke av storbandleiarar og brørne Tommy og Jimmy Dorsey. Etter den første framsyninga hans, den 28. januar, introdusert av Bill Randle, vart Presley verande i byen for å spele inn musikk i studioet til RCA i New York. Her vart det spelt inn åtte songar, mellom anna ein coverversjon av Carl Perkins-songen «Blue Suede Shoes». I februar nådde Presley sin «I Forgot to Remember to Forget», ei Sun-innspeling som opphavleg kom ut i august året før, toppen av Billboard-countrylista.[85] Kontrakten til Neal vart avslutta og 2. mars vart Parker manageren til Presley.[86]

RCA Victor gav ut debutalbumet hans 23. mars. Albumet bestod av dei sju nye innspelingane og fem Sun-innspelingar som ikkje var gjevne ut før. Det var to countrysongar og ein livleg popsong. Dei andre songane var sentrale i å definere den nye rock and roll-stilen: «Blue Suede Shoes» var i følgje kritikaren Robert Hilburn «ei forbetring av Perkins sin versjon på nesten alle måtar» . I tillegg var det tre R&B-songar som Presley hadde spelt på scenen ei tid, songar av Little Richard,[54] Ray Charles og The Drifters. Hilburn skildra desse som «dei mest avslørande av dei alle. I motsetnad til mange kvite artistar... som vatna ut dei grove kantane i dei originale R&B-songane i 1950-åra, omforma Presley dei. Han la ikkje berre sin eigen vokalkarakter på songane, men gjorde òg gitaren, ikkje pianoet, til hovudinstrumentet i desse tre.»[87] Det vart det første rock and roll-albumet som nådde toppen av Billboard-lista, der det låg i 10 veker.[83] Sjølv om Presley ikkje var ein nyskapande gitarist som Moore eller dei afroamerikanske rock and roll-artistane Bo Diddley og Chuck Berry, hevda kulturhistorikaren Gilbert B. Rodman at biletet på plateomslaget «av Elvis som tar av på scenen med ein gitar i handa spelte ei avgjerande rolle i å gjere gitaren til instrumentet som best fanga stilen og anda i denne nye musikken».[88]

Milton Berle Show og «Hound Dog»[endre | endre wikiteksten]

Presley gjorde dei to første framsyningane sine på NBC-programmet Milton Berle Show den 3. april. Han spelte på dekket av USS «Hancock» i San Diego og fekk rop og skrik frå eit publikum av sjømenn og kjærastane deira.[89] Eit par dagar seinare flaug Presley og bandet hans til Nashville for ei innspeling, då eine flymotoren gav seg og flyet nesten styrta over Arkansas.[90] Tolv veker etter originalutgjevinga vart «Heartbreak Hotel» den første singelen til Presley som nådde toppen av poplista i USA. Seint i april spelte Presley i to veker ved New Frontier Hotel and CasinoLas Vegas Strip. Konsertane fekk dårleg respons hos konservative, middelaldrande hotellgjester[91]— ein kritikar for Newsweek skreiv «som ei mugge med maissprit på ein champagne-fest».[92] Medan han var i Vegas, signerte Presley, som hadde seriøse skodespelarambisjonar, ein sjuårskontrakt med Paramount Pictures.[93] Han byrja ein turné i Midtvesten i midten av mai, og spelte i 15 byar på like mange dagar.[94] Han hadde sett fleire konsertar med Freddie Bell and the Bellboys i Vegas og likte særs godt versjonen deira av «Hound Dog», ein hit i 1953 for bluessongaren Big Mama Thornton av låtskrivarane Jerry Leiber og Mike Stoller.[91] Det vart det nye avslutningsnummeret på konsertane hans.[95] Etter ein konsert i La Crosse i Wisconsin vart det sendt eit hastebrev frå den katolske lokalavisa til FBI-direktøren J. Edgar Hoover. Det åtvara om at «Presley er heilt klar ein fare for tryggleiken i USA...Handlingane og rørslene hans er slik at dei oppmuntrar til seksuell stemning hos tenåringane. Etter showet prøvde meir enn tusen tenåringar å kome seg inn på rommet til Presley i auditoriet. Døme på skaden Presley nettopp gjorde i La Crosse var autografar han skreiv på magen og låret til to jenter».[96]

Den andre framsyninga på Milton Berle Show var den 5. juni i studioet til NBC i Hollywood, under ein ny hektisk turné. Berle overtydde songaren om å la gitaren vere att bak scenen og sa «La dei sjå deg, sønn.»[97] Under framføringa stoppa Presley ein kjapp versjon av «Hound Dog» med ei rørsle med armen, og sette i gang ein langsam, malande versjon med kraftige hofterørsler.[97] Dette skapte ein klagestorm.[98] Aviskritikarar var i harnisk. Jack Gould i The New York Times skreiv «Mr. Presley er ikkje ein særleg dyktig songar. ... Fraseringa hans, om det kan kallast det, består av stereotype variasjonar som folk syng i badekaret. ... Den eine spesialiteten hans er kraftige kroppsrørsler ... som for det meste liknar repertoaret til blonde burlesk-kvinner.»[99] Ben Gross i Daily News i New York meinte at popmusikken «har nådd eit botnpunkt med stønna og fokuset på skrittet til ein viss Elvis Presley. ... Elvis, som roterer hoftene ... kom med ei vulgær framsyning og eit strøk av noko dyrisk som burde vore avgrensa til buler og bordell».[100] Ed Sullivan, som hadde det mest populære varietéshowet i landet, meinte at Elvis var «upassande for eit familieprogram».[101] Presley mislikte at han etter kort tid vart kalla «Elvis the Pelvis», som han meinte var «eit av dei mest barnslege uttrykka eg har høyrt frå ein vaksen».[102]

Steve Allen Show og første Sullivan-framsyninga[endre | endre wikiteksten]

Ed Sullivan og Presley under øvinga for den andre framsyninga hans på Ed Sullivan Show, 26. oktober 1956.

Berle-showa fekk så høge sjåartal at Presley 1. juli fekk spele på NBC-programmet Steve Allen Show i New York. Allen, som ikkje likte rock and roll, introduserte ein «ny Elvis» i kvit sløyfe og svart dress. Presley song «Hound Dog» i mindre enn eitt minutt til ein bassethund med flosshatt og sløyfe. Dette vart skildra av historikaren Jake Austen: «Allen syns Presley var talentlaus og absurd... han sette det opp slik at Presley kunne vise sin anger».[103] Allen skreiv seinare at han fann Presley «rar, mager, med ein landleg karisma og ein søtheit som er vanskeleg å definere. Den sjarmerande eksentrisiteten hans er spennande». Han gjorde rett og slett songaren til eit vanleg «kominummer» på programmet.[104] Like før den siste øvinga for showet, sa Presley til ein journalist «Eg tar det roleg på dette showet. Eg vil ikkje gjere noko som får folk til å mislike meg. Eg syns TV er viktig, så eg skal gå med på dette, men eg kan ikkje lage eit show eg gjer på konsertane mine».[105] Presley kalla sidan framsyninga på Allen-showet det mest latterlege han hadde gjort i karrieren.[106] Seinare på kvelden spelte han på Hy Gardner Calling, eit populært, lokalt TV-show. Han vart spurt om han hadde lært noko frå kritikken han nyleg hadde fått og svarte «Nei, det har eg ikkje. Eg syns ikkje eg gjer noko gale. Eg klarar ikkje å sjå korleis musikk kan ha dårleg innverknad på folk når det berre er musikk. Eg meiner, korleis kan rock and roll-musikk få nokon til å gjere opprør mot foreldra sine?»[100]

Presley med korgruppa si, Jordanaires, mars 1957.

Dagen etter spelte Presley inn «Hound Dog», i lag med «Any Way You Want Me» og «Don't Be Cruel». The Jordanaires song harmonivokal, slik dei hadde gjort på The Steve Allen Show. Dei fortsette å arbeide med Presley gjennom 1960-åra. Eit par dagar seinare spelte Presley ein utandørskonsert i Memphis der han sa «Du veit, dei folka i New York skal ikkje få endre meg i det heile tatt. Eg skal vise dykk korleis den verkelege Elvis er i kveld».[107] I august gav ein dommar i Jacksonville i Florida Presley ordre om å roe ned framferda si. På den neste framsyninga hans stod han stort sett heilt i ro, bortsett frå at han sprella med veslefingeren på hånleg vis.[108] Singelen «Don't Be Cruel» med «Hound Dog» på andre sida låg på toppen av lista i 11 veker - ein rekord som det skulle ta 36 år å slå.[109] Innspelinga for det andre albumet til Presley fann stad i Hollywood den første veka i september. Låtskrivarane Leiber og Stoller, som skreiv «Hound Dog», bidrog med «Love Me».[91][110]

Showet til Allen med Presley hadde for første gongen slått CBS-programmet Ed Sullivan Show i sjåartal. Trass i kommentarane sine i juni, henta Sullivan inn Presley for tre framsyningar for ein uhøyrt sum på 50 000 dollar.[111][91] Den første framsyninga, den 9. september 1956, vart sett av omtrent 60 millionar sjåarar - ein rekord med 82,6 % av dei samla sjåarane i USA.[112] Skodespelaren Charles Laughton var vert for showet som vikar for Sullivan, som hadde vore i ei bilulukke.[101] Presley deltok i to segment den kvelden frå CBS Television City i Los Angeles. Ifølgje Elvis-legenda, vart Presley berre filma frå hofta og opp.[91] Då Sullivan såg klipp frå Allen- og Berle-showa med produsenten sin, sa Sullivan «han har noko som heng ned frå skrittet i buksene sine, så når han flyttar beina att og fram så ser du konturane av 'utstyret' hans...eg trur det er ei cola-flaske... Me kan rett og slett ikkje ha dette ein laurdagskveld. Dette er eit familieprogram!»[113] Sullivan sa offentleg til TV Guide «når det gjeld hofterørslene, så kan me kontrollere det med kamerautsnittet»[111] I røynda vart Presley filma i heilfigur på det første og andre showet, men kameraarbeidet var relativt diskret på debuten, og filma nærbiletet av overkroppen då han dansa, medan publikum reagerte på vanlegvis med skrik og hyl.[114][115] Presley framførte den komande singelen sin, balladen «Love Me Tender», som førte til ny rekord for førehandssal med ein million bestillingar.[116] Meir enn noko anna var det denne første framsyninga på The Ed Sullivan Show som gjorde Presley til ein nasjonal kjendis av proporsjonar ein knapt hadde sett før.[101]

Samstundes med at Presley vart kjend, var det eit kulturskifte på gang som han var både med å inspirere og vart eit symbol for. «Han sette i gang det største pop-hysteriet sidan Glenn Miller og Frank Sinatra ... Presley førte rock'n'roll ut til dei store massane», skreiv historikaren Marty Jezer. «Sidan Presley sette den kunstnariske tonen, følgde andre artistar etter. ... Presley gav, meir enn nokon annan, dei unge ei tru på seg sjølv som ein særeigen og nokså samla generasjon - den første i Amerika som følte krafta i ein integrert ungdomskultur.»[117]

Ville publikum og filmdebut[endre | endre wikiteksten]

Presley spelte på Mississippi-Alabama Fairgrounds i Tupelo i Mississippi, 26. september 1956

Responsen til publikum på konsertane til Presley vart stadig meir febrilsk. Moore sa «Han starta med 'You ain't nothin' but a Hound Dog', og dei gjekk heilt amokk. Dei reagerte alltid på same måten. Det vart opprør kvar gong.»[118] På to konsertar han heldt i september på Mississippi-Alabama Fair og Dairy Show vart femti mann frå nasjonalgarden nytta som vakter i tillegg til politiet for å hindre problem i publikum.[119] Elvis, det andre albumet til Presley, kom ut i oktober det året og steig raskt til toppen av lista. Albumet inneheld «Old Shep», som han song i songkonkurransen i 1945, og som no var første gongen han spelte piano på ei RCA-innspeling. I følgje Guralnick kan ein høyre «i dei haltande akkordane og den noko klossete rytmen at kjensle var viktigare enn teknikk».[120] Om den musikalske og kulturelle innverknaden til Presley-innspelingane frå «That's All Right» tl Elvis skreiv rockejournalisten Dave Marsh at «desse platene inneheld meir enn noko anna frøa til kva rock and roll var, har vore og mest truleg kva det kjem til å bli».[121]

Presley drog attende til Sullivanshowet i hovudstudioet i New York, denne gongen med Sullivan sjølv som vert, den 28. oktober. Etter framsyninga brende folkemassar i Nashville og St. Louis dokker av han.[101] Den første filmen hans, Love Me Tender, kom ut 21. november. Sjølv om han ikkje hadde hovudrolla, vart originaltittelen The Reno Brothers, endra for å utnytta den siste hitten hans: «Love Me Tender» hadde nådd toppen av salslista tidlegare den månaden. For å vidare utnytte populariteten til Presley, vart det lagt til fire musikalske nummer til det som opphavleg var ei vanleg skodespelarrolle i filmen. Filmen vart slakta av kritikarane, men selde godt.[93]

Den 4. desember vitja Presley Sun Records der Carl Perkins og Jerry Lee Lewis var i studio og han jamma med dei. Sjølv om Phillips ikkje lenger hadde rettar til å gje ut nokre av innspelingane til Presley, sette han lydbandet på opptak. Resultatet vart den legendariske «Million Dollar Quartet»-innspelinga. Ein trudde lenge at Johnny Cash òg hadde vore med, men han var berre innom og var med på bilete.[122] Året enda med ei full framside i The Wall Street Journal som rapporterte at Presley hadde tent 22 millionar dollar på platesal,[123] og Billboard erklærte at han hadde hatt fleire songar på lista enn nokon annan artist.[124] I det første heile året hans for RCA, eit av dei største plateselskapa i musikkindustrien, stod Presley for over halvparten av singelsalet til selskapet.[116]

Leiber og Stoller-samabeid og militærinnkalling[endre | endre wikiteksten]

Presley spelte for tredje og siste gong på Ed Sullivan Show den 6. januar 1957, denne gongen berre filma frå livet og opp. Somme hevda at Parker fekk i stand sensuren for å skape blest.[115][125] Uansett skildra kritikaren Greil Marcus framsyninga: «Presley heldt ingen ting att. Han byta dei keisame kleda han hadde hatt på dei to første konsertane med i eit underleg pasjakostyme, om ikkje ei harem-jente. Frå sminka over augo, håret ned i andletet, den overvelande seksuelle forma på munnen. Han spelte Rudolph Valentino i The Sheik, med alle bremser av.»[101] For å vise rekkjevidda si og mot ønsket til Sullivan, song Presley ein roleg svart spiritual, «Peace in the Valley» som siste song. På slutten av showet omtalte Sullivan Presley som «ein skikkeleg, fin gut».[126] To dagar seinare annonserte sesjonen i Memphis at Presley kom til å bli innkalla til militæret ein gong på nyåret.[127]

Publisitetsbilete for Jailhouse Rock

Kvar av dei tre Presley-singlane som kom ut det første halvåret i 1957 gjekk til topps på salslista: «Too Much», «All Shook Up» og «(Let Me Be Your) Teddy Bear». Presley var alt ei internasjonal stjerne og fekk fans sjølv på stader der musikken hans ikkje var offisielt gjeven ut. Under overskrifta «Presley skapar hysteri i Sovjetunionen» rapporterte The New York Times at musikken hans vart trykt på brukte røntgenplater og selt for høg pris i Leningrad.[128] Mellom filminnspelingane og plateinnspelingane, fann songaren tid til å kjøpe eit 18 rom stort herskapshus 13 km sør for sentrum av Memphis til seg sjølv og foreldra: Graceland.[129] Då han møtte opp i filmstudio for den andre filmen sin, Loving You, som kom i juli, «sa sminkøren at augo mine kom til å gjere seg bra på lerretet med svart hår, så dei farga det».[130] Loving You, albumet som følgde filmen, vart det tredje for Presley som gjekk rett inn på toppen av albumlista. Tittelsporet vart skriven av Leiber og Stoller, som så vart heldt attende for å skrive fire av seks songar spelte inn for Jailhouse Rock, den neste filmen til Presley. Låtskrivarduoen produserte i røynda Jailhouse-innspelinga og utvikla eit tett samarbeid med Presley, som rekna dei som «lukkebringarane» sine.[131]

Leiber hugsa at han i starten ikkje syns at Presley «var heilt autentisk. Han var ein kvit songar og standarden min var svart».[132] I følgje Stoller var duoen «overraska over kor mykje kunnskap han hadde om svart musikk. Me forstod at han hadde ei merkverdig stemme og alt det, men me forstod ikkje at han kunne så mykje blues. Me var ganske overraska då me fann ut at han kunne like mykje om det som me kunne, og han visste meir enn oss om country og gospel.»[133] Leiber hugsa innspelingsprosessen med Presley, «Han var kjapp. Gav du han ein demo, så kunne han den utanåt på ti minutt.»[132] Stoller hugsa at Presley «vart passa på av manageren og følgjet hans. »[133]

Presley gjorde tre korte turnear det året, og fortsette å skape hysteri i publikum.[134] Ei avis i Detroit skreiv at «problemet med å gå og sjå Elvis Presley er at du kan ende opp med å bli drepen.»[135] Villanova-studentar kasta egg på han i Philadelphia,[135] og i Vancouver gjorde publikum opprør etter konserten var over, og øydela scenen.[136] Frank Sinatra, som hadde fått tenåringsjenter til å besvime på konsertane sine i 1940-åra, fordømde det nye musikkfenomenet. I ein magasinartikkel fordømde han rock and roll som «brutalt, stygt, forderva, vondskapsfullt...det fostrar nesten totalt negative og destruktive reaksjonar hos ungdomen. Det luktar falskt og uekte. Det vert hovudsakleg sungen, spelt og skriven av idiotar... Eg beklagar djupt dette pirringsmiddelet det luktar harskt av.»[137] Presley vart spurt om eit svar og sa «Eg beundrar mannen. Han har rett til å sei det han ønskjer å sei. Han er ein stor suksess og god skodespelar, men eg syns ikkje han skulle ha sagt det der. Dette er ein trend, den same som han var ein del av fleire år sidan.»[138]

Presley og Dolores Hart i King Creole, 1958.

Leiber og Stoller var igjen i studio for innspelinga av Elvis' Christmas Album. Mot slutten av innspelinga oppfordra Presley dei til å skrive ein song der og då, og dei laga «Santa Claus Is Back In Town», ein blues med mange veike vink.[139] Juleplata vart nok eit album av Presley som gjekk til topps på albumlista og vart etter kvart eit av dei bestseljande julemusikkalbuma gjennom tidene.[140][141] Etter innspelinga slutta Moore og Black, som berre fekk mindre vekesløner og ikkje noko av dei massive inntektene til Presley. Dei vart henta attende med dagløn eit par veker seinare, men det var klart at dei ikkje hadde vore ein del av den indre krinsen rundt Presley på ei stund.[142] Den 20. desember fekk Presley militærinnkallinga. Han fekk ei utsetjing for å gjere ferdig det komande albumet, King Creole, som Paramount og produsenten Hal Wallis alt hadde investert 350 000 dollar i. Eit par veker inn på nyåret vart «Don't», ein annan Leiber- og Stoller-melodi, den tiande førsteplassen til Presley. Det hadde berre gått 21 månader sidan «Heartbreak Hotel» vart den første. Innspelinga av King Creole-albumet vart gjort i Hollywood i midten av januar. Leiber og Stoller skreiv tre songar og var igjen med på innspelinga, men det var siste gongen dei arbeidde nært med Presley.[143] Ei studioinnspeling den 1. februar var siste gongen Black spelte med Presley. Han døydde i 1965.[144]

1958–60: Militærteneste og dødsfallet til mora[endre | endre wikiteksten]

Presley går inn i den amerikanske hæren i Fort Chaffee i Arkansas, 24. mars 1958.

Den 24. mars gjekk Presley inn i den amerikanske hæren som meinig ved Fort Chaffee, nær Fort Smith i Arkansas. Dette var breitt dekka i media. Hundrevis av folk samla seg kring Presley då han kom av bussen. Fotografane følgde han så til fortet.[145] Presley annonserte at han såg fram til perioden i militæret, og sa at han ikkje ønskte å bli behandla annleis: «Hæren kan gjere kva han vil med meg.»[146]

Kort tid etter byrja Presley på rekruttskulen i Fort Hood i Texas og fekk eit besøk frå Eddie Fadal, ein forretningsmann han hadde møtt på turné. I følgje Fadal sa Presley at han var overtydd om at karrieren var over.[147] Men så, under ein to veker lang perm tidleg i juni, spelte Presley inn fem songar i Nashville.[148] Tidleg i august det året fekk mora diagnosen hepatitt og vart raskt verre. Presley fekk perm for å vitje ho og kom til Memphis 12. august. To dagar seinare døydde mora av hjartesvikt, berre 46 år gammal. Presley var knust.[149] Han hadde eit særs nært band til mora, sjølv etter han vart vaksen. Dei kunne snakke til kvarandre med babyspråk og Presley hadde mange kallenamn på ho.[150]

Etter rekruttskulen kom Presley inn i 3. panserdivisjon i Friedberg i Tyskland den 1. oktober.[151] Han vart introdusert for amfetamin av ein sersjant medan dei dreiv med manøvrar, og han vart «praktisk talt evangelisk når han såg fordelane» - ikkje berre for energien det gav, men for «styrken» og vekttapet, og mange av venene hans i hæren byrja å ta stoffet.[152] Hæren introduserte òg Presley for karate, som han studerte seriøst, og seinare nytta på konsertane sine.[153] Andre soldatar rundt Presley sa at han ønskte å bli sett som ein dugande, vanleg soldat, trass i kjendisstatusen, og for sjenerøsiteten sin. Han donerte løna si i militæret til veldedige føremål, kjøpte fjernsyn for basen og kjøpte eit ekstra sett med arbeidsuniformar for alle i troppen hans.[154]

Medan han var i Friedberg møtte Presley den 14 år gamle Priscilla Beaulieu. Dei gifta seg sju og eit halvt år seinare.[155] I sjølvbiografien sin sa Priscilla at trass i at han var uroa for at det kom til å øydeleggje karrieren hans, overtydde Parker han om at han kom til å få mykje respekt hos folket om han tente landet sitt som vanleg soldat og ikkje i Special Services, der han framleis kunne ha fortsett med musikken og halde kontakten med publikummet.[156] Media rapporterte om uroa Presley hadde for karrieren sin, men RCA-produsentane Steve Sholes og Freddy Bienstock i Hill and Range hadde nøye førebudd den to år lange pausen. Dei hadde store mengder med innspelingar som ikkje var gjeven ut før, og dei fortsette å gje ut suksessrike utgjevingar.[157] Medan han var i militæret hadde Presely ti hitsinglar på topp 40, inkludert «Wear My Ring Around Your Neck», bestseljaren «Hard Headed Woman» og «One Night»[158] i 1958 og «(Now and Then There's) A Fool Such as I» og førsteplassen «A Big Hunk o' Love» i 1959.[159] RCA gav òg ut fire samlealbum med eldre innspelingar i denne perioden, der Elvis' Golden Records (1958) vart den mest suksessrike og nådde tredjeplassen på albumlista.[160]

1960–67: Filmar i fokus[endre | endre wikiteksten]

Elvis Is Back[endre | endre wikiteksten]

Presley kom attende til USA den 2. mars 1960 og var blitt sersjant då han avslutta tenesta 5. mars.[161] Toget som tok han frå New Jersey til Tennessee vart kringsett overalt og Presley vart beden om å syngje på alle stoppa langs ruta for å tekke fansen.[162] Kvelden 20. mars gjekk han inn i Nashville-studioet til RCA for å spele inn songar for eit nytt album, i lag med singelen «Stuck on You», som raskt vart gjeven ut og nådde toppen av singellista.[163] Ei ny innspeling i Nashville fann stad to veker seinare og resulterte i eit par av dei bestseljande singlane hans, balladane «It's Now or Never» og «Are You Lonesome Tonight?»,[164] i lag med resten av Elvis Is Back! Albumet inneheld fleire songar som Greil Marcus skildra som total «Chicago blues-trussel, driven av Presley sin akustiske gitar, det glimrande gitarspelet til Scotty Moore, og demonisk saksofon av Boots Randolph. Synginga til Elvis var ikkje sexy, han var pornografisk.»[165] Alt i alt mana plata fram «visjonen om ein artist som kunne vere kva som helst», i følgje musikkhistorikaren John Robertson: «eit flørtande tenåringsidol med eit hjarte av gull; ein valdsam, farleg elskar; ein rå bluessongar; ein sofistikert nattklubbsongar; ein hes rockar».[166]

Presley var attende på fjernsyn den 12. mai som gjest på The Frank Sinatra Timex Special—ironisk for begge, sidan Sinatra kort tid før hadde slakta rock and roll. Showet vart òg kalla Welcome Home Elvis, og vart filma seint i mars, den einaste framsyninga til Presley heile året før eit publikum. Parker sikra uhøyrte 125 000 dollar i betaling for åtte minuttar med synging. Sendinga trekte enormt mange sjåarar.[167]

G.I. Blues, filmmusikken til den første filmen til Presley sidan han kom heim, nådde toppen av salslista i oktober. Det første albumet hans med religiøs musikk, His Hand in Mine, kom to månader seinare. Det nådde 13. plassen på den amerikanske poplista og tredjeplassen i Storbritannia, særs høgt for eit gospelalbum. I februar 1961 spelte Presley to konsertar i Memphis til inntekt for 24 lokale veldedige organisasjonar. Under ein pause i konserten presenterte RCA han med ein plakett som synte at han hadde selt 75 millionar plater verda over.[168] Under ei 12 timar lang innspeling i Nashville i midten av mars spelte Presley inn nesten alle songane til det neste studioalbumet, Something for Everybody.[169] John Robertson skreiv at musikken var eit døme på Nashville sound, den beherska, kosmopolitiske stilen som kom til å definere countrymusikken i 1960-åra. Det varsla om kva Presley kom til å gjere dei neste fem åra. Albumet er stort sett ein «behageleg, ufarleg pastisj av musikken som ein gong hadde vore føderetten til til Elvis».[170] Det vart det sjette albumet hans som gjekk til topps på salslista. Ein ny veldedig konsert for eit minnesmerke ved Pearl Harbor vart halden den 25. mars på Hawaii. Det vart den siste konserten til Presley på sju år.[171]

Lost in Hollywood[endre | endre wikiteksten]

Parker hadde på denne tida pressa Presley inn i ein timeplan med mykje filmarbeid, hovudsakleg formelbaserte budsjettfilmar innan musikalsk komedie. Presley insisterte først på å få meir seriøse roller, men då to av dei meir dramatiske filmane — Flaming Star (1960) og Wild in the Country (1961) — var mindre kommersielt suksessrike, snudde han på dette. Blant dei 27 filmane han lagde i 1960-åra var det få unntak etter desse to.[172] Filmane hans vart slakta av nær sagt alle og kritikaren Andrew Caine avviste dei som «eit panteon for dårleg smak».[173] Likevel, selde dei alle godt. Hal Wallis, som produserte ni av dei, sa «Ein Presley-film er den einaste sikre suksessen i Hollywood».[174]

Av filmane til Presley i 1960-åra, laga han filmmusikkalbum til 15 av dei, og EP-ar med filmmusikk til fem andre. Dei mange filmane, opp til tre stykk i året, gjekk ut over musikken hans. I følgje Jerry Leiber, var filmmusikkformelen alt klår før Presley drog i militæret: «tre balladar, ein mellomrask song, ein livleg song og ein blues-boogie».[175] Etter kvart som tiåret gjekk vart kvaliteten på filmsongane «progressivt verre».[176] Julie Parrish, som spelte i Paradise, Hawaiian Style (1966), sa at han hata mange av songane som vart vald ut for filmane hans.[177] The Jordanaires-songaren Gordon Stoker skildra korleis Presley trekte seg unna studiomikrofonen: «Songane var så dårlege at han følte han ikkje kunne syngje dei».[178] Dei fleste av filmane inneheldt ein song eller to frå respekterte låtskrivarar som Doc Pomus og Mort Shuman. Men i det store og heile vart songane i følgje biografen Jerry Hopkins «skrivne av menn som verkeleg ikkje forstod Elvis eller rock and roll».[179] Utan omsyn til kvaliteten på songane, er ein stort sett samde om at Presley generelt song dei bra, med innsats.[180] Kritikaren Dave Marsh høyrde det motsette: «Presley prøver ikkje, og det er kanskje det smartaste med songar som 'No Room to Rumba in a Sports Car' og 'Rock-a-Hula Baby.'»[121]

På første halvdel av tiåret gjekk tre av filmmusikkalbuma til Presley til topps på poplista, og eit par av dei mest populære songane hans kom frå filmane hans, som «Can't Help Falling in Love» (1961) og «Return to Sender» (1962). («Viva Las Vegas», tittelsporet til filmen frå 1964 var ein mindre hit som B-side og vart først populære seinare). Men som det kunstnariske innhaldet, gjekk det nedover kommersielt. I løpet av ein femårsperiode frå 1964 til 1968 hadde Presley berre ein hit på topp 10: «Crying in the Chapel» (1965), ein gospelsong han hadde spelt inn i 1960. Utanom filmmusikkalbuma vart det mellom Pot Luck i juni 1962 og albumet med musikken til comebacksendinga på fjernsyn i november 1968, berre gjeve ut eitt album med nye songar: gospelalbumet How Great Thou Art (1967). For dette albumet fekk han den første Grammyprisen sin, for beste religiøse song. Som Marsh sa: «Presley var utan tvil den beste kvite gospelsongaren på si tid og den siste rock and roll-artisten som gjorde gospel til ein like viktig del av den musikalske personlegdomen sin som dei verdslege songane».[181]

Kort tid etter jula 1966, meir enn sju år etter dei møttes første gongen, fridde Presley til Priscilla Beaulieu. Dei gifta seg 1. mai 1967 i ein kort seremoni i suiten sin på Aladdin Hotel i Las Vegas.[182] Fleire filmar og filmmusikkalbum følgde, og det var først i oktober 1967, då Clambake sette ny rekord for dårleg platesal for eit Presley-album, at RCA-sjefane innsåg problemet. «På den tida var sjølvsagt skaden alt skjedd», sa historikarane Connie Kirchberg og Marc Hendrickx. «Elvis vart sett på som ein vits av seriøse musikkelskarar og ein person som høyrte fortida til av alle utanom den mest lojale fansen.»[183]

1968–73: Comeback[endre | endre wikiteksten]

Elvis: '68 Comeback Special[endre | endre wikiteksten]

Familien Presley med den nyfødde Lisa Marie, februar 1968.

Det einaste barnet til Presley, Lisa Marie, vart fødd 1. februar 1968, i ein periode der han var blitt særs misnøgd med karrieren sin.[184] Av dei åtte singlane Presley gav ut mellom januar 1967 og mai 1968, gjekk berre to av dei inn på topp 40, og ingen av dei gjekk høgare enn 28. plassen.[185] Filmmusikkalbumet Speedway, nådde berre 82. plassen på Billboard-lista. Parker hadde alt ein plan om fokusere meir på fjernsyn, der Presley ikkje hadde vore sidan Sinatra Timex-showet i 1960. Han fekk i stand ein avtale med NBC, som gjekk med på å finansiere og sende ein julespesial.[186]

Spesialsendinga vart filma seint i juni i Burbank i California, og berre kalla Elvis vart det sendt den 3. desember 1968. Seinare har det fått namnet The '68 Comeback Special, og bestod av ein utførleg studioproduksjon i tillegg til songar framført med eit band føre eit lite publikum, den første konserten til Presley sidan 1961. For konsertframsyninga var Presley kledd i svart skinn, og song og spelte gitar i ein uhemma stil som minna om dei tidlege rock and roll-dagane. Bill Belew, som designa desse kleda, gav dei ein napoleonsk, ståande krage (Presley gjekk ofte med høge kragar fordi han meinte halsen hans såg for lang ut), eit design som seinare vart eit stort varemerke for Presley. Regissøren og medprodusenten Steve Binder hadde arbeidd hardt for å roe ned den nervøse songaren og produserte eit show som var langt frå den timen med julesongar som Parker opphavleg hadde planlagt.[187] Showet vart det mest sette programmet for NBC det året med 42% av alle amerikanske sjåarar.[188] Jon Landau i magasinet Eye sa «Det er noko magisk å sjå ein mann som har mista seg sjølv finne vegen heim att. Han song med ei kraft folk ikkje lenger ventar frå rock and roll-songarar. Han rørte kroppen med ein mangel på pretensjon og innsats som må ha gjort Jim Morrison grøn av misunning.»[189] Dave Marsh sa «ei framsyning med kjenslemessig stordom og historisk gjenklang.»[190]

I januar 1969 nådde singelen «If I Can Dream», skriven for fjernsynssendinga, 12. plassen. Albumet frå sendinga nådde topp 10. I følgje venen Jerry Schilling minna sendinga Presley på det «han ikkje hadde klart å gjere på fleire år, å velje folket; å velje songane sine sjølv og ikkje bli fortalt kva som skulle vere med i ein film. Han var fri frå fengselet.»[188] Binder sa om reaksjonen til Presley «Eg spelte Elvis fjernsynsprogrammet og han sa til meg 'Steve, det er det beste eg nokon gong har gjort i livet. Eg gjev deg ordet mitt på at aldri skal syngje ein song igjen eg ikkje trur på.»[188]

From Elvis In Memphis og The International[endre | endre wikiteksten]

Inspirert av opplevinga med fjernsynssendinga, drog Presley i American Sound Studio, og spelte inn det som vart From Elvis in Memphis. Albumet kom ut i juni 1969 og var det første albumet hans utan filmmusikk og med verdsleg songar på åtte år. Som skildra av Dave Marsh var det «eit meisterverk der Presley raskt fangar opp poptrendane som verka å ha passert han under filmåra. Han syng country, soul og rock med stor overtyding, ein makelaus bragd».[191]

Presley ønskte å spele fleire konsertar. Etter suksessen med The Comeback Special fekk han tilbod frå verda over. London Palladium tilbaud Parker 28 000 dollar for ei veke med konsertar. Han svarte, «Det er fint for meg, men kor mykje har du tenkt å tilby Elvis?»[192] I mai opna det heilt nye International Hotel i Las Vegas med det største konsertlokalet i byen, og annonserte at dei hadde hyrt inn Presley for 57 konsertar over fire veker frå og med 31. juli. Moore, Fontana og The Jordanaires avslo og var redde for å miste det lukrative studioarbeidet dei hadde i Nashville. Presley sette saman eit nytt band frå øvste hylle, leia av gitaristen James Burton og med to gospelgrupper, The Imperials og The Sweet Inspirations.[193] Likevel var han nervøs. Den einaste konserten han tidlegare hadde spelt i Las Vegas, i 1956, hadde gått særs dårleg, og han hadde verken gløymt eller tilgjeve den fiaskoen. For å sjå gjennom korleis han kunne førebu seg for konsertane, vitja Presley hotell og klubbar i Las Vegas, der han på Flamingo møtte Tom Jones, som hadde ein aggressiv stil som minna om han sjølv i 1950-åra. Dei to vart vener. Presley studerte alt karate på den tida og rekrutterte Bill Belew til å designe forskjellige gis-kostyme for han. Desse body-kleda vart «sceneuniformane» hans i seinare år. Parker, som ønskte å gjere tilbakekomsten til Presley den største showbiz-hendinga det året, styrte ein stor marknadsføringskampanje. Hotelleigaren Kirk Kerkorian sende sitt eige fly til New York for å fly inn rockejournalistar for debutkonserten.[194]

Presley gjekk på scenen utan introduksjon. Dei 2200 menneska i publikum, mellom andre mange kjendisar, gav han ståande applaus før han hadde sunge ein tone og igjen etter konserten var over. Ein tredje kom etter ekstranummeret, «Can't Help Falling in Love» (ein song som var avslutningsnummeret gjennom det meste av 1970-åra).[195] På ein pressekonferanse etter konserten, då ein ein journalist kalla han «The King», peika Presley mot Fats Domino, som var på scenen. «Nei», sa Presley, «han er den verkelege kongen av rock and roll.»[196] Dagen etter førte forhandlingane til Parker med hotellet til ein femårskontrakt der Presley skulle spele kvar februar og august for ei årleg løn på ein million dollar.[197] Newsweek skreiv «Det er fleire utrulege ting ved Elvis, men det mest fantastiske er at han framleis er på topp i ei verd der strålande karrierar forsvinn som stjernskot.»[198] Rolling Stone kalla Presley «overnaturleg, hans eigen oppstode»[199] I november kom den siste spelefilmen til Presley, Change of Habit. Dobbeltalbumet From Memphis To Vegas/From Vegas To Memphis kom ut same månaden. Den første plata bestod av konsertopptak frå The International og den andre fleire opptak frå American Sound-innspelinga. «Suspicious Minds» nådde toppen av listene og vart den første førsteplassen til Presley på sju år, og den siste.[200]

Cassandra Peterson, seinare Elvira på fjernsyn, møtte Presley i denne tida i Las Vegas, der ho arbeidde som ei showgirl. Ho hugsa møtet deira, «Han var så mot dop då eg møtte han. Eg nemnde for han at eg røykte marihuana, og han var rett og slett rysta. Han sa, 'Aldri gjer det igjen'.»[201] Presley var ikkje berre kraftig i mot fritidsdop, han drakk òg sjeldan alkohol. Fleire av familiemedlemmane hans hadde vore alkoholikarar, og det var noko han prøvde å unngå.[202]

Tilbake på turné og møte med Nixon[endre | endre wikiteksten]

Presley drog attende til The International tidleg i 1970 for den første av dei to periodane hans der det året, og spelte to show kvar kveld. Innspelingar frå desse showa vart gjevne ut som On Stage.[203] Seint i februar spelte Presley seks konsertar i Houston Astrodome for eit rekordstort publikum.[204] I april kom singelen «The Wonder of You» som gjekk til topps i Storbritannia og nådde toppen av adult contemporarylista i USA. MGM filma øvinga og konserten ved The International i august for dokumentarfilmen Elvis: That's the Way It Is. Presley spelte no i heildekkande drakt, som vart varemerket hans for resten av konsertkarrieren. På denne tida vart han truga med drap om det ikkje vart betalt 50 000 dollar. Presley hadde blitt utsett for mange trugslar sidan 1950-åra, ofte utan at han visste om det.[205] FBI tok trugselen alvorleg og tryggleiken vart auka for dei neste to konsertane. Presley gjekk på scenen med ein Derringer i høgre støvelen og ein .45-pistol i beltet, men ingenting skjedde under konserten.[206][207]

Albumet That's the Way It Is kom ut samstundes med dokumentaren og inneheld både studio- og konsertopptak, og markerte eit stilskifte. Som musikkhistorikaren John Robertson skreiv «Autoriteten i synginga til Presley var med å skjule at albumet var eit langt steg unna den amerikanske roots-inspirasjonen frå Memphis-innspelingane mot ein meir moderat MOR-stil. Country var blitt lite viktig, og soul og R&B forlet Memphis, og det som var att var ein særs eksklusiv, svært rein, kvit pop - perfekt for publikummet i Las Vegas, men definitivt eit steg ned for Elvis.»[208] Etter International-konsertane hans var over den 7. september, la Presley ut på ein vekeslang turné i Sør-USA, den første sidan 1958. Ein ny vekeslang turné på Vestkysten følgde i november.[209]

Presley møtte den amerikanske presidenten Richard Nixon i Det kvite huet den 21. desember 1970.

Den 21. desember 1970 fekk Presley i stand eit møte med presidenten Richard Nixon i Det kvite huset, der han uttrykkte patriotisme og forakta for hippiar, den aukande dopkulturen, og motkultur generelt.[210] Han spurte Nixon om eit Bureau of Narcotics and Dangerous Drugs-emblem, sidan han hadde byrja å samle liknande lekamar og for å syne at han støtta kampen mot dop. Nixon, som tilsynelatande fann møtet pinleg, uttrykte at han trudde Presley kunne sende positive meldingar til ungdomen og at det var derfor viktig at han «heldt truverde sitt». Presley sa til Nixon at The Beatles, som hadde songar han ofte framførte på denne tida,[211] var eit døme på det han såg på som ein trend innan anti-amerikanisme og dopmisbruk i popkulturen..[212] (Presley og venene hans hadde hatt eit langt møte med The Beatles fem år tidlegare.) Då Paul McCartney seinare høyrte om møtet sa han at han «følte seg litt svika» og sa: «Den store vitsen er at me tok [ulovlege] dop i lag og sjå kva som skjedde med han», ein referanse til dødsfallet til Presley som kom av misbruk av reseptpliktig medisin.[213]

U.S. Junior Chamber of Commerce kalla Presley ein av dei årlege «ti eineståande unge mennene i nasjonen» den 16. januar 1971.[214] Ikkje lenge etter vart ein del av Highway 51 South i Memphis, der Graceland ligg, kalla «Elvis Presley Boulevard». Same året vart Presley den første rock and roll-songaren som fekk Lifetime Achievement Award (då kalla Bing Crosby Award) av National Academy of Recording Arts and Sciences, Grammyprisorganisasjonen.[215] Tre nye studioalbum kom ut i 1971, like mange som hadde kome ut dei førre åtte åra. Kritikarane likte best Elvis Country, eit konseptalbum som fokuserte på countrystandarar.[216] Det bestseljande albumet var Elvis Sings the Wonderful World of Christmas, «den mest sanne meldinga nokon gong» i følgje Greil Marcus. «Midt mellom ti smerteleg fornemme julesongar, alle sungen med hjartelaus ærlegdom og audmjukskap, finn ein Elvis som skjørtejeger gjennom seks flammande minuttar av 'Merry Christmas Baby', ein ufin, gammal Charles Brown-blues.»[217] I følgje Guralnick, var «det einaste verkelege høgdepunktet» frå 1971-innspelingane «I Will Be True», «It's Still Here» og «I'll Take You Home Again, Kathleen», ein trio av songar som Presley spelte inn i eit sjeldan solosett, der han sat aleine ved pianoet etter at alle andre hadde gått heim: «Lengtande, vemodig, einsam, sakn - alt vart kommunisert med ein naken mangel på utsmykking som Elvis verka å ha vanskar med å syne i den formelle innspelingsprosessen.»[218]

Ekteskapsproblem og Aloha from Hawaii[endre | endre wikiteksten]

MGM filma Presley igjen i april 1972, denne gongen for Elvis on Tour, som vann Golden Globe for beste dokumentarfilm det året. Gospelalbumet hans He Touched Me kom ut den månaden og gav han ein ny Grammypris for beste inspirerande album. Han la så ut på ein turné på 14 konsertar, mellom anna fire utselde konsertar på rad i Madison Square Garden i New York, noko som då var uhøyrt.[219] Konserten den 10. juli vart spelt inn og gjeve ut på plate ei veke seinare. Elvis: As Recorded at Madison Square Garden vart eit av dei bestseljande albuma til Presley. Etter turneen kom singelen «Burning Love» og vart den siste singelen hans som nådde topp 10 på poplista i USA. «Den mest spanande singelen til Elvis sidan 'All Shook Up'», skreiv kritikaren Robert Christgau. «Kven elles kan få 'It's coming closer, the flames are now licking my body' til å høyrast ut som eit stemnemøte med bandet til James Brown[220]

Presley og kona hadde samstundes blitt fjernare frå kvarandre, og budde sjeldan i lag. I 1971 hadde han eit forhold til Joyce Bova og, utan at han visste om det, hadde ho blitt gravid og teke abort.[221] Han føreslo ofte at ho kunne flytte inn i Graceland og sa at han truleg kom til å forlate Priscilla.[222] Dei vart separarerte 23. februar 1972 etter at Priscilla avslørte forholdet sitt til Mike Stone, ein karateinstruktør Presley hadde tilrådd henne. Priscilla sa at do ho fortalte han dette skal Presley ha «teke tak i ho og tvunge ho i senga og sagt 'Slik elskar ein ekte mann med kvinna si'.»[223] Fem månader seinare flytta den nye kjærasten til Presley, Linda Thompson, ein låtskrivar og tidlegare venleiksdronning i Memphis, inn i lag med han.[224] Presley og kona søkte om skilsmisse 18. august.[225] I følgje Joe Moscheo i The Imperials var skilsmissen til Presley «eit slag han aldri kom seg frå».[226]

I januar 1973 spelte Presley to konsertar til inntekt for Kui Lee Cancer Fund i samband med ei banebrytande TV-sending, Aloha from Hawaii. Den første konserten fungerte som ei øving og reserve om det skulle bli tekniske problem under livesendinga to dagar seinare. Konserten skulle på lufta 14. januar og Aloha from Hawaii var den første globale livesendinga via satellitt, og nådde millionar av sjåarar live og med forseinking.[227][228][229] Kostymet til Presley vart det mest gjenkjennelege dømet på dei prangande kostyma hans, som han er blitt så kjend for. Bobbie Ann Mason sa «På slutten av showet, då han spreier ut den amerikanske ørnekappa, med fullt utstrekte ørnevenger på baksida, vart han ein gudeliknande person.»[230] Konserten kom ut på eit dobbeltalbum i februar og gjekk til topps på salslista. Det selde etterkvart over fem millionar eksemplar i USA.[231] Det vart det siste albumet til Presley som nådde toppen av poplista medan han levde.[232]

Under eit midnattshow same månaden storma fire menn på scenen i eit tilsynelatande åtak. Vaktene sprang til for å hjelpe Presley, og karateinstinkta til songaren tok over då han kasta ein av mennene av scenen på eiga hand. Etter konserten vart han besett av tanken på at mennene hadde blitt sendt av Mike Stone for å drepe han. Sjølv om det viste seg at dei berre var ekstra ivrig fans, var han rasande «Det er for mykje smerte i meg... Stone må dø.» Utbrota hans fortsette med ein sånn intensitet at legen hans ikkje klarte å roe han og skreiv ut store dosar med medisin. Etter to dagar med raseri følte venen og livvakta Red West seg nøydd til å få ein pris på ein drapskontrakt og vart letta då Presley sa «Faen heller, berre la det ligge for no. Det er kanskje å gå litt langt.»[233]

1973–77: Verre helse og død[endre | endre wikiteksten]

Helseproblem og siste studioinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Skilsmissa til Presley tredde i kraft 9. oktober 1973.[234] Han vart no meir og meir uvel. To gonger det året tok han overdose på sovemiddel og låg tre dagar i koma på hotellet sitt etter den første hendinga. Mot slutten av 1973 vart han lagt inn på sjukehus i delvis koma på grunn av Demerol-misbruk. I følgje legen hans, dr. George C. Nichopoulos «følte Presley at sidan han fekk medisinar frå ein lege, så var han ikkje ein dopmisbrukar».[235] Etter comebacket hadde han heldt fleire konsertar for kvart år som gjekk. I 1973 heldt han 168 konsertar, det travlaste året hans til då.[236] Trass i dårlegare helse, spelte han enno fleire konsertar i 1974.[237]

Presley fekk raskt dårlegare helse i september. Klaverspelaren Tony Brown hugsa då songaren kom til ein konsert ved University of Maryland: «Han fall ut av limousinen, ned på knea. Folk hoppa til, og han skubba dei bort og sa 'Ikkje hjelp meg'. Han gjekk på scenen og heldt fast i mikrofonen i tretti minutt som om det var ein stolpe. Alle såg på kvarandre og tenkte 'kjem denne turneen til å bli noko av?'»[238] Gitaristen John Wilkinson sa «Han var heilt tømt. Han var utydeleg. Han var så øydelagd. Det var tydeleg at han var neddopa. Det var opplagt at det var noko gale med kroppen hans. Det var så gale at ein berre så vidt kunne forstå kva han song. Eg hugsar eg gret. Han kom seg berre så vidt gjennom introduksjonane.»[239] Wilkinson sa at fleire konsertar seinare, i Detroit, «Eg såg på han i garderoben, slengt over ein stor, klarte ikkje å røre seg. Så eg tenkte ofte 'Sjef, kvifor avsluttar du ikkje berre denne turneen og tar eit år fri?' Eg nemnte noko forsiktig ein gong og han klappa meg på ryggen og sa 'Det kjem til å gå bra. Ikkje tenk på det'.»[239] Presley fortsette å spele utselde konsertar.

Den 13. juli 1976 sparka Vernon Presley, som hadde vore djupt involvert i pengesakene til sonen, «Memphis-mafia»-livvaktene Red West (venen til Presley sidan 1950-åra), Sonny West, og David Hebler, og sa at dei måtte «kutte ned på utgiftene».[240][241][242] Presley var i Palm Springs på den tida,[243] og somme har indikert at songaren var for feig til å sei opp dei tre livvaktene sjølv. Ein annan i krinsen rundt Presley, John O'Grady, hevda at livvaktene vart droppa fordi dei var for røffe med fansen og at dette skapte for mange søksmål.[244] Stebroren til Presley, David Stanley, har hevda at livvaktene fekk sparken fordi dei talte for fritt om dopmisbruket til Presley.[245]

RCA, som hadde nytt godt av musikken til Presley i over eit tiår, vart engsteleg over at Presley brukte mindre tid i studio. Etter at innspelinga i desember 1973 hadde produsert 18 songar, nesten nok til to album, hadde han ikkje vore i studio i 1974.[246] Parker selde RCA ei ny konsertplate, Elvis Recorded Live on Stage in Memphis.[247] Denne vart spelt inn 20. mars og inneheld ein versjon av «How Great Thou Art» som vann Presley den tredje og siste Grammyprisen sin.[248] (alle tre var for gospelinnspelingane). Presley gjekk i studio i Hollywood i mars 1975, men Parker klarte ikkje å få i stand fleire studioinnspelingar på slutten av året.[249] I 1976 sendte RCA eit mobilt studio til Graceland for ei mogeleg innspeling heime hos Presley.[250] Sjølv i denne komfortable omgjevnaden var innspelinga no ein kamp for han.[251]

I studioinnspelingar mellom juli 1974 og oktober 1976, spelte Presley i røynda inn heile innhaldet til seks album. Sjølv om han ikkje lenger dominerte poplistene, gjekk fem av desse albuma inn på topp fem på countrylista, og tre gjekk heilt til topps: Promised Land (1975), From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee (1976) og Moody Blue (1977).[252] Det same skjedde med singlane hans og det var ingen store pophittar, men Presley gjorde det godt i country- og adult contemporary-verda. Åtte studiosinglar frå denne perioden som kom ut medan han levde, nådde topp 10 på ei eller begge av desse listene, fire berre i 1974. «My Boy» gjekk til topps på adult contemporary-lista i 1975 og «Moody Blue» toppa countrylista og nådde andreplassen på adult contemporary-lista i 1976.[253] Den kanskje mest kritikarroste innspelinga hans i desse åra var det Greil Marcus skildra som hans «apokalyptiske åtak» på soul-klassikaren «Hurt».[254] «Om han kjende seg slik han høyrdest ut», skreiv Dave Marsh om framføringa til Presley, «er det ikkje det at han hadde eitt år igjen å leve som er utruleg, men at han klarte å overleve så lenge».[255]

Det siste året og dødsfallet[endre | endre wikiteksten]

Presley og Linda Thompson gjekk frå kvarandre i november 1976, og han fekk eg ein ny kjæraste, Ginger Alden.[256] Han fridde til Alden og gav ho ein trulovingsring to månader seinare, men fleire av venene hans hevda at han aldri hadde seriøse planar om å gifte seg på ny.[257] Journalisten Tony Scherman skreiv at tidleg i 1977 «hadde Presley blitt ein grotesk karikatur av den slanke, energiske og tidlegare utgåva av seg sjølv. Han var kraftig overvektig og neddopa av medisinane han tok kvar dag, og klarte så vidt å kome seg gjennom korte konsertar».[258] I Alexandria i Louisiana var songaren på scenen i mindre enn ein time og «var umogeleg å forstå».[259] Presley klarte ikkje å kome på scenen i Baton Rouge. Han kom seg ikkje ut av hotellsenga og resten av turneen vart avlyst.[259] Trass i at helsa stadig vart verre klarte han å gjennomføre dei fleste av dei planlagde konsertane. I Rapid City «var han så nervøs på scenen at han nesten ikkje klarte å snakke» i følgje Presley-historikaren Samuel Roy, og klarte ikkje å «røre noko særleg på seg».[260] Guralnick fortalte at fansen «byrja å uttrykke vonbrotet sitt stadig oftare, men det verka å gå rett forbi Elvis og verda hans verka no å dreie seg om rommet hans og spiritualisme-bøkene sine.»[261] Eit syskenbarn, Billy Smith, hugsa korleis Presley sat på rommet og snakka i timevis, og fortalte stundom opp att dei beste Monty Python-sketsjane han hadde sett og tidlegare opplevingar, men oftare snakka han om paranoide besettingar som minna Smith om Howard Hughes.[262] «Way Down», den siste singelen Presley gav ut medan han levde, kom ut 6. juni. På den neste turneen filma CBS to konsertar for eit fjernsynsprogram, Elvis in Concert, som skulle sendast i oktober. På den første av desse, i Omaha den 19. juni, var røysta til Presley i følgje Guralnick «nesten ikkje mogeleg å kjenne att, eit lite, barneliknande instrument der han snakka meir enn han song, og stundom var det ikkje mogeleg å høyre melodien. Han klarte verken å artikulere eller projisere.»[263] Han gjorde det betre den andre konserten, to dagar seinare i Rapid City: «Han såg betre ut, verka å ha gått ned litt i vekt, og høyrdest betre ut òg», men framsyninga var framleis «eit andlet ramma inn av eit blåsvart hår med sveitteperler som rann ned bleike, oppblåste kinn.»[264] Den siste konserten hans vart halden i Indianapolis i Market Square Arena den 26. juni.

Gravsteinen til Presley i Graceland.

Boka Elvis: What Happened?, som vart skriven av dei tre livvaktene som fekk sparken året før, kom ut 1. august.[265] Det var første gongen det kom detaljar om dei mange åra med Presley sitt dopmisbruk. Han var særs oppskaka av boka og prøvde å få ho stoppa ved tilby pengar til forleggjarane.[266] På denne tida hadde han fleire helseproblem: grøn stær, høgt blodtrykk, leverskade og forstørra tarm, alle forsterka - og mogeleg skapt - av dopmisbruket.[235] Genanalysar av ein hårprøve i 2014 fann bevis for genetiske variantar som kunne ha skapt desse problem og var utsett for hjarteproblem.[267][268]

Presley skulle fly frå Memphis kvelden 16. august 1977 for ein ny turné. Den ettermiddagen fann Ginger Alden han medvitslaus på baderomsgolvet. Ein klarte ikkje å få liv i han og han vart offisielt erklært død kl. 1530 på Baptist Memorial Hospital.[269]

President Jimmy Carter gav ut ei melding som sa at Presley «har permanent endra amerikansk popkultur».[270] Tusenvis av menneske samla seg utafor Graceland for å sjå den opne kista. Eit av syskenbarna til Presley, Billy Mann, tok i mot 18 000 dollar for å ta skjulte fotografi av liket. Biletet hamna på framsida av National Enquirer og vart det bestseljande nummeret deira nokon gong.[271] Alden fekk ein avtale verdt 105 000 dollar med Enquirer for historia si, men godtok mindre enn dette då ho braut eksklusivitetsavtalen.[272] Presley etterlet ho ikkje noko i testamentet sitt.[273]

Gravferda til Presley vart halde ved Graceland torsdag 18. august. Utafor portane køyrde ein bil inn i menneskegruppa som stod der, og tok livet av to kvinner, medan ei tredje vart hardt skadd.[274] Kring 80 000 menneske stod langs prosesjonsruta til Forest Hill Cemetery, der Presley vart gravlagd ved sidan av mora.[275] I løpet av få dagar toppa «Way Down» countrylista i USA og poplista i Storbritannia.[253][276]

Etter eit forsøk på å stele liket til songaren seint i august, vart både leivningane til Presley og mora flytta til Meditation Garden ved Graceland den 2. oktober.[272]

Etter han døydde var det mange som påstod å ha sett Presley, og det har lenge vore ein teori om at han forfalska dødsfallet sitt.[277][278] Fans har merka seg påståtte avvik i dødsattesten, rapportar om ei voksdukke i kista og fleire soger om at Presley planla ei avleiing slik at han kunne trekkje seg attende i fred.[279]

Etter 1977[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1977 og 1981 kom det ut seks posthume singlar av Presley som nådde topp ti på countrylista.[253] Graceland vart opna for ålmenta i 1982 og har over ein halv million vitjande kvart år, den nest mest vitja heimen i USA etter Det kvite huset.[280] Det vart erklært eit National Historic Landmark i 2006.[281]

Presley har blitt innlemma i fem æresgalleri: Rock and Roll Hall of Fame (1986), Country Music Hall of Fame (1998), Gospel Music Hall of Fame (2001), Rockabilly Hall of Fame (2007) og Memphis Music Hall of Fame (2012). I 1984 fekk han W.C. Handy Award frå Blues Foundation og Academy of Country Music sin første Golden Hat Award. I 1987 fekk han American Music Award sin ærespris.[282]

Ein Junkie XL-remix av Presley sin «A Little Less Conversation» (tilskriven «Elvis Vs JXL») vart nytta i ein reklamekampanje for Nike under VM i fotball i 2002. Han toppa salslistene i 20 land og var med på samleplata til Presley med alle førsteplassane hans, ELV1S, som òg vart ein internasjonal suksess. I 2003 toppa ein remix av «Rubberneckin'» frå 1969 dei amerikanske salslistene, og det same gjorde 50-årsjuileumsutgåva av «That's All Right» året etter.[283] Sistnemnde vart òg ein hit i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på poplista.

I 2005 vart tre singlar gjeve ut på ny, «Jailhouse Rock», «One Night»/«I Got Stung» og «It's Now or Never», og alle gjekk til topps i Storbritannia. I alt vart 17 Presley singlar gjeve ut på nytt det året og alle nådde topp fem i Storbritannia. For femte året på rad kåra Forbes Presley til den mest innbringande, avdøde kjendisen, med ei samla inntekt på 45 millionar dollar.[284] Han hamna på andreplassen på denne lista i 2006,[285] men var attende på toppen dei to neste åra,[286][287] og på fjerdeplassen i 2009.[288] Året etter vart han plassert på andreplassen og hadde det mest innbringande året nokon gong med 60 millionar dollar. Dette kom mellom anna av feiringa av det som hadde vore 75-årsdagen hans og lanseringa av Cirque du Soleil-showet Viva Elvis i Las Vegas.[289] I november 2010 kom Viva Elvis: The Album ut der stemma hans vart nytta på nyinnspelte instrumentalspor.[290][291]

Presley har rekorden for flest songar på topp 40 og topp 100 på Billboard-lista. Statistikaren Joel Whitburn har kalkulert talet 104 på topp 40 og 151 på topp 100;[292] medan Presley-historikaren Adam Victor gjev høvesvis 114 og 138.[293] Variasjonen i talet kjem av korleis ein analyserer dei doble singlane «Hound Dog/Don't Be Cruel» og «Don't/I Beg of You», som kom ut før Billboard byrja å telje doble singlar som ein enkel singel på topp 100-lista.[c] I følgje analysane til Whitburn deler Presley og Madonna rekorden for flest topp 10-hittar med 38;[294] men Billboard oppgjev sjølv at han ligg på andreplassen med 36.[295] Whitburn og Billboard er samde om at The Beatles har rekorden for flest nummer-ein-hittar med 20, og at Mariah Carey er på andreplassen med 18. Whitburn har òg 18 nummer-ein-singlar for Presley og dermed delt andreplass;[294] Billboard har han på tredjeplassen med 17.[296] Presley har rekorden for akkumulerte veker på førsteplassen, i alt 80, i følgje Whitburn og Rock and Roll Hall of Fame;[297][298] medan Billboard har han likt med Carey på 79.[299][300] Han har rekorden for flest nummer-ein-hittar i Storbritannia med 21, og topp 10-hittar med 76.[301][302] I Noreg hadde Presley ti singlar på toppen av VG-lista og eitt album, From Elvis In Memphis, medan Moody Blue er det albumet som låg lengst på lista med 36 veker. I alt hadde Presley 35 låtar og 27 album inne på VG-lista.«Elvis Presley». vg.no. Henta 27. september 2016. 

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Då Presley vart nasjonal kjendis i 1956 omforma han popmusikken og hadde ein enorm effekt på det større omfanget til popkulturen.[5] Som katalysator for den kulturelle revolusjonen som kom med rock and roll, var han ikkje berre sentral i å definere det som ein musikksjanger, men i å gjere det til ein prøvestein for ungdomskulturen og opprørsk haldning.[303] Det rasemessige blanda, kulturelle opphavet hans - ofte stadfesta av Presley sjølv - gjorde rock and roll til sentralt i å få den amerikanske kulturen til å akseptere og verdsetje svart kultur.[304] Om dette sa Little Richard om Presley «han var ein integrator. Elvis var ei velsigning. Dei let ikkje svart musikk gå gjennom. Han opna døra for svart musikk.»[305] Al Green var samd: «Han smelta isen for oss alle.»[306] Presidenten Jimmy Carter skreiv om ettermælet hans i 1977: «Musikken og personlegdomen hans, som blanda kvit country og svart rhythm and blues, endra permanent den amerikanske popkulturen. Han hadde enormt mange tilhengjarar, og var eit symbol for folk verda over på vitaliteten, opprørskheita og den gode stemninga i landet hans.»[270] Presley synte òg kor viktig massekommunikasjon var for kjendisar. 21 år gammal, mindre enn eitt år etter han først var å sjå på amerikansk fjernsyn, var han ein av dei mest kjende personane i verda.[307]

Presley si stjerne på Hollywood Walk of Fame ved 6777 Hollywood Blvd.

Namnet, biletet av og stemma til Presley er lett gjenkjenneleg verda over.[308] Han har inspirert ei rekkje Elvis-imitatorar.[309] I undersøkingar og rundspørringar vert han rekna som ein av dei viktigaste popartistane og viktigaste amerikanarane.[d] «Elvis Presley er den største kulturkrafta på 1900-talet», sa komponisten og dirigenten Leonard Bernstein. «Han introduserte rytmen til alt og han endra alt - musikk, språk, klede. Det var ein fullstendig ny samfunnsrevolusjon og 60-talet kom frå dette.»[317] Bob Dylan skildra kjensla då han første gongen høyrte Presley som «å bryte ut av eit fengsel».[306]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Det har kome enormt mange utgjevingar med Presley. I alt er det gjeve ut mellom 665[293] og 711 plater.[318] Karrieren hans byrja og var mest suksessrik i perioden då singlar var det viktigaste mediet for popmusikk. Når det gjeld albuma hans er det ofte uklåre linjer mellom «offisielle» studioalbum og andre albumformer. Gjennom det meste av 1960-åra gav han stort sett ut filmmusikk. I 1970-åra var dei mestseljande albuma hans ofte konsertalbum. Lista under tar berre med album og singlar som nådde toppen av listene i USA.

Nummer-ein-album[endre | endre wikiteksten]

År Album Type Plassering
US[319] US Country[320] UK[276][321]
1956 Elvis Presley studio 1 n.a. 1
Elvis studio 1 n.a. 3
1957 Loving You sound./studio 1 n.a. 1
Elvis' Christmas Album studio 1 n.a. 2
1960 Elvis Is Back! studio 2 n.a. 1
G.I. Blues filmmusikk 1 n.a. 1
1961 Something for Everybody studio 1 n.a. 2
Blue Hawaii filmmusikk 1 n.a. 1
1962 Pot Luck studio 4 n.a. 1
1964 Roustabout filmmusikk 1 12
1969 From Elvis in Memphis studio 13 2 1
1973 Aloha from Hawaii Via Satellite live 1 1 11
1974 Elvis: A Legendary Performer Volume 1 samlealbum 43 1 20
1975 Promised Land studio 47 1 21
1976 From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee studio 41 1 29
1977 Elvis' 40 Greatest samlealbum 1
Moody Blue studio/live 3 1 3
Elvis in Concert live 5 1 13
2002 ELV1S: 30 No. 1 Hits samlealbum 1 1 1
2007 Elvis the King samlealbum 1
2015 If I Can Dream samlealbum 21 1

Nummer-ein-singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US[294] US Country[322] UK[276][321]
1956 «I Forgot to Remember to Forget» (nyutgjeving) 1
«Heartbreak Hotel» 1 1 2
«I Want You, I Need You, I Love You» 1 1 14
«Don't Be Cruel» 1 1 2
«Hound Dog» 1 1 2
«Love Me Tender» 1 3 11
1957 «Too Much» 1 3 6
«All Shook Up» 1 1 1
«(Let Me Be Your) Teddy Bear» 1 1 3
«Jailhouse Rock» 1 1 1
1958 «Don't» 1 2 2
«Hard Headed Woman» 1 2 2
1959 «One Night»/«I Got Stung» 4/8 24/— 1
«A Fool Such as I»/«I Need Your Love Tonight» 2/4 1
«A Big Hunk o' Love» 1 4
1960 «Stuck on You» 1 27 3
«It's Now or Never» 1 1
«Are You Lonesome Tonight?» 1 22 1
1961 «Wooden Heart» 1
«Surrender» 1 1
«(Marie's the Name) His Latest Flame»/«Little Sister» 4/5 1
1962 «Can't Help Falling in Love»/«Rock-A-Hula Baby» 2/23 1
«Good Luck Charm» 1 1
«She's Not You» 5 1
«Return to Sender» 2 1
1963 «(You're The) Devil in Disguise» 3 1
1965 «Crying in the Chapel» 3 1
1969 «Suspicious Minds» 1 2
1970 «The Wonder of You» 9 37 1
1977 «Moody Blue» 31 1 6
«Way Down» 18 1 1
1981 «Guitar Man» (remix) 28 1 43
2002 «A Little Less Conversation» (JXL remix) 50 1
2005 «Jailhouse Rock» (nyutgjeving) 1
«One Night»/«I Got Stung» (nyutgjeving) 1
«It's Now or Never» (nyutgjeving) 1

Filmar[endre | endre wikiteksten]

TV-program

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Av dei 40 000 dollarane, gjekk 5 000 dollar til honorar som Sun skulda.[77]
  2. I 1956–57, vart Presley òg tilskriven som medlåtskrivar på fleire songar han ikkje hadde vore med å skrive: «Heartbreak Hotel»; «Don't Be Cruel»; alle dei fire songane frå den første filmen hans, inkludert tittelsporet «Love Me Tender»; «Paralyzed» og «All Shook Up».[80] (Parker klarte derimot ikkje å registrere Presley hos lisensfirma som ASCAP og/eller rivalen BMI, som etter kvart nekta Presley annuitet frå honorara til låtskrivarane.) Han vart oppført som låtskrivar på to andre songar som han faktisk medverka på: han kom med tittelen på «That's Someone You Never Forget» (1961), skriven av venen og skulekameraten Red West. Presley og West samarbeidde med ein annan ven, gitaristen Charlie Hodge, på «You'll Be Gone» (1962).[81]
  3. Whitburn følgjer faktisk Billboard-historia og reknar dei fire songane på «Don't Be Cruel/Hound Dog» og «Don't/I Beg of You» som eigne songar.
  4. VH1 rangerte Presley på åttandeplassen på lista si over dei 100 største rock and roll-artistane gjennom tidene i 1998.[310] BBC rangerte han på andreplassen på lista si «Voice of the Century» i 2001.[311] Rolling Stone plasserte han på tredjeplassen på lista «The Immortals: The Fifty Greatest Artists of All Time» i 2004.[312] CMT rangerte han på 15. plassen på lista over dei 40 største countryartistane i 2005.[313] Discovery Channel plasserte han på åttandeplassen på lista over dei største amerikanarane i 2005.[314] Variety sette han på topp 10 over 100 ikon på 1900-talet i 2005.[315] The Atlantic Monthly rangerte han på 66. plassen på lista si over dei 100 viktigaste personane i amerikansk historie i 2006.[316]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elvis Presley 1953–1955 : The Hillbilly Cat». Henta 16. september 2008. 
  2. Reaves 2002.
  3. Victor 2008, s. 438–39.
  4. Semon & Jorgensen 2001.
  5. 5,0 5,1 Collins 2002.
  6. Kyriazis, Stefan (January 8, 2015). «Elvis would be 80 today: Watch ten of his most sensational performances here». Daily Express. Henta 25. september 2016. 
  7. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 3.
  8. The Chase. Challenge TV. June 9, 2014. 
  9. Alexander, Paul (March 30, 2009). «Signs and Wonders: Why Pentecostalism Is the World's Fastest Growing Faith». John Wiley & Sons – via Google Books. 
  10. Conn, J. Stephen (March 1, 2006). «Growing Up Pentecostal». Xulon Press – via Google Books. 
  11. Milburn, Dan (January 13, 2015). «Stupid People Are Smarter Than You Think!». Lulu Press, Inc – via Google Books. 
  12. Dundy 2004, s. 60.
  13. Kamphoefner 2009, s. 33.
  14. Guralnick 1994, s. 12–14.
  15. Guralnick 1994, s. 15–16.
  16. Guralnick 1994, s. 17–18.
  17. Guralnick 1994, s. 19.
  18. Dundy 2004, s. 101.
  19. Guralnick 1994, s. 23.
  20. Guralnick 1994, s. 23–26.
  21. Guralnick 1994, s. 19–21.
  22. Dundy 2004, s. 95–96.
  23. Guralnick 1994, s. 32–33.
  24. Guralnick 1994, s. 36.
  25. Guralnick 1994, s. 35–38.
  26. Guralnick 1994, s. 40–41.
  27. Stanley & Coffey 1998, s. 20.
  28. Guralnick 1994, s. 43, 44, 49.
  29. Guralnick 1994, s. 44, 46, 51.
  30. Guralnick 1994, s. 52–53.
  31. 31,0 31,1 Guralnick 1994, s. 171.
  32. 32,0 32,1 Matthew-Walker 1979, s. 3.
  33. Guralnick 1994, s. 46–48, 358.
  34. Wadey 2004.
  35. Guralnick 1994, s. 47–48, 77–78.
  36. Guralnick 1994, s. 51.
  37. Guralnick 1994, s. 38–40.
  38. Guralnick 2004.
  39. Bertrand 2000, s. 205.
  40. Szatmary 1996, s. 35.
  41. Guralnick 1994, s. 54.
  42. Jorgensen 1998, s. 8.
  43. Gilliland 1969, show 7, spor 2.
  44. Guralnick 1994, s. 62–64.
  45. Guralnick 1994, s. 65.
  46. Guralnick 1994, s. 77.
  47. Cusic 1988, s. 10.
  48. Guralnick 1994, s. 80.
  49. Guralnick 1994, s. 83.
  50. Miller 2000, s. 72.
  51. Jorgensen 1998, s. 10–11.
  52. Guralnick 1994, s. 94–97.
  53. Ponce de Leon 2007, s. 43.
  54. 54,0 54,1 Gilliland 1969, show 7, track 2.
  55. Guralnick 1994, s. 100–01.
  56. Guralnick 1994, s. 102–04.
  57. Guralnick 1994, s. 105, 139.
  58. Guralnick 1994, s. 106, 108–11.
  59. 59,0 59,1 Guralnick 1994, s. 110.
  60. Guralnick 1994, s. 117–27, 131.
  61. Guralnick 1994, s. 119.
  62. Guralnick 1994, s. 128–30.
  63. Mason 2007, s. 37–38.
  64. Guralnick 1994, s. 127–28, 135–42.
  65. Burke & Griffin 2006, s. 61, 176.
  66. Guralnick 1994, s. 152, 156, 182.
  67. Guralnick 1994, s. 144, 159, 167–68.
  68. Nash 2003, s. 6–12.
  69. Guralnick 1994, s. 163.
  70. Bertrand 2000, s. 104.
  71. Hopkins 2007, s. 53.
  72. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 45.
  73. Jorgensen 1998, s. 29.
  74. Rogers 1982, s. 41.
  75. Guralnick 1994, s. 217–19.
  76. Jorgensen 1998, s. 31.
  77. 77,0 77,1 Stanley & Coffey 1998, s. 28–29.
  78. Escott 1998, s. 421.
  79. Jorgensen 1998, s. 36, 54.
  80. Jorgensen 1998, s. 35, 51, 57, 61, 75.
  81. Jorgensen 1998, s. 157–58, 166, 168.
  82. Stanley & Coffey 1998, s. 29.
  83. 83,0 83,1 83,2 Stanley & Coffey 1998, s. 30.
  84. Guralnick 1994, s. 235–36.
  85. Slaughter & Nixon 2004, s. 21.
  86. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 50, 54, 64.
  87. Hilburn 2005.
  88. Rodman 1996, s. 28.
  89. Guralnick 1994, s. 262–63.
  90. Guralnick 1994, s. 267.
  91. 91,0 91,1 91,2 91,3 91,4 Gilliland 1969, show 7, track 4.
  92. Guralnick 1994, s. 274.
  93. 93,0 93,1 Victor 2008, s. 315.
  94. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 72–73.
  95. Guralnick 1994, s. 273, 284.
  96. Fensch 2001, s. 14–18.
  97. 97,0 97,1 Burke & Griffin 2006, s. 52.
  98. Jorgensen 1998, s. 49.
  99. Gould 1956.
  100. 100,0 100,1 Guralnick & Jorgensen 1999, s. 73.
  101. 101,0 101,1 101,2 101,3 101,4 Marcus 2006.
  102. Marsh 1982, s. 100.
  103. Austen 2005, s. 13.
  104. Allen 1992, s. 270.
  105. Rock 'N Roll Stars 1956.
  106. Keogh 2004, s. 73.
  107. Jorgensen 1998, s. 51.
  108. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 80–81.
  109. Whitburn 1993, s. 5.
  110. Jorgensen 1998, s. 60–65.
  111. 111,0 111,1 Austen 2005, s. 16.
  112. Edgerton 2007, s. 187.
  113. Brown & Broeske 1997, s. 93.
  114. Guralnick 1994, s. 338.
  115. 115,0 115,1 Gibson 2005.
  116. 116,0 116,1 Victor 2008, s. 439.
  117. Jezer 1982, s. 281.
  118. Moore & Dickerson 1997, s. 175.
  119. Guralnick 1994, s. 343.
  120. Guralnick 1994, s. 335.
  121. 121,0 121,1 Marsh 1980, s. 395.
  122. Jorgensen 1998, s. 71.
  123. Palladino 1996, s. 131.
  124. Stanley & Coffey 1998, s. 37.
  125. Clayton & Heard 2003, s. 117–18.
  126. Keogh 2004, s. 90.
  127. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 95.
  128. Salisbury 1957, s. 4.
  129. Guralnick 1994, s. 395–97.
  130. Guralnick 1994, s. 388.
  131. Guralnick 1994, s. 406–08, 452.
  132. 132,0 132,1 Fox 1986, s. 178.
  133. 133,0 133,1 Fox 1986, s. 179.
  134. Guralnick 1994, s. 399–402, 428–30, 437–40.
  135. 135,0 135,1 Guralnick 1994, s. 400.
  136. Guralnick 1994, s. 430.
  137. Turner 2004, s. 104.
  138. Guralnick 1994, s. 437.
  139. Guralnick 1994, s. 431.
  140. Freierman 2008.
  141. Grein 2008.
  142. Guralnick 1994, s. 431–35.
  143. Guralnick 1994, s. 448–49.
  144. Colin Larkin (2011). The Encyclopedia of Popular Music. Omnibus Press. s. 2006. 
  145. Guralnick 1994, s. 461–74.
  146. Victor 2008, s. 27.
  147. Guralnick 1994, s. 466–67.
  148. Flynn, Keith. «Recording Sessions 1950s». Keith Flynn's Elvis Presley Pages. 
  149. Guralnick 1994, s. 474–80.
  150. Guralnick 1994, s. 13.
  151. Ponce de Leon 2007, s. 115.
  152. Guralnick 1999, s. 21.
  153. Guralnick 1999, s. 47, 49, 55, 60, 73.
  154. Clayton & Heard 2003, s. 160.
  155. Victor 2008, s. 415.
  156. Presley 1985, s. 40.
  157. Jorgensen 1998, s. 107.
  158. Gilliland 1969, show 8, track 2.
  159. Whitburn 2004, s. 501.
  160. Marcus 1982, s. 278.
  161. Slaughter & Nixon 2004, s. 54.
  162. Matthew-Walker 1979, s. 19.
  163. Slaughter & Nixon 2004, s. 57.
  164. Gilliland 1969, show 8, track 5.
  165. Marcus 1982, s. 279–80.
  166. Robertson 2004, s. 50.
  167. Guralnick 1999, s. 44, 62–63.
  168. Gordon 2005, s. 110, 114.
  169. Jorgensen 1998, s. 148.
  170. Robertson 2004, s. 52.
  171. Gordon 2005, s. 110, 119.
  172. Ponce de Leon 2007, s. 133.
  173. Caine 2005, s. 21.
  174. Fields 2007.
  175. Guralnick 1994, s. 449.
  176. Kirchberg & Hendrickx 1999, s. 67.
  177. Lisanti 2000, s. 19, 136.
  178. Jorgensen 1998, s. 201.
  179. Hopkins 2002, s. 32.
  180. Matthew-Walker 1979, s. 66.
  181. Marsh 2004, s. 650.
  182. Guralnick 1999, s. 261–63.
  183. Kirchberg & Hendrickx 1999, s. 73.
  184. Guralnick 1999, s. 171.
  185. Whitburn 2004, s. 502–03.
  186. Kubernick 2008, s. 4.
  187. Guralnick 1999, s. 293, 296.
  188. 188,0 188,1 188,2 Kubernick 2008, s. 26.
  189. Hopkins 2007, s. 215.
  190. Marsh 2004, s. 649.
  191. Marsh 1980, s. 396.
  192. Gordon 2005, s. 146.
  193. Jorgensen 1998, s. 283.
  194. Guralnick 1999, s. 346–47.
  195. Gordon 2005, s. 149–50.
  196. Cook 2004, s. 39.
  197. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 259, 262.
  198. Moyer 2002, s. 73.
  199. Jorgensen 1998, s. 287.
  200. Whitburn, Joel (2010). The Billboard Book of Top 40 Hits (9 utg.). Billboard Books. s. 520–21. ISBN 9780823085545. 
  201. Stein 1997.
  202. Mason 2007, s. 81.
  203. Stanley & Coffey 1998, s. 94.
  204. Stanley & Coffey 1998, s. 95.
  205. Hopkins 2007, s. 253.
  206. Hopkins 2007, s. 254.
  207. Stanley & Coffey 1998, s. 96.
  208. Robertson 2004, s. 70.
  209. Stanley & Coffey 1998, s. 99.
  210. Glen Jeansonne; David Luhrssen; Dan Sokolovic (2011). Elvis Presley, Reluctant Rebel: His Life and Our Times. ABC-CLIO. s. 172–. ISBN 978-0-313-35904-0. 
  211. Jorgensen 1998, s. 284, 286, 307–08, 313, 326, 338, 357–58.
  212. Guralnick 1999, s. 419–22.
  213. The Beatles 2000, s. 192.
  214. Jorgensen 1998, s. 321.
  215. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 299–300.
  216. Jorgensen 1998, s. 319.
  217. Marcus 1982, s. 284–85.
  218. Guralnick 1999, s. 438.
  219. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 308.
  220. Marcus 1982, s. 283.
  221. Williamson 2015, s. 253–254.
  222. Guralnick 1999, s. 451, 446, 453.
  223. Guralnick 1999, s. 456.
  224. Hopkins 2007, s. 291.
  225. Guralnick 1999, s. 474.
  226. Moscheo 2007, s. 132.
  227. Victor 2008, s. 10.
  228. Brown & Broeske 1997, s. 364.
  229. Guralnick 1999, s. 475.
  230. Mason 2007, s. 141.
  231. RIAA 2010.
  232. Gaar, Gillian G. (2010). Return of the King: Elvis Presley's Great Comeback. Jawbone Press. s. 175. 
  233. Guralnick 1999, s. 488–90.
  234. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 329.
  235. 235,0 235,1 Higginbotham 2002.
  236. Keogh 2004, s. 238.
  237. Guralnick 1999, s. 481, 487, 499, 504, 519–20.
  238. Guralnick 1999, s. 547.
  239. 239,0 239,1 Hopkins 1986, s. 136.
  240. Guralnick 1994, s. 50, 148.
  241. Guralnick 1999, s. 601–04.
  242. Stanley & Coffey 1998, s. 139.
  243. Presley var ofte i helgene i heimen sin i Palm Springs frå 1970 til 1977 og vert kalla Graceland West. Chapman University Huell Howser Archive. Elvis House (12005); November 8, 2010.
  244. Hopkins 2007, s. 354.
  245. Stanley & Coffey 1998, s. 140.
  246. Guralnick 1999, s. 560.
  247. Guralnick & Jorgensen 1999, s. 336.
  248. Jorgensen 1998, s. 381.
  249. Guralnick 1999, s. 584–85.
  250. Guralnick 1999, s. 593–95.
  251. Guralnick 1999, s. 595.
  252. Caulfield 2004, s. 24.
  253. 253,0 253,1 253,2 Whitburn 2006, s. 273.
  254. Marcus 1982, s. 284.
  255. Marsh 1989, s. 430.
  256. Victor 2008, s. 8, 526.
  257. Victor 2008, s. 8, 224, 325.
  258. Scherman 2006.
  259. 259,0 259,1 Guralnick 1999, s. 628.
  260. Roy 1985, s. 71.
  261. Guralnick 1999, s. 634.
  262. Guralnick 1999, s. 212, 642.
  263. Guralnick 1999, s. 638–39.
  264. Guralnick 1999, s. 638.
  265. Stanley & Coffey 1998, s. 148.
  266. Humphries 2003, s. 79.
  267. Malm, Sara (March 25, 2014). «Elvis Presley could have died from underlying heart condition». Daily Mail (London). Henta 27. september 2016. 
  268. «Dead Famous DNA – 4oD». Channel 4. March 26, 2014. Henta 27. september 2016. 
  269. Guralnick 1999, s. 645–48.
  270. 270,0 270,1 Woolley & Peters 1977.
  271. Hopkins 2007, s. 386.
  272. 272,0 272,1 Guralnick 1999, s. 660.
  273. Victor 2008, s. 581–82.
  274. Matthew-Walker 1979, s. 26.
  275. Pendergast & Pendergast 2000, s. 108.
  276. 276,0 276,1 276,2 Warwick et al. 2004, s. 860–66.
  277. Coady 2003, s. 197–209.
  278. Harrison 1992, s. 42, 157–160, 169.
  279. Harrison 1992, s. 159–160.
  280. Brown & Broeske 1997, s. 433.
  281. National Park Service 2010.
  282. Cook 2004, s. 33.
  283. Bronson 2004, s. 1.
  284. Goldman & Ewalt 2007.
  285. Rose 2006.
  286. Goldman & Paine 2007.
  287. Hoy 2008.
  288. Pomerantz et al. 2009.
  289. Rose et al. 2010.
  290. Baillie 2010.
  291. Bouchard 2010.
  292. Hilburn 2007.
  293. 293,0 293,1 Victor 2008, s. 438.
  294. 294,0 294,1 294,2 Whitburn 2004, s. 500–04.
  295. Billboard 2008.
  296. Moody 2008.
  297. Whitburn 2004, s. 830.
  298. RRHF 2010.
  299. Bronson 1998.
  300. Trust 2010.
  301. everyHit.com 2010a.
  302. everyHit.com 2010b.
  303. Sadie 1994, s. 638.
  304. Bertrand 2000, s. 94.
  305. Rodman 1996, s. 193.
  306. 306,0 306,1 Victor 2008, s. 356.
  307. Arnett 2006, s. 400.
  308. Doss 1999, s. 2.
  309. Lott 1997, s. 192.
  310. VH1 1998.
  311. BBC News 2001.
  312. Rolling Stone 2004.
  313. CMT 2005.
  314. Discovery Channel 2005.
  315. Variety.com 2005.
  316. The Atlantic Monthly 2006.
  317. Keogh 2004, s. 2.
  318. Feeney 2010.
  319. Whitburn 2007.
  320. Whitburn 2008.
  321. 321,0 321,1 everyHit.com 2009.
  322. Whitburn 2006, s. 271–73.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elvis Presley
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Elvis Presley