Elvis Recorded Live on Stage in Memphis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvis Recorded Live on Stage in Memphis
Konsertalbum av Elvis Presley
Utgjeve 7. juli 1974
Innspelt 20. mars 1974
Sjanger rock, gospel
Lengd 41:57
Selskap RCA Records
Elvis Presley-kronologi
Good Times
(1974)
Elvis Recorded Live on Stage in Memphis Having Fun with Elvis on Stage
(1974)


Elvis Recorded Live on Stage in Memphis er eit konsertalbum av Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records i juli 1974. Det vart spelt inn 20. mars same året i Mid-South Coliseum i Memphis i Tennessee, heimbyen til Presley. Omslaget syner eit biletet av heimen hans, Graceland. Albumet vart spelt inn same dagen som albumet Good Times kom ut. Elvis Recorded Live on Stage in Memphis var det femte konsertalbumet til Presley på mindre enn fem år, og det siste som kom ut medan han levde. Han fekk sin tredje Grammy for albumet med framføringa av «How Great Thou Art». Albumet selde til gullplate 15. juli 1999 i USA

I USA toppa Elvis Recorded Live on Stage in Memphis Billboard Country-lista og nådde topp 40 på Top LPs & Tape-lista (no kjend som Billboard 200). Det var det siste albumet til Presley som nådde topp 40 før Moody Blue i 1977. Sjølv om konsertalbumet ikkje selde så godt, fekk Presley ein Grammypris for framføringa av «How Great Thou Art», i klassen beste inspirasjonssong.

Opptaket av «Let Me Be There» frå dette albumet vart seinare gjeven ut for fylle opp det siste studioalbumet hans, Moody Blue. Denne vart òg gjeven ut på singel i 1974, med same songen på begge sider i mono og stereo.

I 2004 gav FTD Records ut Elvis Recorded Live on Stage in Memphis på ny med heile konserten og songar som ikkje kom med på den originale utgåva frå 1974.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Mojo (nyutgjeving 2014)4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
MusicHound1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Rough Guides3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original LP-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Follow That Dream-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

2014-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate 1[endre | endre wikiteksten]

Same som Follow That Dream frå 2004

Plate 2[endre | endre wikiteksten]

Ingen av songane tidlegare utgjeven
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. link
  2. Dellar, Fred (April 2014). «Elvis Presley Elvis Recorded Live on Stage in Memphis». Mojo. s. 107. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 150. ISBN 1-84353-417-7.