Elvis for Everyone! er det 23. albumet til Elvis Presley, og er eit samlealbum med innspelingar frå 1954 til 1964. Det vart gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3450, i august 1965. Albumet nådde 10. plassen til Top Pop Albums-lista.[2]
Ei planlagt innspeling seint i mai 1963 hadde mislukkast i å produsere eit femte studioalbum i 1960-åra, og innan 1965 hadde Presley utelukkande byrja å fokusere på filmkarrieren og filmmusikken sin.[3] Han hadde ikkje gjeve ut eit skikkeleg studioalbum sidan Pot Luck i juni 1962, men hadde gjeve ut sju singlar som ikkje var knytt til filmar. RA Victor fann opp konseptet med eit «Anniversary Album» for å feire at Presley hadde vore ti år på selskapet, noko som vart Elvis For Everyone.[4] Sidan mai 1963 hadde Presley berre hatt ei innspeling som ikkje var for filmmusikk, i januar 1964, som berre førte til tre songar, to av dei var alt gjevne ut som singlar. Då dei ikkje hadde nye songar sette RCA saman dette albumet med unytta songar frå heilt attende til Sun Records-tida, både frå innspelingar til filmar og vanlege innspelingar. Kanskje fordi albumet var sett saman av restar og tidlegare avviste songar, var dette det første Presley-albumet som selde færre enn 300 000 eksemplar i løpet av tiåret.[5]
Av songane på albumet var berre «Summer Kisses, Winter Tears», spelt inn for, men ikkje nytta i filmen Flaming Star, og hadde tidlegare vore gjeven ut på EP-plataElvis by Request. Fleire songar hadde vore med i filmar, men ikkje på plate tidlegare. «In My Way» vart nytta i filmen Wild in the Country i 1961, «Sound Advice» i 1962 i filmen Follow That Dream, og den tradisjonelle napolitanske balladen «Santa Lucia» i 1964 i filmen Viva Las Vegas. Dei andre åtte songane var ikkje tidlegare gjevne ut. På Sun-balladen «Tomorrow Night» vart det lagt til ekstra spor før det hamna på dette albumet. Den originale utgåva av songen vart først gjeven ut på samlealbumet The Complete Sun Sessions i 1987.[6]
RCA hadde panlagt å ta med den ikkje tidlegare utgjevne Sun Records-innspelinga «Tennessee Saturday Night», men trekte songen frå albumet og erstatta han med «Tomorrow Night».[7]
I 2014 vart Elvis for Everyone gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med to plater som inneheldt originalplata og fleire alternative opptak.[8]