Elżbieta Krzesińska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elzbieta Krzesinska)
Elżbieta Krzesińska


Elżbieta Krzesińska i 2008

Statsborgarskap Polen
Fødd 11. november 1934
Warszawa
Død

29. desember 2015 (81 år)
Warszawa

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Polish Sportspersonality of the Year, kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta

Elżbieta Maria Krzesińska (11. november 193429. desember 2015), fødd Elżbieta Duńska i Młociny i dagens Warszawa, var ein polsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i lengdehopping i 1956 og tok OL-sølv i same øvinga i 1960.

Krzesińska deltok i sommar-OL 1952 og vart nummer 12 i lengdehopp. To år seinare vann ho både lengdehopp og femkamp ved universiaden i Budapest, med ho tok bronsemedaljen i lengdehopp under EM i friidrett 1954 i Bern.

Den 20. august 1956 sette Krzesińska i Budapest verdsrekord i lengdehopp med 6,35 meter. Vel tre månader seinare vann ho i Melbourne den olympiske medaljen i øvinga med eit hopp som tangerte hennar eigen verdsrekord. I 1959 vann ho lengdetevlinga i universiaden i Torino, medan ho under sommarleikane 1960 måtte sjå seg slått av Vera Krepkina frå Sovjetunionen i kampen om gullmedaljen. Også i 1962 hadde ho einast ein sovjetisk utøvar framfor seg på resultatlista då lengdehopp vart avvikla under friidretts-EM i Beograd.

Mellom 1952 og 1963 vann Krzesińska sju nasjonale meistertitlar i lengdehopp, to i femkamp og ein på 80 meter hekk. Ho sette polske rekordar i alle desse tre øvingar, dessutan ein gong i høgdehopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]