Emanuel Lasker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emanuel Lasker


Statsborgarskap Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken
Fødd 24. desember 1868
Barlinek
Død

11. januar 1941 (72 år)
New York by

Idrett sjakk
Utmerkingar

world chess champion, Hall of Fame des deutschen Sports

Emanuel Lasker (24. desember 186811. januar 1941) var ein tysk og jødisk sjakkspelar og matematikar.

I 1894 blei han den andre verdsmeisteren i sjakk ved å slå Wilhelm Steinitz. Han blei deretter verande verdsmeister i sjakk i heile 27 år, lenger enn nokon annan verdsmeister gjennom tidene. Først i 1921 tapte han ein VM-kamp og dermed VM-tittelen til José Raúl Capablanca.

Lasker var fødd i Berlinchen i Brandenburg i Preussen i Tyskland, no Barlinek i Polen.

I 1933 blei Lasker og ektefellen Martha Kohn, som begge var jødar, tvungne til å forlate Tyskland på grunn av nazistane si maktovertaking. Dei drog til England, og etter eit seinare kort opphald i Sovjetunionen, busette dei seg i New York.

Emanuel Lasker døydde 11. januar 1941 i New York City i USA.

Spel[endre | endre wikiteksten]

Lasker sine VM-kampar[endre | endre wikiteksten]

1894 Steinitz-Lasker

VM-kampen i 1894 gjekk i New York, Philadelphia og Montreal. Reglane var førstemann til 10 sigrar. Kampen var ganske jamn i New York, 2 sigrar til kvar og 2 remisar i dei første 6 partia. Men i Philadelphia vann Lasker 5 parti på rad, og dette gav ei leiing som Steinitz ikkje kunne klare å ta igjen. Resten av VM-kampen i Montreal vart ganske jamn, med 3 sigrar til kvar, men då Lasker vann sin 10 siger i det 19. partiet var han blitt verdsmeister, med sluttresultatet +10 -5 =4.[1]

1896 Lasker-Steinitz

I 1896 fekk Steinitz omkamp i november 1896 i Moskva, også då var reglane førstemann til 10 sigrar. Denne kampen vann Lasker lett, med +10, -2, =5.[2]

1907 Lasker-Marshall

Det gjekk deretter mange år før Lasker forsvarte tittelen. Men i 1907 var utfordraren amerikanaren Frank Marshall, i ein tvikamp som vart spelt i New York, Philadelphia, Washington, Baltimore, Chicago og Memphis i USA. Reglane var førstemann til 8 sigrar. Sjølv om Marshall hadde hatt gode turneringsresultat, så hadde han ingen ting å stille opp med mot Lasker: 8 sigrar til Lasker, 7 remisar, ingen sigrar til Marshall, 11,5-3,5.[3]

1909 Lasker-Tarrasch

I 1908 aksepterte Lasker omsider utfordringa frå dr Siegbert Tarrasch, Tyskland. Tarrasch hadde framifrå resultat på 1890-talet, og var tippa som ein mogleg etterfølgjar til Steinitz som verdsmeister. Etter at Lasker vart verdsmeister i 1894 fekk Tarrasch ikkje sjansen til VM-kamp medan han enda var på sitt beste. I 1908 var han nok ikkje så sterk som tidlegare. VM-kampen gjekk i Düsseldorf og München, og var også denne gongen til 8 sigrar. Lasker vann dei 2 første partia, Tarrasch vann det tredje, men deretter vann Lasker dei to neste. Resten gjekk ikkje så særleg mykje betre for Tarrasch, allereie det 16. partiet var den 8. vinsten for Lasker. Tarrasch hadde i mellomtida vunne to parti til, dermed +8 -3 =5.[4]

1910 Lasker-Schlechter

I 1910 spelte Lasker VM-kamp mot Carl Schlechter i Wien og Berlin. Kampen gjekk berre over 10 parti, og etter 9 parti leia Schlechter med 5-4 etter vinst i det femte partiet, resten var blitt remis. I det 10. partiet fekk Schlechter opp ei god stilling, som han i alle fall lett kunne avvikla til ein sikker remis. Men han gav seg inn i ville komplikasjonar, og tapte. Dermed enda tvekampen 5-5, og Lasker hadde forsvart tittelen.

1910 Lasker-Janowsky

I 1910 fekk også den polske meisteren David Janowski prøve seg. Denne gongen var reglane førstemann til 8 sigrar. Kampen gjekk i Berlin, og vart rimeleg einsidig: Etter 11 parti hadde Lasker allereie vunne dei nødvendige 8 sigrane, Janowski klarte berre 3 remisar.

Det vart deretter ikkje fleire VM-kampar på lang tid, for ein stor del skuldast dette den første verdskrigen i tida 1914-1918.

1921 Lasker-Capablanca I mellomtida var det kome opp ein ny generasjon spelarar, der den klart fremste var José Raúl Capablanca frå Cuba. Lasker ville i 1920 eigenleg gje frå seg tittelen til Capablanca utan kamp, då han meinte at Capablanca var blitt den sterkaste spelaren i verda. Men Capablanca ville gjerne spele VM-kamp, og det gjekk Lasker med på, men insisterte på at Capablanca var verdsmeister og at han var utfordrar. Verdsmeisterskapen vart spela i Havana på Cuba, og etter 14 parti gav Lasker opp kampen. Då leia Capablanca med 4 sigrar og 10 remisar, ingen tap.[5]

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Lasker er mellom anna kjend for sin «psykologiske» spelemåte. Av og til valde han trekk som kanskje ikkje var dei objektivt beste, men som gav stillingar som var vanskelege for motstandaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]