Embers
| «Embers» Song av James Newman | ||
| Land | Storbritannia | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 11. mars 2021 | |
| Sjanger | Pop, elektropop | |
| Lengd | 02:55 | |
| Selskap | BMG | |
| Låtskrivar(ar) | James Newman, Conor Blake Manning, Danny Shah, Samuel Brennan, Tom Holling | |
|---|---|---|
| Produsent | Devin The Great, Pringle Dan | |
«Embers» (norsk 'glør') er ein britisk popsong frå 2021 med James Newman. Låten vart utgjeven 11. mars 2021 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på sisteplass utan poeng.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]Newman skreiv songen saman med den Grammy-nominerte låtskrivaren Conor Blake Manning, den platina-seljande songar-låtskrivaren Danny Shah og tekstforfattarane Samuel Brennan og Tom Holling. Dei to sistnemnde har skrive låtar som har passert over 250 millionar strøymingar dei siste 18 månadene før mars 2021.[1]
«Embers» vart produsert av musikkprodusentane «Devin The Great» og «Pringle Dan», medan dei svenske musikkarrangørane Mattias Bylund og Magnus Johansson stod bak brass-delen til songen.[1]
«Embers» er ein rask og positiv dansesong, ifølgje Newman. Tittelen tyder 'glør', og songen «handlar om gnisten mellom menneske som elskar kvarandre. Sjølv om du ikkje ser dei du er glad i heile tida, tyder det ikkje at gneista ikkje er der», sa Newman då songen vart lansert.[1]
«Embers» vart offentleggjord i ei morgonsending på BBC Radio 2 torsdag 11. mars 2021. Songen vart òg utgjeven for digital nedlasting og strøyming same dag.[2]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I 2019 samarbeidde Newmans plateselskap BMG med kringkastaren BBC om å finne ein passande låt og artist til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020. BMG foreslo James Newman, og etter ein liten tenkjepause sa han ja, fordi Eurovision Song Contest er ein «feiring av musikken».[3] Låten han skulle framføre, var «My Last Breath». Då Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, fekk Newman tilbod om å representere landet i 2021 i staden, noko han takka ja til.[2][4]
«Embers» var det britiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Som eitt av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai 2021.[1] Songen enda sist av 26 deltakarar. Låten fekk ingen poeng frå korkje juryane eller sjåarane, som det fyrste bidraget etter at det noverande poengsystemet vart innført i 2016. Dette var òg andre gong Storbritannia fekk null poeng i Eurovision Song Contest; fyrste gong var med gruppa Jemini i 2003.
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2021) | Høgaste
plassering |
|---|---|
| Belgia (Ultratip Flandern)[5] | 47 |
| Litauen (AGATA)[6] | 45 |
| Nederland (Single Top 100)[7] | 80 |
| Storbritannia (UK Singles Chart)[8] | 47 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[9] | 97 |
Utgjevingshistorikk
[endre | endre wikiteksten]| Region | Dato | Format | Merke | Ref. |
|---|---|---|---|---|
| Diverse | 11. mars 2021 | Digital nedlasting, strøyming | BMG | [10] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «James Newman turns up the heat with 'Embers'» (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.
- 1 2 «Eurovision 2021: James Newman Releases UK Entry "Embers"» (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.
- ↑ Holden, Steve (27. februar 2020). «The UK announces its Eurovision 2020 entry». BBC News (på engelsk).
- ↑ «James Newman will sing 'Embers' for the UK at Eurovision 2021!». British Broadcasting Corporation. 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.
- ↑ «James Newman - Embers - ultratop.be». Henta 5. september 2021.
- ↑ «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021.
- ↑ Hung, Steffen. «James Newman - Embers». Henta 5. september 2021.
- ↑ «JAMES NEWMAN | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 5. september 2021.
- ↑ «swedishcharts.com - James Newman - Embers». Henta 5. september 2021.
- ↑ «Embers - Single by James Newman» (på engelsk). Henta 11. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Embers» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2021.